Nominer nokon til klima- og miljøprisen i Vestland

Du kan nominere personar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innanfor klima- og miljøvernarbeid det siste året eller over tid. Fristen for å nominere kandidatar for prisen er 28. februar 2024. Prisen er på 70 000 kr.

barn resirkulerer
Foto: Eric Sadorge

Klima- og miljøprisen skal heidre einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder, som har utmerka seg innanfor klima- og miljøvernarbeid anten det siste året, eller som har vist god innsats over tid. Prisen skal femne breitt. Vestland fylkeskommune kan kvart år dele ut ein klima og miljøpris på 70 000 kr og tilhøyrande diplom.

Føremålet med prisen er å synleggjere og honorere det gode klima- og miljøarbeidet i fylket.

Vi ynskjer å løfte fram dei gode døma, dei som viser veg, dei som motiverer andre, dei som nyttar!

Klima- og miljøprisen kan gå til personar, verksemder, lag og organisasjonar som

  • høyrer heime i fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv klima- og miljøinnsats ut over det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Vi er særleg opptekne av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med ei klimaomstilling av Vestland og motivere til vidare innsats.

– Vi har mange gode døme på klima- og miljøtiltak, som viser att i stort og smått. Fellesnemnaren for vellukka klima- og miljøarbeid er haldningar og vilje til å ta grep. Vi ynskjer med klima- og miljøprisen å løfte fram dei gode døma, dei som viser veg og dei som motiverer andre, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Nominasjonsfristen for 2024 er 28. februar. Alle kan sende inn nominasjon gjennom digitalt skjema. 

Du kan også levere nominasjon via post til Vestland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen. Merk nominasjonen med «Nominasjon til klima- og miljøpris 2024 (2023/84922)».

Eit innstillingsutval utpeika av fylkesutvalet og ein representant utpeika av Vestland ungdomsutval, vurderer og innstiller kandidat(ar) til klima- og miljøprisen. Det er opp til utvalet om dei vil fremje eigne kandidatar eller velje mellom dei innkomne framlegga. Fylkesdirektøren ved klimakoordinatoren er sekretariat for nemnda.

Fylkesutvalet avgjer om prisen skal delast ut, og kven som skal få han, basert på innspel på kandidat(ar) frå innstillingsutvalet. Dersom klima- og miljøprisen vert delt ut til fleire personar, skal prissummen fordelast på mottakarane. Dersom prisen vert delt ut til ein person som blir heidra gjennom sitt arbeid i eit lag eller ein organisasjon, går premiesummen til organisasjonen. 

Tildelinga av klima- og miljøprisen vert offentleggjort når fylkesutvalet har gjort vedtaket sitt. Utdelinga skjer i samband med det første fylkestingsmøtet etter vedtaket er gjort. Grunngjevinga frå fylkesutvalet vert presentert av fylkesordføraren, som også står for sjølve utdelinga

Leiar: Nils Anders Nøttseter (MDG)

Medlem: Stian Davies (nestleiar, AP)  

Medlem: Tora Hodneland Kildehaug (H)

Medlem: Joachim Olsen-Reuter (representant valt av Vestland ungdomsutval)

Varamedlemmar:

Silvia Haugland (H)
Mathilde Nonås (Vestland ungdomsutval)