Eksamensinstruks for munnleg og munnleg-praktisk privatisteksamen
Den generelle delen gjeld alle munnlege og munnleg/praktiske eksamenar. I avsnitta Særskilt om fag med munnleg eksamen og Særskilt om fag med munnleg/praktisk eksamen er det presisert utdjupingar for nokre fag.
Generell del
Tid og stad
Oppmøtetid og -stad for eksamen blir publisert på sida di på Privatistportalen.
Legitimasjon
Du må ha med deg gyldig legitimasjon med bilde og fødselsdato. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilde. Digital legitimasjon med bilde blir godteken.
Oppgåve
Du trekkjer ei problemstilling eller eit emne som dekkjer fleire kompetansemål, slik at du får høve til å førebu deg på å vise kompetansen din i faget. Dette inneber at problemstillinga eller emnet skal vere tilstrekkeleg omfattande til at det vil vere naturleg å trekkje inn fleire delar av læreplanen under sjølve eksamineringa. Det skal vere eit reelt trekk av oppgåver.
Førebuing
På munnleg eksamen er førebuingstida normalt inntil 30 minutt, på munnleg-praktisk normalt inntil 45 minutt. Alle hjelpemiddel, også slike som tillèt kommunikasjon, er tillatne i førebuingstida.
Førebuinga skjer på eit eige rom (saman med andre kandidatar). Du kan ikkje forlate rommet i førebuingstida. Det skal vere stille på førebuingsrommet og kandidatane skal ikkje snakke med eller forstyrre kvarandre. Du har sjølv ansvar for å ta med deg nødvendige hjelpemiddel og for at utstyret fungerer.
Eksamen
Munnleg eksamen varer inntil 30 minutt, munnleg-praktisk eksamen varer inntil 45 minutt.
Du kan sjølv velje korleis resultatet frå førebuingsdelen blir lagt fram. Døme på framlegging kan vere en presentasjon eller ei sensorutspørjing. Framlegging av resultatet for forebuingstida vil maksimalt utgjere 1/3 av eksamenstida og skal vere utgangspunkt for vidare eksaminasjon slik at du får høve til å vise kompetansen din i faget. Alle kompetansemåla i læreplanen kan trekkjast inn under eksamen.
Det er den munnlege presentasjonen på eksamen som er vurderingsgrunnlaget, ikkje arbeidet du har gjort i førebuingstida.
Hjelpemiddel under eksamen
Du kan bruke notat frå førebuingsdelen. I denne samanhengen inkluderer notat hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre presentasjonen som du har førebudd. Viss kandidaten har behov for å ta med bilete, grafar, lovverk eller liknande reknast dette som kandidaten sine notat og er tillate hjelpemiddel.
Avslutning av eksamen
Sensor og eksaminator skal vurdere kvar kandidat individuelt og setje karakter etter kvar kandidat. Du får vite karakteren med ein gong. Dersom du ønskjer det, kan du be om munnleg grunngjeving for karakteren.
Særskilt om fag med munnleg eksamen
Engelsk og Framandspråk I, II og III.
Du trekkjer ein tekst som er knytt til ei problemstilling eller eit emne som dekkjer fleire kompetansemål. Eksamen skal gi deg høve til å vise kompetanse i lytteforståing, munnleg produksjon, samhandling, og samfunns- og kulturrelevant kunnskap frå målspråkområdet.
Særskilt om fag med munnleg-praktisk eksamen
Kjemi, fysikk, biologi og naturfag
Du skal utføre forsøk. I biologi 2 skal du utføre eller beskrive forsøk.
I kjemi 2 og fysikk 2 kan eksaminator velje å la heile eksamenspartiet gjennomføre den praktiske delen samla før den individuelle eksamineringa startar. Ved slike høve kan den individuelle eksamineringa vare i 20 til 30 minutt.
Her finn du liste over aktuelle forsøk.
Geofag
Nye læreplanar: REA3042 geofag 1 og REA3044 geofag 2, feltrapport:
Du skal ha med deg ein feltrapport på papir innan kjerneelementet i læreplanen «Geofagleg feltarbeid». Det er obligatorisk å gjennomføre eit feltarbeid i faget. Feltrapporten må vise dokumentasjon av planlegging, innsamling av georefererte data i felt og bearbeiding av desse. Problemstillinga må vere knytt til aktuelle jordsystem og kompetansemål i læreplanen. Feltrapporten vil bli brukt som utgongspunkt for ein del av samtalen under eksamen. Dersom du møter utan feltrapport får du ikkje gjennomføre eksamen.
Andre fag
Munnleg-praktisk og praktisk eksamen i programfag innan idretts- og formgjevingsfag, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur og medium og kommunikasjon frå studieførebuande utdanningsprogram og frå yrkesfaglege utdanningsprogram kan ha fagspesifikke særpreg og avvike frå dei generelle reglane.
Her finn du informasjon om kroppsøving og programfag innan idrettsfag.
Informasjon om andre programfag kan du få ved å ta direkte kontakt med oss: eksamen@vlfk.no
tlf. 51 20 71 18
Fråvær på eksamen
- Om du blir sjuk på eksamensdagen eller hindra av andre uføresette grunnar som du ikkje sjølv rår over, kan du ha rett på utsett eksamen i neste eksamensperiode utan ekstra kostnad for deg.
- Du må dokumentere fråværet ditt. Om du var sjuk, må dokumentasjonen vere attest frå lege.
- Lever dokumentasjonen innan tre arbeidsdagar etter eksamen, bruk skjema som du finn på Vestland fylkeskommune sine nettsider.
- Du kan lese meir om dette i Opplæringsforskrifta § 9-36
Annullering av eksamen
Dersom du bryt reglementet, fuskar eller prøver å fuske, kan eksamenen din bli annullert. Fylkesdirektør for opplæring fattar vedtak om annullering. Dersom du har fått eksamenen din annullert, kan du klage på vedtaket. Det er Fylkesmannen som skal handsame klagen.
Du kan lese meir om dette i Opplæringsforskrifta § 9-42.