Det du treng å vite om vitnemål
Eit vitnemål er ein offentleg dokumentasjon på at du har fullført og bestått vidaregåande opplæring som gir studiekompetanse og/eller yrkeskompetanse.
Det finnes fleire typar dokumentasjon:
- vitnemål
- kompetansebevis
- fag- og sveinebrev
Under kan du lese meir om dei.
Vitnemål
For elevar eller tidlegare elevar
Det er skulen du fullførte/bestod opplæringa som skrive ut vitnemålet.
Dersom du har mista det originale vitnemålet ditt kan du få duplikat ved å kontakte skulen din/den tidlegare skulen din.
Er skulen din lagt ned
Dersom skulen din er lagt ned kan du bestille vitnemål/kompetansebevis ved å sende inn det digitale skjemaet vårt.
Vitnemål utferda før 1998
Dersom du ønskjer å få kopi av vitnemål utferda før 1998 må du ta kontakt med oss på eksamen@vlfk.no.
For privatistar
Har du tatt privatisteksamen og vil oppdatere vitnemålet ditt må du ta kontakt med skulen som sist skreiv ut vitnemål for deg.
Dersom du har tatt Påbygging til generell studiekompetanse vg4 (etter bestått fag-/sveineprøve) som privatist kan du bestille vitnemålet ved å følgje lenka under.
For lærlingar
Lærlingar får vitnemål etter bestått og fullført fagopplæring. Vitnemålet blir skrive ut av fylkeskommunen etter at læretida di er gjennomført, og fag-/sveineprøven er avlagt og bestått.
Dersom du har mista det originale vitnemålet ditt kan du få duplikat ved å bestille det hos oss.
Elektronisk vitnemål
Dersom du har fullførte norsk vidaregåande skule i 2000 eller seinere, har du mest sannsynleg også eit elektronisk vitnemål. Du finn det i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB).
Du kan også lese meir om dette på nettsida til Samordna opptak
Vitnemål på engelsk
Når du søkjer på skular i utlandet, vil du ofte bli bedt om å sende med godkjent kopi av vitnemålet oversatt til engelsk. Du kan be om å få vitnemålet ditt på engelsk ved å ta kontakt med den skulen som skreiv ut vitnemålet (t.d. skulen du var avgangselev ved).
Kompetansebevis
Kompetansebevis er ein offentleg dokumentasjon på gjennomført vidaregåande opplæring som ikkje kvalifiserer for vitnemål eller fag-/sveinebrev. Unntak er for praksiskandidatar og kandidatar i ordninga Fagbrev på jobb.
Du kan få kompetansebevis dersom du har:
- fullført, men ikkje bestått eit fastsett opplæringsløp i Kunnskapsløftet
- fullført årstrinn, men ikkje eit heilt opplæringsløp i Kunnskapsløftet
- fullført eitt eller fleire fag, eller deler av fag, i vidaregåande opplæring
- fullført opplæringskontrakt og bestått kompetanseprøve som lærekandidat
- fullført og bestått fagopplæring som praksiskandidat eller kandidat i ordninga Fagbrev på jobb
- avlagt eksamen i fag som privatist
For elevar eller tidlegare elevar
Skulane skriv ut kompetansebevis til elevar som har fullført eitt eller fleire fag, eller deler av vidaregåande opplæring.
Dersom du har mista eller treng duplikat av kompetansebeviset ditt, kan du kontakte skulen du var avgangselev ved.
Finn skulen din
Er skulen din lagt ned
Dersom skulen din er lagt ned kan du ta kontakt med oss på eksamen@vlfk.no.
Kompetansebevis utferda før 1998
Dersom du ønskjer å få kopi av kompetansebevis utferda før 1998 må du ta kontakt med oss på eksamen@vlfk.no.
For deg som er praksiskandidat, lærekandidat eller kandidat i ordninga Fagbrev på jobb
Når du har bestått fag-, sveine- eller kompetanseprøven sender vi eit kompetansebevis til den folkeregistrerte adressa di.
Kompetansebevis er gyldig dokumentasjon som du t.d. kan bruke til jobbsøknad, opptak til fagskule eller liknande.
Dersom du har mista kompetansebeviset ditt kan du bestille nytt hos oss.
For lærlingar
Lærlingar som ikkje består fag-/sveineprøven blir ikkje kvalifisert for vitnemål, men kan då be om å få tilsendt kompetansebevis. Dette gjeld også deg som har bestått fag-/sveineprøve, men ikkje bestått eitt eller to fellesfag frå vidaregåande opplæring.
For deg som er privatist
Privatistar som tar fag eller ønskjer å fornye karakter i eit fag får ikkje automatisk tilsendt kompetansebevis etter avlagt eksamen. Privatisar må sjølve bestille ei utskrift av kompetansebeviset dersom ein treng det.
Bestill kompetansebevis
Kompetansebevis på engelsk
Dersom du treng kompetansebevis på engelsk tar du kontakt med den skulen som skreiv ut kompetansebeviset ditt (t.d. skulen du var avgangselev ved). Finn skule
Dersom det var fylkeskommunen som skreiv ut kompetansebeviset ditt og du ønskjer det på engelsk, bruker du det digitale bestillingsskjemaet vårt.
Fag-/sveinebrev- eller kompetansebrev-diplom
Fag-/sveinebrev-diplom får du etter bestått og fullført fagopplæring. Har du bestått kompetanseprøve får du eit kompetansebrev-diplom. Diplomet er i A3-format som du kan henge på veggen.
Hugs at det er vitnemålet/kompetansebeviset du må bruke når du skal dokumentere at du har bestått opplæringa.
Har du mista fag-/sveinebrev- eller kompetansebrev-diplomet ditt kan bestille eit nytt hos oss.
Lommefagbevis
Har du gjennomført og bestått fagopplæring som gir fag-/sveinebrev kan bestille eit lommefagbevis. Dette er eit bevis på størrelse med eit bankkort og som kan vere greit å ha for deg som jobbar på anlegg.
Du bestille lommefagbevis hos Idemia AS.