Søk dispensasjon frå krav om taksameter, merking, taklykt og sentraltilknyting

Du kan søke om dispensasjon frå krav om taksameter, merking, taklykt og sentraltilknyting. Dette gjeld for føretak som driv med spesialtransport, som til dømes ved statsbesøk eller bryllup. Bilen må vere registrert som drosje hos Statens vegvesen.

Søknaden må innehalde:

  • Informasjon om føretaket og transportoppdraga.
  • Beskriving av kundegruppa (legg ved kopi av kontraktar).
  • Beskriving av ulemper med taksameter, merking og taklykt.
  • Informasjon om korleis transporten er organisert.
  • Informasjon om køyretøyet og løyvet det søkast om fritak for, samt ønska lengd på fritaket (maks 3 år).
  • Kopi av vognkort for køyretøyet det søkast fritak for.
  • Innvendig og utvendig bilete av køyretøyet det søkast fritak for.
  • Informasjon om føretaket har offentlege transportkontraktar.
  • Informasjon om geografisk område der transporten vert utført.

Småskala turistvirksomheit og "Inn på tunet"

Det kan vere andre særskilte tilfelle der det kan vere aktuelt å innvilge dispensasjon frå krav om taksameter, merking og taklykt. Det kan t.d. vere føretak som driv "Inn på tunet" eller småskala turistvirksomheit. 

Fylkeskommunen kan innvilge dispensasjon frå krav om sentraltilknyting til aktørar som kan kvalifisere til fritak frå krav om drosjeløyve, men som likevel ikkje har fått det innvilga.

Viktig informasjon

Samferdselsdepartementet har bestemt at dispensasjon ikkje skal innvilgast dersom føretaket tilbyr tenester som liknar drosjetenester. Fylkeskommunen skal sikre at dispensasjon ikkje skapar urettferdig konkurranse for dei som driv vanleg drosjeverksemd. Det vil si at eit føretak ikkje kan ha både drosjeløyve som driv i den ordinære drosjemarknaden og drosjeløyve som driv i VIP-segmentet. 

Dispensasjon kan bli innvilga for maks tre år av gongen, og gjeld berre i det fylket kor dispensasjonen er gitt. Ved transport over fylkesgrenser, må du søke fritak i kvart fylke du skal køyre i. Fylkeskommunen kan setje vilkår for dispensasjonen. 

Brev frå Samferdselsdepartmentet skildrar mellom anna kva kriteria som skal leggjast til grunn når fylkeskommunen skal behandle søknad om dispensasjon frå taksameter, merking og taklykt. Alle søknadar vert vurdert individuelt.

Krav til merking, taklykt og tilleggsutstyr mv. kan du lese meir om i yrkestransportforskrifta §48.