Kjenner du til lovbrot i drosjenæringa?

Vestland fylkeskommune vil gjerne bli tipsa om lovbrot i drosjenæringa.

Kjenner du til drosjar som køyrer utan løyve eller taksameter, manglar merking av løyvenummer på bilen eller andre lovbrot? Send oss ein e-post med tips. For å kunne identifisere drosjen bør vi få opplysningar om løyvenummer, løyvehaver eller registreringsnummer på bilen.

Tips som gjeld løyve for transport av funksjonshemma og ruteløyve er og av interesse.

Før du sendar inn tips om drosjer som ikkje tilfredsstillar krav om nullutslepp, ber vi deg sjekke om løyvehavar har fått dispensasjon frå miljøkrava. Det kan du gjere ved å søke opp løyvehavar på www.transportloyve.no 

Når du har skrevet inn organisasjonsnummeret eller løyvenummeret, vel knappen "søk". Trykk då på det talet som kommer opp under kategorien drosjeløyver (tal drosjeløyver som løyvehavar har). Der kjem det opp informasjon om det er innvilga dispensasjon frå miljøkrava.