Søk fritak frå miljøkrava

Frå 1. april 2024 blei det innført miljøkrav til drosjenæringa i tidlegare Hordaland fylke. Frå 1. april 2026 blir dei same krava innførte i resten av fylket. Frå dei datoane må ein køyre med nullutsleppskøyretøy (el- eller hydrogenbil).

Fylkeskommunen kan likevel i "særskilte tilfelle" gjere unntak frå dette kravet, jf. yrkestransportforskrifta § 48 b andre ledd.  

Dersom det er spesielt utfordrande å gå over til nullutsleppskøyretøy, kan løyvehavar difor få innvilga dispensasjon frå kravet. Det må vere tilfelle som er utanom det ordinære, for eksempel at det ikkje finnes køyretøy i marknaden som tilfredsstiller løyvehavars behov: 

  • rullestolbilar har avgrensa rekkevidde, og for dei som har lang køyrelengde dagleg, kan det vere ein utfordring å gå over til nullutsleppskøyretøy med plass til rullestol.  
  • veteranbilar 
  • større/lengre limousinar 

Lista er ikkje uttømmande, men terskelen for å få unntak er høg. Vestland fylkeskommune kan også legge noko vekt på geografiske forhold og løyvehavars driftstal i ein samla vurdering opp mot tilgjengeleg køyretøy i marknaden. Vi har som praksis å berre godkjenne køyretøy som tilfredsstille kravet til Euro 6-motor, eller betre.

I søknaden må det opplysast

  1. løyvenummer og type bil ein søker dispensasjon for
  2. kopi av vognkort ELLER dokumentasjon på tilbod på bil 
  3. driftsinformasjon  
  4. kvifor det er tale om eit "særskilt tilfelle" 

Søknad med utfyllande informasjon sendast inn digitalt via søknadskjema på høgre side og skal signerast av dagleg leiar/transportleiar.

 Les meir her om krav om nullutslepp for alle drosjar i Vestland fylke.