Klimatilpassing og klimarisiko

Klimaet vil endre seg, sjølv om vi reduserer utslepp frå drivhusgassar. Klimatilpassing betyr å planlegge og leggje til rette for tiltak som kan hindre eller redusere skade frå dei kommande klimautfordringane.

Klimatilpassing er førebyggjande tiltak som skal forberede menneske, samfunn og infrastruktur på kommande risiko og sårbarheit, og inneber at vi forstår konsekvensane av klimaendringane. Samtidig gir det oss høve til å utnytte eventuelle fordeler som endra klima og omstilling kan gje oss.  

Konsekvensar av venta nedbørs- og temperaturauke 

Å redusere klimagassutslepp er den beste måten å førebygge negative konsekvensar av klimaendringane. Likevel vil det vere behov for berekraftig klimatilpassing av samfunnet, fordi det er allereie nok drivhusgassar i atmosfæren til å skape endringar i klima. Det er venta ein gjennomsnittleg temperaturauke på 4 grader i Vestland i slutten av dette hundreåret (samanlikna med 1971–2000). Du kan lese meir om den venta temperaturauken på klimaservicesenter.no

Årsnedbøren er venta å auka med kring 15 prosent, og truleg får vi fleire episodar med kraftig nedbør. Konsekvensane blir fleire og større regnflaumar, jord-, flaum- og sørpeskred, og steinsprang. Samtidig aukar faren for stormflo, tørke om sommaren og snøskred. Vestlandet er den landsdelen som er mest råka av ekstremvêr, ifølgje Norsk Naturskadepool.  

Naturbaserte løysingar 

Det betyr at eksisterande bygg og infrastruktur og nye prosjekt og tiltak må ta høgde for forventa endringar i temperatur, nedbør og ekstremvêr. I utgangspunktet skal klimatilpassing skje gjennom naturbaserte løysingar, noko som inneber å ta utgangspunkt i naturlege prosessar og økosystem. Kommunar og andre tiltakshavere må grunngje kvifor dei eventuelt ikkje nyttar naturbaserte løysingar.  

Til dømes må vi leggje til rette for auka vassføring. Der kan tiltak vere å opne bekkar, reetablere kantvegetasjon langs vassløp, plante tre og restaurere eller bevare myr. Blågrøne strukturer som opne bekkar og grøntareal i byromma bidreg til å kjøle ned urbane område og hindre såkalla urbane varmeøyer. I tillegg kan dette ha gode gevinstar i form av auka trivsel, folkehelse og naturmangfald. Her er døme på naturbaserte løysingar som har blitt gjort i ulike kommunar. 

I dag har vi ein klimakrise, men vi har også ein naturkrise. Naturen er i naud på grunn av minskande naturmangfald. Det betyr at populasjonar av dyr og planter går ned, og mange er utrydningstrua. Naturen taper grunnleggjande økologiske prosessar, som er naudsynt for økosystemtenester og klimatilpassing.   

Hovudsakeleg er det måten menneske utnyttar areal på som truar dyr, planter, sopp og andre viktige organismar. Det er snakk om  

  • avskoging og gjengroing av skog og kulturlandskap 
  • bygging av infrastruktur 
  • oppdemming av elvar 
  • drenering av myr og vassområde  
  • oppdyrking av jord 

Kva er naudsynt? 

Det er klart at noko av dessa arealutnyttingane er naudsynt for oss, men det gjeld å sjå forskjell på kva vi treng, og kva vi ynskjer. Problema oppstår når vi brukar for mykje av ressursane, utover det som er naudsynt og berekraftig.  

Det er her vi er no. Sidan 1970-talet har vi eksponentielt auka matproduksjonen, fiske, fangst, avverking av skog og andre uttak av naturressursar som mineral og metall. Desse inngrepa og anna menneskeleg aktivitet fører til at fleire og fleire arter blir trua. Allereie er mange artar utrydda. 

Vi må finne heilskaplege løysingar  

Klimakrisa og naturkrisa heng saman. Dei påverkar kvarandre og kan heller ikkje løysast isolert frå kvarandre. Å bremse klimaendringane er avgjerande for å bevare naturmangfaldet, fordi mange arter og økosystem er svært sensitive for klimaendringar. Likeins vil bevaring av naturmangfaldet og viktige økologiske prosesser kunne ta opp og lagre meir karbon, noko som er essensielt for å redusere skader og tilpasse oss til et nytt klima.  

Derfor må vi sjå samanhengane og finne løysingar som omhandlar begge i heilskap. Naturbaserte løysingar er ein måte å løyse fleire problem på ein gong. Dei kan også ha effektar for andre utfordringar, som folkehelse og grøn vekst. 

Vi må forstå kva klimarisiko inneber for å omstille samfunnet og tilpasse oss eit framtidig klima. 

Klimarisiko beskriver dei utfordringane vi møter i eit endra klima. Konsekvensane er påverka av dagens avgjersler, og vi har no handlingsrom til avgrense risikoen. Det er fem typar risiko som er relevante for kommunar og næringsliv: 

  • Fysisk risiko: Direkte effektar og konsekvensar av klimaendringane, som ekstremvêr, flaum og ras.  
  • Ansvarsrisiko: Den økonomiske erstatninga som blir gitt til skadelidde etter klimarelaterte hendingar.  
  • Omstillingsrisiko: auka kostnadar til kommunale investeringar om ikkje omstilling til eit klimatilpassa lågutsleppssamfunn blir tatt omsyn til i kommunal planlegging. Det omfattar også næringslivet, ettersom endringar i regulering, teknologi og brukaråtferd kan gjere at næringar mister konkurransekrafta om dei ikkje klarer å omstille seg.  
  • Gjennomføringsrisiko: Det at kommunen som organisasjon ikkje klarer å realisere vedteke mål og strategiar knytt til klimaomstilling. Det kan til dømes vere grunna lite tilslutning hos innbyggjarar og næringsliv.  
  • Grenseoverskridande risiko: lokale konsekvensar av klimaforandringar som skjer i andre område eller land.  

Lokale klimaframskrivingar er sentralt  

Tidleg i den kommunale planleggingsprosessen bør kommunen vurdere desse. Kva utfordringar for klimarisiko må kommunen førebu seg på? I denne prosessen er relevant forkunnskap naudsynt. Til dømes bør kommunen leggje lokale klimaframskrivingar til grunn, men dei bør også vurdere korleis samfunn, næring og behov vil forandre seg i framtida. 

Vi kan gjette, men ikkje vite kva som vil skje i framtida. Derfor handlar mykje av klimatilpassingsarbeidet om å skape eit heilskapleg og fleksibelt samfunn.  

Den norske stats kommunalbank har i samarbeid med Cicero utarbeida ein rapport om klima, risiko og berekraftig utvikling i norske kommunar. Du kan lese rapporten her.