Fagbrev på jobb
Fagbrev på jobb er ei alternativ opplæringsordning for vaksne arbeidstakarar med allsidig erfaring i eit lærefag, og som ønskjer å ta fagbrev i dette faget. Kandidaten må vere fast tilsett i ei bedrift, og bedrifta må vere godkjend som lærebedrift i det aktuelle lærefaget.
Om ordninga Fagbrev på jobb
Hovudutvalet for opplæring og kompetanse behandla saka om Fagbrev på jobb i møtet 20.11.2024. Les om vedtaket.
Det er lærebedrifta som søkjer om fagbrev på jobb-kontrakt på vegne av kandidaten, og i denne søknadsrunden vil det vere moglegheit for å søkje inn kandidatar i alle lærefag. Vi gjer likevel merksam på at tildelinga innan eitt og same utdanningsprogram ikkje vil kunne overstige 35 prosent av den totale tildelinga. Tildelinga vil også vere avhengig av behov, region og tal på søkjarar. I Vestland fylkeskommune er det krav om minst to år med relevant arbeidserfaring for å kunne gå inn under opplæringsordninga.
Feil ved utfylling av skjema
Vi har fått nokre førespurnadar om søknadar er sende inn og mottatt fylkeskommunen. I samband med det ser vi at ikkje alle fullfører heile søknad- og signeringsprosessen, og då blir ikkje søknad registrert.
Det er viktig at den som logger seg inn i skjemaet (signatar 1) gjennomfører heile søknadsprosessen. Den som logger seg inn i skjemaet må først klikke "til signering" og deretter klikke "signer dokument" i neste bilde (blå knapp nederst i bildet). Etter dette vil kandidaten (signatar 2) motta signeringsoppdrag og få moglegheit til å signere.
Formelle krav hos kandidat for å inngå i fagbrev på jobb-ordninga
Kandidaten må:
- ha minst to års arbeidserfaring i full stilling i det aktuelle lærefaget. Ei 80 prosent stilling kan godkjennast som fulltidsstilling. For kandidatar som ikkje har hatt stilling i 100 prosent, må ein rekne praksisen om til prosent av ei full stilling. Praksiserfaring i lågare stillingsprosent vil føre til at tal på relevante praksisår blir reduserte. Opplæringstida på fagbrev på jobb-kontrakten blir då også lengre.
- vere tilsett i minst 50 prosent i lærebedrifta som søkjer på vegne av kandidaten. Ein må dokumentere gyldig og oppdatert arbeidsavtale i faget som dekkjer heile opplæringstida.
- ha fullført grunnskuleopplæring eller vere realkompetansevurdert til å ha bestått grunnskuleopplæring.
- snakke og skrive norsk på linje med andre lærlingar og faglærde i faget.
Har kandidaten meir enn 48 månadar med relevant praksis, skal kandidaten som hovudregel ta fagbrev gjennom praksiskandidatordninga (https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/voksen/fagbrev-som-praksiskandidat/).
Er det likevel slik at lærebedrifta ser eit særskilt behov for å teikne fagbrev på jobb-kontrakt med ein kandidat, må de leggje ved ein eigen søknad og grunngjeving for dette. Då brukar de skjemaet «Søknad om fagbrev på jobb-kontrakt for kandidat med lang praksis», som de finn lengre nede på nettsida. Skjemaet skal de sende inn som vedlegg.
Lengde på kontrakt og total opplæringstid
Det samla kravet til praksis og opplæring tar utgangspunkt i lærefaget si totale opplæringstid. For dei fleste fag er dette 48 månadar (2 år på skule + 2 år opplæring i bedrift). Relevant praksis og vidaregåande skulegang gir grunnlag for godskriving på fagbrev på jobb-kontrakten og kortare læretid. Det er ikkje mogleg å teikne fagbrev på jobb-kontrakt med mindre enn 12 månadar opplæringstid.
