Hovudmål: Klima og natur
I Vestland er klima og naturmangfald ein premiss for samfunnsutviklinga.
Prosjektleiar for utviklingsplanen, Tina Kvammen Mjøs Sinclair, Vestland fylkeskommune, forklarer hovudmålet "Demografi og likeverd".
Kva betyr hovudmålet "Klima og natur"?
Det skal bli enklare å ta omsyn til klima og naturmangfald når vi utviklar fylket.
Vestland har unike natur- og kulturmiljø som har danna grunnlag for samfunnsutviklinga her i uminnelege tider. Vi skal enno finne nye moglegheiter i naturressursane, men med ei langsiktig, balansert og berekraftig forvalting av dei.
Vi skal vurdere risiko og sårbarheit for naturen når vi utviklar fylket, i alle sektorar og fag. Vi skal betre korleis vi brukar naturen sine bidrag til oss (økosystemtenester). For å få til dette skal vi:
- utvikle og dele oppdaterte data og statistikk
- ta i bruk nye verktøy
- ha oversikt over arealabruk og drivarane av dette
- styrke kompetansen
- ha løpande oversikt over utviklinga
- sjå samanhengane mellom ulike sektorar, fag og mål i utviklingsplanen
Arealabruk og heilskapleg styring av dette er ein nøkkel for å nå måla. Fylkeskommunen vil bidra til at vi har overblikk over store arealendringar i regionen og drivarane for dette: aktivitet som krev mykje energi, som t.d. fornybar kraft som tek mykje areal, arealkrevjande næring og utbygging av bustad- og fritidshus.
I mange vestlandskommunar er strandsona under stort press. Satsingsområdet "Klima og natur" seier at planlegging i sjø og på land skal sjåast i samanheng, som også blir viktig i desse områda.
Samanhengane mellom hovudmåla
I utviklingsplanen finn du 10 strategiar som omtalar korleis vi skal nå måla med samanhengstenking: Vi skal ha fleire mål for auget når vi utviklar Vestland.
![illustrasjon av korleis dei fire måla og dei ti strategiane i Utviklingsplan for Vestland 2024-2025 heng saman. Dei ti strategiane er skrivne inn i ulike bobler, med dei fire måla innimellom med sine symbol.](/globalassets/utviklingsplanen/samanhengar_mal-og-strategiar.png/LargeImage)
Dette står det om klima og natur i planstrategien
Fylket er kjent for unike natur- og kulturmiljø med spor etter menneskelege aktivitetar i lange tider. Vestland skal finne økonomiske utviklingsmoglegheiter i langsiktig og balansert forvalting av naturressursane på regionalt og lokalt nivå. Vi skal gjere det enklare å ta omsyn til klima og naturmangfald.
Heilskapleg arealbruksstyring er ein nøkkel for å nå målet. Planlegging på land og i sjø skal sjåast i samanheng, og ta omsyn til at strandsona er under stort press i mange kommunar.
Fylkeskommunen vil bidra til regionalt overblikk når det gjeld drivarane for dei store arealendringane, i og utanfor den eksisterande byggesona. Det gjeld særleg store areal til fornybar kraft, arealkrevjande næring og infrastruktur, til bustad- og fritidshus og -anlegg, på land og i sjø.
Klima og naturutfordringane i Vestland forsterkar kvarandre. Vestland skal utvikle og dele oppdaterte data og nye verktøy for å ha løpande oversikt, sjå samanhengane mellom ulike fag og for å vurdere risiko og sårbarheit. Det skal gje betre grunnlag for regional og kommunal planlegging og for verksemdstyring og risikovurdering i næringslivet og knytt til samfunnssikkerheit og beredskap.
Klimaspørsmåla handlar om utsleppsreduksjon for å bremse klimaendringar og tilpassing til endra klima. Mange kommunar arbeider allereie med å styrke innsatsen. Fylkeskommunen vil bidra til å gjere arbeidet effektivt, heilskapleg og samordna.
I perioden skal vi styrke data, kompetanse, verktøy og bruken av det naturen bidreg med til menneska, tidlegare kalla økosystemtenester, i alle sektorar og fag. Dette er dei fordelane menneske får frå naturen og økosystema: Forsyningstenester er direkte materielle ressursar naturen gjev oss, som vi kan hauste og bruke. Døme er mat, vatn, byggemateriale og energi.
Reguleringstenester handlar om evna naturen har til å regulere miljøforhold, noko som er viktig for helse og velvære for menneske. Døme er reinsking av luft og vatn, klimaregulering og flaum -og erosjonskontroll.
Kulturelle tenester omfattar ikkje-materielle verdiar naturen gjev oss, som gjer liva våre rikare på ulike måtar. Dei er ei kjelde til inspirasjon og identitet, kulturelle og historiske verdiar, og gjev moglegheiter for friluftsliv, rekreasjon og turisme.
Støttetenester legg grunnlaget for dei andre tre kategoriane, og er naudsynte for at naturen kan oppretthalde prosessane sine. Døme på dette er fotosyntese, næringssyklusar som karbon- og nitrogenkretsløpet og danning av jordsmonn