Postliste og innsyn

Her får du informasjon om korleis du bestiller dokument frå postlista til fylkeskommunen og søkjer innsyn i offentlege dokument.

Vestland fylkeskommune er underlagt offentleglova og publiserer inngåande, utgåande og intern korrespondanse på eInnsyn.no 

Journalpostar vert publiserte på postlista fem verkedagar etter journalføringsdato.  

Kven kan be om innsyn? 

Alle kan be om innsyn i det som skjer i fylkeskommunen. Du kan be om innsyn i saker, register og dokument utan å grunngje førespurnaden, og du kan gjere det anonymt. Teieplikta vil kunne avgrense innsynsretten, og i nokre saker hindre at du får innsyn i det du ber om.  

Korleis ber du om innsyn?  

Du kan fremje innsynskrav munnleg, jf. offentleglova § 28, men vi ønskjer helst at du sender det skriftleg. Det gjer det lettare for oss å svare på ein god og effektiv måte. Du sender innsynskravet ditt til dokumentsenter@vlfk.no. 

Når får du svar? 

Innsynskrav skal etter offentleglova handsamast "utan ugrunna opphald". Det betyr så snart som praktisk mogleg. Omfanget av dokumentasjonen du ber om, kan gjere at vi treng tid på å svare ut innsynskravet. Du vil i så fall få eit førebels svar om dette. 

Dersom du ikkje har fått noko svar etter fem verkedagar, kan du tolke dette som avslag. Då kan du sende klage til Statsforvaltaren i Vestland. 

Blir alt publisert på postlista? 

Vi publiserer ikkje postlister frå enkelte fagsystem, og heller ikkje alle sakstypar. Dette gjeld forvaltningsområde med mykje teiepliktig informasjon. Du har likevel rett på å søkje innsyn i desse journalane frå spesifikke dagar eller tidsrom.  

Kvar finn du meir informasjon? 

Du kan lese meir om kva rettar og avgrensingar som ligg i lovverket i innsynsguiden til Sivilombodet.

Informasjon om klagehandsaming finn du på nettsida til Statsforvaltaren i Vestland