Forskrift for transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne i Vestland

§ 1. TT-ordninga

Transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne (TT-ordninga) er eit tilbod til innbyggjarar i Vestland som på grunn av varig sjukdom eller nedsett funksjonsevne ikkje kan nytta det ordinære kollektive rutetilbodet.
Transportordninga skal dekka fritidsreiser og andre reiser som ikkje er dekka av statlege eller kommunale ordningar.

§ 2. Vilkår for å verte godkjent som brukar

For å verte godkjent som brukar må søkjaren oppfylla desse vilkåra:
a) Søkjaren må som hovudregel ha sjukdom/nedsett funksjonsevne som varer i minst 2 år. I særskilde høve kan det gjevast godkjenning for ein kortare periode.
b) Søkjaren må på grunn av sjukdommen/nedsett funksjonsevna vere ute av stand til å nytta det ordinære kollektive rutetilbodet.
c) Søkjaren må vere minst 10 år. I særskilte høve kan yngre søkarar godkjennast.
d) Søkjaren må vere folkeregistrert eller busett i Vestland fylke.
Manglande rutetilbod vert ikkje vektlagt i søknaden. Som hovudregel vert heller ikkje vanskar med å bere varer, bagasje eller anna mellom heim og haldeplass, eller bratte bakkar/lang veg til haldeplass vektlagt.
I tvilstilfelle nyttar administrasjonen ei legenemnd som rådgjevande organ.

§ 3. Søknaden

Godkjenning som brukar finn stad etter søknad til Vestland fylkeskommune.

§ 4. Godkjenningsperiode

Brukarar får godkjenning for 2 år for mellombels sjukdom/nedsett funksjonsevne, eller når det er tvil om sjukdom/nedsett funksjonsevne er varig. I særskilde høve kan brukarar få godkjenning for eitt år.
Brukarar får godkjenning for 10 år for varig sjukdom/nedsett funksjonsevne. Brukarar med varig sjukdom/nedsett funksjonsevne som er utan utsikter til betring av tilstanden kan få livsvarig godkjenning.
Brukarar kan søkja om fornya godkjenning før godkjenningsperioden er over.

§ 5. Brukarkvotar

Brukarar vert tildelt grunnkvote som vert fastsett i det fylkeskommunale budsjettet kvart
år.
Brukarar som oppfyller særskilde krav får utvida brukarkvote:
a) Brukarar som er avhengig av manuell rullestol utandørs eller som er blinde/svaksynte med ein visus på 0,33 (6/18) eller lågare får tildelt 1.3 x grunnbeløpet. Blinde/svaksynte brukarar med ein visus på over 0,33 (6/18) kan innvilgast 1.3 x grunnbeløpet etter ei konkret vurdering av funksjonsnivået.
b) Brukarar som er avhengig av elektrisk rullestol utandørs og difor treng spesialbil i transporten får tildelt 1.7 x grunnbeløpet. Overbygde rullestolar, kraftige terrengrullestolar til utandørs bruk eller scooterar vert ikkje rekna som elektrisk rullestol.
c) Brukarar med særskilde behov kan få tildelt inntil 1.7 x grunnbeløpet.
d) Brukarar som bur meir enn 20 km frå næraste servicesenter får eit tillegg på 0.2 x grunnbeløpet.
Søkjar som disponerer bil innkjøpt med støtte frå NAV skal ikkje verte trekt av sin kvote til den fylkeskommunale TT-ordninga.
Brukarar får tildelt halv brukarkvote 1. januar og halv brukarkvote 1. juli. Fylkeskommunen følgjer kostnadsutviklinga gjennom året og tar atterhald om å kunne justere tildelinga i juli.

§ 6. TT-kortet

Brukarar får tildelt TT-kort frå kortleverandøren kostnadsfritt. TT-kortet er personleg og skal ikkje overlatast til andre.
Ved tap skal TT-kortet sperrast straks. Ved utferding av erstatningskort vert brukarkontoen trekt kr 140.

§ 7. Omfang av reiseretten

Reiseretten gjeld i heile Noreg.
For kvar tur må brukaren betala ein eigendel på kr 30. Den resterande turkostnaden kan betalast med TT-kortet. Brukaren kan ha med følgjepersonar.
TT-kortet kan berre nyttast til reiser med køyretøy som har taksameter eller godkjent alternativ kontrollutrustning.

§ 8. Endra forhold og brot på føresegna

Brukaren skal melda frå til fylkeskommunen om tilhøve som endrar føresetnaden for godkjenninga.
Godkjenninga kan kallast tilbake eller endrast dersom brukaren ikkje lenger oppfyller vilkåra i denne forskrifta, eller ikkje rettar seg etter regelverket. Ved eit tilbakekall kan brukaren også stengjast ute frå TT-ordninga i inntil 2 år.

§ 9. Verknadstidspunkt

Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2021. Frå same tid vert Retningslinjer for tilrettelagt transport i Sogn og Fjordane av 1. januar 2018, og forskrift om Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland av 1. juli 2018, oppheva.