REA3038 - fysikk 1
Øvingar knytt til kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
- planlegge og gjennomføre forsøk, analysere data og trekke konklusjonar
- vurdere, bruke og lage modeller til å beskrive og føreseie fysiske fenomen
Dei to kompetanseåla over er aktuelle i alle øvingar i teksten under.
utforske, analysere og beskrive rettlinja rørsle.
- Gjere enkle forsøk med rørsle og beskrive rørsla grafisk eller med punktmålingar.
Eks: Rørsle på skråplan, bestemme tyngdeakselerasjonen (ved fall)
forstå samanhengar mellom krefter, rørsle og energi, og bruke dei til å gjere berekningar.
- Gjere enkle forsøk med måling av krefter på klossar, vogner eller vekter. Både statisk og dynamisk. Eks: Måling av friksjonstal eller Newtons andre lov på dynamikkbane.
bruke numeriske metodar og programmering til å modellere og utforske rørsle i situasjonar der akselerasjonen ikkje er konstant.
- Eks: fall med luftmotstand
forstå og gjere greie for konsekvensar av at rørslemengde og energi er bevart, og bruke dette i berekningar.
- Gjere enkle forsøk og bruke teori til å føreseie resultat av ulike situasjonar knytt til bevaring av rørslemengd og energi. Eks: energibevaring med pendel, bevaring av rørslemengd i støyt og eksplosjonar.
utforske korleis energi kan gå frå ei form til ei i slike overgangar. anna, og vurdere energikvalitet og verknadsgrad
- Gjere enkle forsøk der vi har ein energiovergang. Eks: kloss på skråplan, sykkelpumpe, adiabatisk fyrtøy, varmepumpe
gjere greie for samanhengane mellom ladning, spenning og effektomsetning i elektriske kretsar
- Kople opp enkle elektriske kretsar med lyspære og motstandar som er kopla i parallell eller serie, føreseie resultat og gjere nødvendige målingar for å bekrefte teori.
forstå omgrepet temperatur og forklare korleis tilført varme til eit system fører til temperaturendring i dette systemet.
- Gjere enkle forsøk som gir smelte -, størkning - eller oppvarmingskurver og forklare resultatet. utforske, samanlikne og beskrive stråling frå lekamar med ulik temperatur og overflate. Gjere enkle forsøk med oppvarming og bruke strålingslovene til å forklare resultatet.
bruke modellar av strålingsbalansen til jorda til å gjere berekningar, og vurdere korleis endringar på jordoverflata og i atmosfæren påverkar denne balansen.
- Gjere enkle forsøk med stråling frå lyskjelde og forklare forskjellen i temperaturutvikling ved hjelp av albedoeffekten/drivhuseffekten.
beskrive ulike atommodellar og drøfte korleis observerbare ef fektar støtter eller utfordrar dei.
- Gjere enkle forsøk med emisjon og absorpsjon eller fotoelektrisk effekt og forklare samanhengen med utvikling av atommodellen.