Politikk
Dei administrative oppgåvene til fylkeskommunen er politisk styrte. Det inneber at Vestland fylkeskommune utfører politikken som dei folkevalde politikarane som sit i fylkestinget, fylkesutvalet og andre politiske utval vedtek. Fylkestinget er det øvste styringsorganet i fylket. Vestland har som dei fleste andre fylkeskommunar formannskapsmodellen og ikkje parlimentarisme. Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar i Vestland.