På bakgrunn av tidlegare arbeidserfaring i faget skal lærebedrifta gjere ei vurdering av kandidaten sin kompetanse og resterande læretid på kontrakten. Fagleg leiar i lærebedrifta skal signere på skjemaet «Tilråding vedrørande kandidaten sitt opplæringsbehov og tid for å gjennomføre opplæringa», og her foreslå resterande lengde på opplæringstid. Skjemaet finn de lengre nede på nettsida. Lærebedrifta skal gjere ei individuell vurdering av opplæringstida til den einskilde kandidat. Fylkeskommunen skal godkjenne den tilrådde praksisen, og gjere vedtak om opplæringstid på kontrakten.
Søknadsprosess for fagbrev på jobb
Slik går lærebedrifta fram om de har aktuell kandidat for fagbrev på jobb-ordninga:
- Arbeidsgjevar og kandidat er begge einige om fagbrev på jobb
Arbeidsgjevar og kandidat må vere einige om at opplæringsordninga er aktuell for begge partar. Dette stadfestar de gjennom at begge signerer den elektroniske søknaden ved innsending med MinID. Godkjend fagleg leiar i lærefaget eller tilsett i opplæringskontoret logger seg inn i søknadsskjemaet med sin personlege Bank-ID. - Fyll ut og send inn elektronisk søknad til fylkeskommunen
Lærebedrift sender elektronisk søknad til fylkeskommunen. Lærebedrifta må sende inn ein personleg søknad for kvar kandidat. Søknad skal signerast av både kandidat og godkjend fagleg leiar.
I søknad skal følgjande dokument leggjast ved:
- Gyldig og oppdatert arbeidsavtale som viser korrekt startdato og stillingsprosent for arbeidsforhold.
- Dokumentasjon på tidlegare relevant praksis i lærefaget. Dette må vere kopi av attestar frå arbeidsgjevar(ar) som seier noko om innhald i arbeidet og stillingsprosent. Sjå krav til innhald i attest: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/voksen/fagbrev-som-praksiskandidat/
- Skjemaet «Tilråding vedrørande kandidaten sitt opplæringsbehov og tid for å gjennomføre opplæringa». Dette skal innehalde generell beskriving av arbeid og aktuelle kompetansemål, samt tilrådd opplæringstid på kontrakt.
- Dokumentasjon på vidaregåande skulegang viss denne ikkje er gjennomført i Vestland.
- Skjemaet «Søknad om fagbrev på jobb-kontrakt for kandidat med lang praksis» i særskilte tilfelle.
Krav til lærebedrifta
Bedrifta må vere godkjend lærebedrift. Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for å godkjenne lærebedrifter. Les meir om korleis du blir godkjend lærebedrift.
Lærebedrifta får tilskot for kandidaten med fagbrev på jobb-kontrakt. Satsen er den same som for vaksne lærlingar (basis II tilskot). Sjå satsar hos Utdanningsdirektoratet. Kandidat som har teikna fagbrev på jobb-kontrakt får behalde vanleg løn frå arbeidsgjevar.
Sluttar kandidaten, er bedrifta pliktig til å gi fylkeskommunen beskjed om dette. Då skal fagbrev på jobb-kontrakt hevast på lik linje som med lærlingar/lærekandidatar. Bedrifta skal bruke skjema for heving av lærekontrakt.
Innhald i opplæringa
Opplæringa skal ta utgangspunkt i den ordinære læreplanen for Vg3 i lærefaget. Aktuell læreplan finn de på Utdanningsdirektoratet sine heimesider (Læreplanverket (udir.no). Lærebedrifta skal gi kandidaten opplæring på lik linje med den opplæringa som andre lærlingar i faget får.
Før oppmelding til fagprøve må kandidaten ha bestått ein sentralgitt skriftleg eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. I nokre lærefag er det krav om fleire beståtte eksamenar før oppmelding til fagprøve (https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/privatist/meld-deg-til-privatisteksamen/).
Skjema
Tilråding vedrørande kandidaten sitt opplæringsbehov og tid for å gjennomføre opplæringa (.docx)
Tilråding vedrørande kandidaten sitt opplæringsbehov og tid for å gjennomføre opplæringa (.pdf)
Søknad om fagbrev på jobb-kontrakt for kandidat med lang praksis (.docx)
Søknad om fagbrev på jobb-kontrakt for kandidat med lang praksis (.pdf)