Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø 2023/24
Innleiing
Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø er viktig for fagleg og sosial utvikling. Sentrale og lokale styringssignal gjev føringar for dette arbeidet. Elevundersøkinga, lærlingundersøkinga og Ungdata er viktige kjelder for å få oversikt over korleis elevar og lærlingar har det i skule og læreplass. Resultata viser at det er mange elevar og læringar som trivst. Samtidig er det elevar og lærlingar som opplever utfordringar som påverkar både livskvalitet og i kva grad det er mogleg å fullføre og bestå. Under denne fana ligg resultat og analysar frå elevundersøkinga, lærlingundersøkinga, nøkkeltal frå Ungdata og tiltak psykisk helse.
Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø
Læreplanverket (LK-20) beskriv at elevane si sosiale læring og utvikling skal skje gjennom arbeid med faga, og at eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulert til fagleg og sosial utvikling. Overordna del i LK20 oppfordrar dei profesjonsfaglege fellesskapa på skulane til å reflektera over felles verdiar og vurdera og vidareutvikla sin praksis.
Mål 1 og 2 i temaplan «Fornye og forbetre - auka gjennomføring» følgjer dette opp slik:
- Mål 1: Elevar og læringar i Vestland har det beste opplæringstilbodet med høg merksemd på trivsel, motivasjon, læring og meistring i eit inkluderande miljø.
- Mål 2: Eit godt samansett lag utviklar eleven, lærlingen og skulen.
Tilhøyrande handlingsprogram har følgjande overordna tiltak:
«Alle i laget rundt elevane og lærlingane sikrar eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø som er helsefremjande og inkluderande.»
Skulane og læreplassane jobbar kvar dag for å sikra elevane og lærlingane eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø. Det er i tillegg sett i verk fleire tiltak som kan bidra i denne samanheng, som t.d.:
- Fagdag for miljøkoordinatorar, miljørettleiarar og anna fagpersonale.
- Tema på leiarsamlingar, med interne og eksterne føredragshaldarar.
- Tilsetjing av miljøkoordinator/ miljøarbeidar e.l på fleire skular.
- Heildigitalt kurs for lærlingar og lærekandidatar, med læringsmiljø som eit av temaa.
- Heildigitale kurs, webinar og fysiske kurs for faglege leiarar og instruktørar.
- Ny overordna prosedyre for oppfølging av opplæringslova kapittel 12. Denne prosedyren er ein del av kvalitetssystemet.
Som ein del av kvalitetssystemet vert det gjennomført kvalitetsdialogar med skulane. I kvalitetsdialogane er bl.a. skulemiljø tema. Elevane som er representerte i dialogane er nøgde med skulemiljøet. Resultata i elevundersøkinga derimot, som omfattar alle elevane, viser også at det er eit forbetringspotensiale her.
§12-2 i opplæringslova peikar på at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Samtidig har skulane eit skjerpa ansvar for elevar med særskild sårbarheit. Forhold som kan gjere ein elev særskilt sårbar kan vere knytt til eleven sin religion, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, at eleven har åtferdsvanskar eller forhold ved eleven sin familie- og heimesituasjon. At ein elev tidlegare har vore utsett for krenkingar kan også gjere ein elev særskilt sårbar. Enkelte grupper er overrepresentert blant dei som vert krenka. Det er derfor viktig at skulane følgjer særskilt med på korleis desse elevane har på det skulen. VLFK sin overordna prosedyre for oppfølging av opplæringslova kapittel 12 beskriv korleis eit trygt og godt skulemiljø vil beskytte mot auka sårbarheit. Det er viktig at skulane har kunnskap og oversikt om forhold som kan gjere ein elev særskilt sårbar.
Elevundersøkinga.
Historikk
Mobbeindikatoren
Prikkereglar
Lærlingundersøkinga
Motivasjon
Trivsel
83 prosent svarar at dei trivst på jobben i nokså stor grad eller svært stor grad. Fylkessnittet er det same som nasjonalt snitt.
Mobbing
Uønska seksuell merksemd
Ungdata
Ungdata er lokale barne- og ungdomsundersøkingar der skuleelevar over hele landet svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva de driv med på fritida. Undersøkingane er tilpassa barn og ungdom på mellomtrinnet (5.-7.-trinn), ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Ungdata-undersøkingane omfattar eit breitt spekter av temaområde. Dei som svarar på undersøkinga får spørsmål om foreldre, vennar, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel.
Skule og framtid
Ungdata viser at skulen er ein god stad å vere for dei aller fleste og det er ikkje store forskjellar mellom Vestland og Noreg. Resultata viser at dei fleste trivst på skulen og meiner at lærarane bryr seg om dei. Eit mindretal gruer seg ofte til å gå på skulen, og ganske mange opplever skulen som kjedeleg. Om lag halvparten blir ofte stressa av skulearbeid, men her ligg Vestland litt lågare enn Noreg for delen som svara at dei blir stressa svært ofte.
