Tilskot til plastrydding
Vestland fylkeskommune lyser i 2026 ut ein million kroner til plastrydding og til førebygging av unødig bruk av plast og spreiing av plast i Vestland.
Fylkeskommunen har vedteke ein plaststrategi (pdf) der målet er ein plastfri natur og eit plastfritt hav.
– Det er viktig for oss at pengane går til både fysisk rydding og til haldningsarbeid slik at det blir mindre å rydde i framtida. Vi ønskjer oss tiltak som engasjerer flest mogleg og som hjelper oss å nå målet i plaststrategien, som er ein plastfri natur og eit plastfritt hav i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Kven kan søke?
Ikkje-kommersielle, frivillige organisasjonar og stiftingar, som legg til rette for plastrydding kan søke tilskot i 2026. Dette betyr at t.d friluftsråda og andre større natur- og miljøorganisasjonar i fylket kan søke om midlar. Desse aktørane kan legge til rette for og bistå mindre aksjonar og tiltak.
Denne ordninga opnar ikkje for statsstøtte, og foretak kan difor ikkje søkje midlar. Med "foretak" meiner vi her ein aktør som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varer og/eller tenester i ein marknad.
Midlane kan nyttast det året dei blir delte ut og påfølgjande år. Utbetaling skjer etter søknad, når rapport er levert inn. Det er mogleg med ei delutbetaling undervegs basert på dokumenterte utgifter.
Søknadsfrist
18. mars 2026
Korleis søker du?
Søknadane skal sendast gjennom regionalforvaltning.no.
Vi prioriterer desse søknadane (tildelingskriterium)
- satsingar som mobiliserer fleire personar/aktørar til deltaking
- tiltak som høver saman med søkjar sine andre gjeremål slik at det kan bli synergieffekt
- tiltak i ein berekraftig organisasjon der ein kan lære av erfaringar og utvikle arbeidsområdet vidare
- tiltak som har kopling til Plaststrategi for Vestland (pdf)