Kva er modulstrukturert opplæring
Modulstrukturert opplæring inneber at opplæringa er delt opp i mindre, sjølvstendige modular.
Kvar modul fokuserer på spesifikke kompetansar og ferdigheiter som er nødvendige, for å bli ein kvalifisert fagarbeidar. Det gir deltakarane høve til å tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i eit tempo som passar dei.
Vaksne som startar eit modulstrukturert opplæringsløp, skal kartleggjast og plasserast inn på rett nivå. Dei skal ikkje gjennomføre meir opplæring enn det som er nødvendig for å oppnå sluttkompetansen dei ønskjer.
Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring, har rett til å få vurdert og dokumentert realkompetansen sin. Gjennom realkompetansevurdering, kan ein finne ut om kompetansen den vaksne viser, er likeverdig med kompetansen i fagopplæringa. Ei realkompetansevurdering skal danne grunnlaget for kva slags opplæringsløp den enkelte skal ha.
Kvar deltakar vil få eigen opplæringsplan.
Modulstrukturert opplæring legg opp til at mesteparten av opplæringa skal skje i bedrift. Vg1 og vg2 kompetansemål frå læreplan i det enkelte lærefaget - modulstrukturert opplæring for vaksne, kan fortrinnsvis givast som opplæring i skule, vg3 kompetansemål i bedrift. Lokale tilpassingar vil vere nødvendig.