Søk høgare kvote på TT-kortet
Gjeld for noverande og nye brukarar.
Dette gjeld dersom du er blitt avhengig av rullestol/spesialbil eller blitt blind/sterkt svaksynt.
For å bli registrert som sterkt svaksynt må du ha ein visus på 0,33 eller lågare på begge augo. Det må dokumenterast med legeerklæring og dokumentasjon frå augelege/spesialist som du kan laste opp som vedlegg i søknaden.
Slik søkjer du
Gå til sida for eDialog for å sende inn legeerklæringa digitalt. Du kan og sende inn søknad via post til:
Vestland fylkeskommune, avd. MOK
Askedalen 2
6863 Leikanger
Legeerklæringa må vere underteikna og stempla av lege.
Her finn du søknadsskjema for høgare kvote (pdf).
Kvoter for 2025
- Ordinær kvote: kr 5800
- Særskild kvote: kr 9860
- Blinde og rullestolbrukarar: kr 46 240 (kr 7 540 fylkeskommunal kvote, kr 38 700 statleg kvote)
- Elektrisk rullestolbrukarar: kr 48 560 (kr 9 860 fylkeskommunal kvote, kr 38 700 statleg kvote)
- I tillegg får brukarar som bur 20 km unna næraste servicesenter (post i butikk) kr 1 160 i tillegg.
Du får halvparten av kvota på kortet den 1. januar og halvparten den 1. juli. Ved godkjenning som brukar i løpet av året, vert kvoten rekna frå den dato ein får vedtak om godkjenning.