Vestland vassregion

Vestland vassregion består hovudsakleg av Vestland fylke. Mindre areal av nabofylka inngår i vassregionen. Vestland fylkeskommune er vassregionstyresmakt og leiar arbeidet med å utarbeide vassforvaltningsplan for vassregionen. Vestland vassregionutval er styringsgruppe for arbeidet og er tilknytta regional referansegruppe.

Vestland vassregion 

Vassregionen består i hovudsak av Vestland fylke, men også mindre areal frå grenseområda til Møre og Romsdal, Innlandet, Vestfold og Telemark, Viken og Rogaland inngår. Vassregiongrensene følgjer vassdragsgrensene og ikkje dei administrative fylkesgrensene.   

Vestland fylke har eit areal på 33 868 km2, 43 kommunar og 630000 innbyggjarar. 

Vassregionstyresmakt 

Vestland fylkeskommune er vassregionstyresmakt for Vestland vassregion. Oppgåvene til vassregionstyresmakta (VRM) er definert i vassforskrifta. Dette inneber at; 

  1. Fylkestinget vedtek dei regionale planane etter ei tilråding frå vassregionutvalet (VRU)  
  2. Administrasjonen koordinerer og driv det daglege arbeidet og fremmer forslag for VRU for tilslutning av plandokument. 
     

Vestland vassregionutval 

Vassregionutvalet vert leia politisk av representantar frå fylkestinget. Noralv Distad er leiar for Vestland vassregionutval, Natalia Golis er nestleiar.

Vassregionutvalet er den viktigaste arenaen for regional samordning. Vassregionstyresmakta skal i samarbeid med vassregionutvalet utarbeide forslag til miljømål, utkast til forvaltningsplan og tiltaksprogram. Vassregionstyresmakta skal arbeide for at det vert oppnådd semje om utkast til vassforvaltningsplan og tiltaksprogram i vassregionutvalet. 

Verkemidlar til å gjennomføre miljøforbetrande tiltak i vassdrag, i fjordane og langs kysten er lagt til mange ulike offentlege etatar, både statlege, fylkeskommunale og kommunar. Desse er samla i vassregionutvalet. Representantar i Vestland vassregionutval er:  

  • Vassregionstyresmakta (leiar) 
  • Kommunar representert med leiar av vassområdeutvala (politisk representant) 
  • Statlege etatar (aktuelle etatar: Fylkesmenn, NVE, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Kystverket, Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Jernbandedirektoratet, Forsvarsbygg og ev. Direktoratet for mineralforvalting) 
  • Fylkeskommunar med areal i vassregionen  
  • Vassområdekoordinatorar

Vassområde

Vestland vassregion er delt inn i 9 vassområde.  

Alle vassområda er etablert med eit vassområdeutval og ein vassområdekoordinator. Vassområdeutvala vil framleis vere leia av ein kommune i vassområdet og ha ein viktig rolle i vassforvaltningsarbeidet. 

Referansegruppe 

Ein regional referansegruppe med representantar frå aktuelle rettshavarar, private og ålmenne brukarinteresser jf. vassforskrifta § 22 er oppretta. Gruppa vert halde informert om arbeidet i vassregionen og har høve til å koma med innspel til arbeidet.