Vestland vil styrkje lokal matproduksjon for betre beredskap
– Vi er inne i ei spesiell tid. Om vi ikkje kjøper lokal mat i fredstid, har vi kanskje ikkje den moglegheita dersom andre tider skulle kome, seier hovudutvalsleiar Sigrid Brattabø Handegard.
Dette er saka
- Saka omtalar den politiske saka Temaplan landbruk for Vestland fylke 2023-2027 - Årsplan 2026.
- Årsplanen er med på å sikre oppfølging av Temaplan for landbruk som fylkestinget vedtok i desember 2022.
- Årsplanen trekk opp nokre hovudprioriteringar for landbruksarbeidet i 2026.
- Landbruksoppdraget som fylkeskommunen får av staten omfattar verkemiddel som skal mobilisere til nærings- og kompetanseutvikling innan landbruksområde.
- Fylkeskommunen skal saman med partnarskapen trekke opp strategiske føringar.
- Denne saka handlar også om korleis vi skal innrette verkemidlar vi får gjennom oppdragsbrevet på landbruks- og matområdet i 2026.
Hovudutval for næring har vedteke årsplanen for landbruk i 2026. Planen peiker ut område som skal prioriterast særleg i arbeidet med landbruk i fylket. Innkjøp av mat frå Vestland og lokal matproduksjon skal løftast.
– Vestland fylkeskommune må sjå nærare på korleis vi kan styrkje etterspørsel etter lokal mat og drikke gjennom å prioritere lokalmat ved offentleg innkjøp og motivere kommunane og andre til å gjere det same, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring.
Ho peikar på at 2026 er totalberedskapsåret.
– Matberedskap handlar om tryggheit i kvardagen, å vite at vi har mat på bordet sjølv om noko uventa skjer. Det viktigaste er sjølvsagt at ein har rammevilkår som gjer at det både lønar seg å investere og produsere mat på gardane i Vestland. Det er eit nasjonalt ansvar. I tillegg til å sjå på innkjøpsordningar, ynskjer næringsutvalet at ein også arbeidar med å styrkje produksjonen av grønsaker på naturbruklinjene. Det kan til dømes gjerast som marknadshagar, der ein sel direkte, seier Handegard.
Hovudutval for næring vedtok i møte tysdag 10. mars å innarbeide desse satsingane i plandokumentet.
Fem prioriteringar i 2026
Det er eit mål for Vestland fylkeskommune å leggje til rette for utvikling i landbruket, styrke kompetansen i næringa og bidra til auka verdiskaping.
Årsplanen trekker fram fem område som skal få eit ekstra løft i 2026:
- Moglegheiter i Vestlandslandbruket: Vi skal saman med kommunane syne moglegheiter for å utvikle garden, og gje bøndene grunnlag til å ta val tufta på kunnskap. Det skal vi gjere ved å legge til rette for kunnskapsdeling og samhandling mellom kommunar, faglag og verkemiddelaktørar.
- Rekruttering: Rekruttering er eit eige satsingsområde i temaplanen med overordna mål at landbruket i Vestland skal ha eit godt omdøme med høg kompetanse og god rekruttering.
- Matsatsing i Vestland: Styrke satsinga på mat og drikke frå Vestland. Vi skal bygge på erfaringar frå tidlegare satsingar og prosjekt, og samordne arbeidet med initiativ innan mellom anna reiseliv.
- Jord og areal: Regional jordvernstrategi og arbeid med å realisere planen vil framleis ha høg prioritet. Å ta i bruk arealrekneskap for Vestland vere ein del av dette arbeidet.
- Beredskap og matsikkerheit: Beredskap og matsikkerheit skal setjast tydlegare på dagsorden og er svært høgt prioritert. Lokalt og regionalt skal vi prioritere eigen matproduksjon på tilgjengeleg areal.
Les meir om dei fem områda i saka Årsplan 2026 - Temaplan for landbruk i Vestland 2023-2027
Lyser ut tilskotsmidlar
Som del av oppfølginga av planen godkjende hovudutvalet også fleire tilskotsordningar.
Det blir mellom anna sett av ei ramme på inntil 800 000 kroner til inspirasjonssamlingar for næringsutvikling i landbruket – tilskot til inspirasjonssamlingar I tillegg blir det sett av inntil 1 million kroner til prosjekt der fylkeskommunale skular eller fagsenter er prosjekteigarar.
Hovudutvalet godkjende også utlysing av ordninga tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket i 2026. Midlane skal legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrkje verdiskapinga i landbruket.