Ungdata viser at 95% trur at dei vil fullføre vidaregåande skule. Ein klar majoritet (60%) trur at dei kjem til å ta universitets-eller høgskuleutdanning, men denne delen er mindre for Vestland enn for Noreg (70%). Det er fleire jenter enn gutar, og fleire på Vg3 som trur at dei kjem til å ta universitets eller høgskuleutdanning. Fram til 2015 var det ein nasjonal trend i retning av at stadig fleire unge trudde at dei ville komme til å ta høgare utdanning. Tala for dei siste åra tyder på at denne trenden er broten eller har flata ut blant elevane i vidaregåande opplæring.
Helse og psykisk helse
Ungdata viser at dei fleste unge er nøgde med si eiga helse. Det er litt fleire jenter enn gutar som svarte at dei er misnøgde med eiga helsa, og fleire jenter enn gutar som svarte at dei ofte har hovudverk, andre fysiske plager og mange psykiske plager. Om lag 30% av elevar i vidaregåande skule har i løpet av det siste året brukt helsesjukepleiar på skulen og 16% har brukt helsestasjon for ungdom. Det er liten forskjell mellom Vestland og Noreg, men store forskjellar mellom gutar og jenter, der jenter brukar tilbodet meir enn gutar.
For utfyllande informasjon, sjå rapport: https://www.ungdata.no/wp-content/uploads/reports_2024/Vestland_2024_Vidaregaande_Fylke.pdf
Eller her: UngData
Psykisk helse
Vestland fylkeskommune ynskjer å bidra til at elevar, lærlingar og OT-ungdom skal ha tilgang til lågterskeltilbod innan psykisk helse. For mange er det for høg terskel å skulle møte på undervisning om psykisk helse. Vestland fylkeskommune har skuleåret 2023/24 arrangert fleire nettbaserte Tankevirus-kurs, der deltakarane deltek anonymt med «nicknamne», utan lyd og kamera. Dette tilbodet har vore godt motteke. Tilsette i skule, rettleiingsteneste, opplæringskontor og bedrift har fått tilbod om Tankevirus-kurs for å lære kva dette er og for å lettare kunne anbefale tiltaket til ungdommar. Det er vertskommunen (kommunen der skulen ligg) sitt ansvar å syte for helsehjelp til elevar under 20 år gjennom skulehelsetenesta. Lærlingane har ikkje tilbod om skulehelseteneste.
Fylkesdirektøren gjennomfører eit pilotprosjekt innan psykisk helse på bakgrunn av politisk vedtak der ein har utvida læringsarena med mål om å inkludere fleire i skulekvardagen. Helsesjukepleier og psykisk helseteam deltek saman med oppfølgingstenesta og PPT i arbeidet.
For å betre grunnlaget for samarbeid mellom skulane og skulehelsetenesta slik at elevar får betre og meir likeverdig tilbod om psykisk helsehjelp, blei det lagt inn spesifikke spørsmål i Ungdata undersøkinga for Vestland. Når det kjem til spørsmål om skulehelsetenesta var tema bl.a. helsesjukepleiar på skulen, bruk av skulehelsetenesta og ventetid på skulehelsetenesta. Av dei som har svart at dei har nytta skulehelsetenesta svarar 28% av gutane og 37% av jentene at dei har oppsøkt skulehelsetenesta på grunn av psykiske vanskar (trist, deprimert,sjølvmordstanker)
Under finn du nokre av tiltaka Vestland fylkeskommune gjer i det førebyggjande arbeidet med psykisk helse.
Rettleiarar
Som ein del av skulen og rettleiingstenesta sitt førebyggjande arbeid, er det laga to rettleiarar som omhandlar psykisk helse og læring. Ein for elevar og ein for lærlingar.
Rettleiarane er til bruk for tilsette i skulane og instruktørar/ lærebedrifter. Rettleiaren skal vere verktøykasse og ressursbank og skal kunne brukas til hjelp i møte med elever og lærlingar som har utfordringar med læring og psykisk helse.
Tankevirus er gratis anonyme meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykisk vanskar. Med tankevirus lærer du teknikkar som gjer at du får det betre og kan klare å handtere kvardagen som elev, lærling eller tilsett på ein meir robust måte. Tankevirus er og tilgjengeleg- kvalitetssikra og tilrådd av helsedirektoratet og helsedepartementet. Det er Frisklivssentralen i Bergen som arrangerer kursa i samarbeid med Vestland fylkeskommune.
YAM – Youth Aware of Mental Health er eit undervisningsprogram for elevar som skal førebyggje depresjon og sjølvmordstankar. Vestland fylkeskommune samarbeider med Mental Helse Norge om implementeringa av YAM. YAM er testa ut på to skular våren 2024 med positivt resultat, og implementeringa av YAM for VG1-elevar startar hausten 2024.
ROS - rådgiving om eteforstyrringar
Vestland fylkeskommune samarbeider med ROS med mål om å betre den psykiske helsa til barn og unge i Vestland. Eteforstyrringar er eit aukande problem blant unge. Vestland fylkeskommune vil legge til rette for at ROS sitt arbeid med kunnskapsdeling og rådgiving til beste for elevar og lærlingar blir kjent for vidaregåande skular, rettleiingsteneste og opplæringskontor.