Informasjon om årleg rapportering
Lærebedrifter skal årleg rapportere til fylkeskommunen om opplæringa dei gir.
Årleg rapportering starta 7. januar med svarfrist 21. februar.
I den nye opplæringslova (gjeldande frå 01.08.2024) står det i § 7-11 om krav til internkontroll i lærebedrifter. Der står det at lærebedriftene skal ha internkontroll for å sikre at opplæringa er i samsvar med denne lova. Internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med representantar for arbeidstakarane.
Med bakgrunn i § 7-11 og § 6-16 i opplæringsforskrifta er årleg rapportering lagt til Vigo bedrift.
Målgruppe - Respondentar/deltakarar
Faglig leiarar som har ei aktiv rolle og er registrert på ein aktiv kontrakt pr. teljedato 01.12.2024 mottar undersøkinga.
Det skal svarast på eit sett med spørsmål per lærefag. Er du fagleg leiar i fleire lærefag kan du måtte svare fleire gonger.
Nytt av året er at det er fagleg leiar som har ansvaret for å svare på årleg rapportering VIGO Bedrift - Årlig rapportering
VIGO Bedrift
Ved innlogging til VIGO Bedrift brukar ein ID-porten. VIGO Bedrift er ikkje optimalt på mobil, så PC er anbefalt. Etter innlogging skal du som deltakar ha tilgang til menypunktet "Årlig rapportering".
For meir informasjon sjå: VIGO Bedrift - Årlig rapportering