Lokaltransport for ungdom (LTU)
Kommunane i fylket kan saman med ungdomsråda søkje om midlar til Lokale Transporttilbod for Ungdom (LTU). Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år.
Vestland fylkeskommune har sett av midlar i 2023 til ei betring av reisetilbodet for ungdom til og frå fritidsaktivitetar på ettermiddags- og kveldstid.
Vi inviterer kommunane og ungdomsråda i fylket til å komme med tilbod og søke om prosjektmidlar for å få dette i gang.
Det vanlege kollektivtilbodet er avgrensa på ettermiddagar og sein kveldstid. Det kan difor vere vanskeleg for ungdom å nytte det vanlege kollektivtilbodet til og frå fritidsaktivitetar.
Fylkeskommunen vil gjennom ordninga lokale transporttilbod for ungdom (LTU) legge til rette for eit betre tilbod, både i helgene og på kvardagane der det ikkje er eksisterande rutetilbod.
I tillegg til den reint praktiske og trivselsmessige sida, har tilbodet også ei tryggleiksside, der målet er å leggje til rette for trygge skysstilbod.
Kommunen sitt ansvar
Dette er kommunen sitt ansvar:
- sende søknad til fylkeskommunen
- vere mottakar av midlane
- innhente kostnadstilbod på transport
- fastsetje eigendel på reiser
- tinge reiser hos transportør (drosje eller busselskap)
- organisere skyssen
- informere og marknadsføre transporttilboda til potensielle reisande
- betale ut til transportør etter faktura
- send inn prosjektrapport til fylkeskommunen til gitt frist
Kriterium for tildeling
- Tiltaka skal vere tilpassa LTU sine mål og målgruppe.
- Reisene skal i hovudsak gå på ettermiddag og kveld på kvardagar. Reiser på andre tidspunkt må gjerast greie for.
- Reisene skal gå til/frå nærområda i kommunen. Hovudregelen er at reisene skal gå i Vestland, og helst til din tettstad. Søknad om støtte til reiser ut av fylket krev grunngjeving.
- Reisene skal vere tilpassa tiltaket og treng ikkje gå etter fast rutetrase eller til faste tider.
- Vi kan ikkje gi støtte til reiser som går i direkte konkurranse med eksisterande rutetilbod.
- Reisene skal vere opne for alle i målgruppa.
- Vi kan ikkje gi støtte til turar som inneber overnatting.