Fv. 601 Storehagen–Angedalsvegen, Førde

Strekninga i Førde sentrum skal få sykkelanlegg og fortau, og det skal byggast ny kollektivterminal i sentrum. Fylkeskommunen startar planarbeidet i august 2026 og ynskjer innspel til reguleringsplanen.

Fakta

Fase: Planfase, reguleringsplan
Veg: Fv. 601 Storehagen–Angedalsvegen
Område: Førde sentrum, Sunnfjord kommune
Kostnad: 643 millioner kroner (2024-kr.), 10 millioner kroner kollektivterminal

Oppstart av reguleringsplan

17. august-27. september 2026, innspelsperiode

Informasjonsmøte

9. september 2026, Førde,

Vedtak reguleringsplan

våren 2029

Oppstart av planarbeidet og innspel

Planarbeidet startar opp i august 2026, og innbyggjarar og andre interessentar er inviterte til å komme med innspel, tankar og idear knytt til planprosjektet. Her er det også mogleg å teikne på kartet og legge ved filer. 

Døme på innspel

  • Born, unge, andre interessegrupper: Finst det snarvegar, skumle, mørke plassar, turvegar eller møteplassar det bør takast omsyn til?
  • Naturobservasjonar: Finst det t.d. sjeldne vekster, tre eller insekt i området, eller uønskte vekster? 
  • Observasjonar av flaum eller overflatevatn. 
  • Spesielle tilhøve rundt eigedomar, som innsyn, støy, hage, tilkomstvegar. 
  • Lokalsamfunnet: Kva er viktig for deg i planområdet? Dette kan t.d. vere eit grøntområde, sosiale møteplassar eller ein sti.

Innspelsperiode: 17. august–20. september 2026

Innbyggardialog – gje innspel til planarbeidet til fv. 601 Førde sentrum her

Gåande, syklande og kollektivtrafikk

Føremålet med tiltaket på fv. 601 er å betre tilhøva for gåande, syklande og for kollektivtrafikken. Det blir lagt vekt på universell utforming, trafikktryggleik og effektiv arealbruk. Prosjektet omfattar opprusting av strekninga på fv. 601 Storehagen–Angedalsvegen med sykkelanlegg og fortau, samt etablering av ny kollektivterminal i Førde sentrum. Bakgrunnen er behovet for betre løysingar for gåande, syklande og kollektivtrafikk, og ønsket om å utvikle eit meir funksjonelt, trafikksikkert og attraktivt sentrumsområde

Reguleringsplan – mål og formål med planarbeidet

Vestland fylkeskommune skal utarbeide ein reguleringsplan for tiltaket på strekninga i Førde sentrum. Sunnfjord kommune er planmynde. Prosjektet er ei oppfølging av Førdepakken, tiltak 9. Planarbeidet inngår i ei større sentrumsutvikling der berekraftig byutvikling og samordning med regionale og kommunale planar er sentralt. 

Planen skal vedtakast innan våren 2029.

Tett busetnad i travelt område

Planområdet strekkjer seg frå rv. 5 Naustdalsvegen i vest langs fv. 601 Storehagen til krysset Angedalsvegen–Prestebøen i aust, inkludert eigedomar som Firda Billag med skysstasjon og verkstad. Området er sentralt i Førde sentrum med tett busetnad, handel, næringsverksemd og bustadområde i kringliggjande li- og åssider. Fv. 601 Storehagen er ei sentral gate med fortau på begge sider, men utan eigne sykkelanlegg i dag. Rutebilstasjonen har kollektivterminal med oppstillingsplassar for bussar og korttidsparkering.

Samfunnsmål 

  • auka persontrafikk med gange, sykkel og kollektivtransport
  • leggje til rette for fortetting, sosiale møteplassar og byutvikling.

Effektmål

  • betre framkome for gåande, syklande og kollektivtrafikk
  • null drepne eller hardt skadde i trafikken
  • lågare drifts- og vedlikehaldskostnader

Resultatmål

  • trygge, attraktive og universelt utforma løysingar
  • rasjonell kollektivdrift
  • samordning med områdereguleringa for Førde sentrum 

Samordning med andre planar og føringar

Det er sett igang ein områdeplan for heile Førde sentrum. Denne planen og reguleringsplanen for Fv. 601 Storehagen–Angedalsvegen vil overlappe kvarandre. Det vil bli lagt vekt på samordning mellom planane når det gjeld utbyggingsmønster og transportsystem, for å sikre arealeffektivitet og redusert transportbehov. 

Planarbeidet er også ein del av Førdepakken, eit bompengefinansiert prosjekt med 20 tiltak. Sentralt står mål om miljøvenleg trafikk og sentrumsutvikling med gang- og sykkelvegnett. 

Medverknad og innspel

Det er planlagt fleire medverknadsmøte, dialogmøte og folkemøte, inkludert arbeidsmøte med sentrale aktørar som Sunnfjord kommune, Firda Billag og Vestland fylkeskommune. Innspel frå innbyggjarar har mellom anna peika på ønskje om tryggare og trivelegare område med fleire tilbod, redusert biltrafikk og bevaring av historiske bygg. Bylaboratoriet for Førde sentrum som er del av arbeid med områdeplanen, har samla innspel om leikeplassar, grøne lunger, piknik- og opphaldsareal, samt behov for eit bilfritt og fotgjengarorientert sentrum. 

Informasjon om ulike møte og offentleg høyring vil bli lagt ut her fortløpande. 

Overordna planar

Planarbeidet er forankra i nasjonale og regionale føringar, inkludert lov om vegar, naturmangfaldlova, vassressurslova, Vestland fylkeskommune sin berekraftstrategi, regional transportplan for Vestland 2022–2033 og kommunen sin samfunnsdel og arealplan for 2024–2035. 

Relatert informasjon

Lenker