Årleg rapportering for løyvehavarar

Vestland fylkeskommune vil frå 2023 innføre årlege rapporteringskrav for løyvehavarar i Vestland fylke.

Informasjonen vil vi nytte til å få ein betre oversikt over drosjemarknaden i Vestland, slik at vi kan vurdere om det er naudsynt å setje i verk tiltak for å betre på eit utilfredsstillande transporttilbod. Statistikk frå marknaden vil også kunne publiserast på nettsidene våre, og vil verte nytta til å svare ut spørsmål frå politisk hald, presse, andre offentlege etatar og liknande.

Vestland fylkeskommune ber deg som løyvehavar om å rapportere informasjon om verksemda di til oss. Vi viser til at kvar løyvehavar har ei plikt til å svare på denne rapporteringsførespurnaden, jf. yrkestransportforskrifta § 21 kor det følgjer:

"Løyvehaveren skal gi de økonomiske og statistiske opplysninger Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen eller fylkeskommunen bestemmer og på den måten disse fastsetter."

Teiepliktige opplysningar vil ikkje verte utlevert utan samtykke, jf. offentleglova § 13 første ledd, jf. forvaltningslova § 13 første ledd.

Vi ber om at du rapporterer etterspurde opplysningar innan 1. mai 2023 ved å nytte skjema på denne sida.