Eigenerklæring om driftsvilkår for drosje

Før du startar drift av ditt drosjeløyve må du sende inn eigenerklæring om driftsvilkår, jf. yrkestransportforskrifta § 48c.

Du må sende inn: 

  • Stadfesting frå Justervesenet på at taksameter er montert i drosjen.
  • Kopi av vognkortet som visar registreringsnummer og at bilen er registeret som drosje i motorvognregisteret. 

Det er dagleg leiar som må logge inn i skjemaet for å finne dei aktuelle løyva det skal sendast inn eigenerklæring på. 

Løyvehavare som fekk tildelt løyve før 1. januar 2023 skal også levere slik dokumentasjon.