Fagkompetansekrav til løyvehavar frå 1. juni 2023

Det nye kravet om fagkompetanse betyr at dei som søkjer om drosjeløyve må ta løyveeksamen hos Statens vegvesen.

Krav til fagkompetanse er oppfylt når du som søkjer om drosjeløyve har bestått løyveeksamen hos Statens vegvesen. Du som søkjer om drosjeløyve vil og ha tilfredsstillande fagkompetanse viss du: 

  • hadde drosjeløyve før 1. november 2020
  • oppfyller fagkompetansekrava for gods- eller turvognløyve
  • har fått godkjenning frå Statens vegvesen på vitnemål eller kompetansebevis utsteda av offentleg myndigheit i annan EØS-stat eller Sveits som bevis på tilsvarande kompetanse

Det er ein overgangstid på eit år for løyvehavar som har fått utsteda drosjeløyve etter 1. november 2020, men før krav om fagkompetanse trådde i kraft. Det betyr at desse løyvehavarne skal oppfylle krav om fagkompetanse innan 1. juni 2024.

Løyvemyndigheiten kan forlenge fristen for å oppfylle fagkompetansekravet med opptil 6 månader dersom kapasitetshensyn eller andre særlige hensyn tilseier det.

Meir informasjon og oppmelding til løyveeksamen finn du her.