Vestland fylkeskommune løftar viktige samfunnsspørsmål under Arendalsuka

10.–14. august samlar Arendalsuka politikarar, næringsliv, organisasjonar og offentlege verksemder frå heile landet. Vestland fylkeskommune debatterer aktuelle samfunnsspørsmål om bord på Vestlandsbåten MS Sandnes, og deltek i ei rekkje andre arrangement gjennom veka.

Dronefoto av Arendal.
ARENDALSUKA: Vestland fylkeskommune inviterer til fleire debattar og deltek på ei rekkje arrangement under Arendalsuka 11.–15. august. (Foto: Arendalsuka/Media Service AS)

– Ein kan seie mykje om Arendalsuka, men det er ikkje tvil om at det er ein viktig møteplass for politikk, organisasjonsliv og næringslivet. Vestland fylkeskommune er derfor til stades for å løfte fram saker som er viktige for Vestland – både for folk som bur her og for næringslivet vårt. Og vi brukar tida vår godt, frå måndag til onsdag har vi full avtalebok. I år tek vi mellom anna med oss spørsmåla om framtida for den vidaregåande opplæringa og korleis vi sikrar nok og trygg energi. Dette er heilt avgjerande spørsmål for korleis vi skal utvikle Vestland vidare, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Vestland fylkeskommune og samarbeidspartar står bak desse arrangementa under Arendalsuka.

Energisikkerheit og forsvarsevne

Energisikkerheit er ikkje lenger berre eit teknisk spørsmål, det handlar også om nasjonal forsvarsevne.

Vestland har ei særleg viktig rolle med mellom anna Nord-Europas største marinebase, Noregs einaste oljeraffineri, eksportanlegg for naturgass og omfattande produksjon av fornybar energi.

Med bakgrunn i erfaringane frå Ukraina og eit skjerpa trusselbilete, inviterer Vestland fylkeskommune til debatt om sårbarheiter, beredskap og kva som må til for å styrkje energisikkerheita. I debatten deltek mellom andre fylkesordførar Jon Askeland, statssekretær i Forsvarsdepartementet Marte Gerhardsen (Ap), generalsekretær i Fritt Ukraine Natalia Antonia Golis, konsernsjef i Eviny Ragnhild Janbu Fresvik med fleire.

Tidspunkt: Måndag 10. august kl. 15.00. Arrangementet vert strøyma.

Fullføringsreforma og framtida for vidaregåande opplæring

Fullføringsreforma og ny opplæringslov gir fleire ungdomar og vaksne rett til vidaregåande opplæring fram til dei faktisk har fullført.

Vestland fylkeskommune inviterer til debatt om kva som skal til for at fullføringsretten blir reell, og korleis staten, fylkeskommunane, kommunane og skulane saman kan sikre eit godt opplæringstilbod.

Samtalen tek også opp korleis reforma kan finansierast utan at det går utover kvalitet, breidde og oppfølging i vidaregåande opplæring.

I debatten deltek fylkesordførar Jon Askeland, fylkesvaraordførar Stian Davies, opplæringsdirektør i Rogaland fylkeskommune Eiliv Janssen, direktør for samfunn, velferd og demokrati i KS Helge Eide og statssekretær for kunnskapsministeren Øyvind Jacobsen (Ap).

Tidspunkt: Tysdag 11. august kl. 13:30 Arrangementet vert strøyma.

Vestlandsvegen E39

Som leiar av Vestlandsrådet deltek fylkesordførar Jon Askeland i debatten om framtida for Vestlandsvegen E39. Tidlegare i år samla Vestlandsrådet politikarar, næringsliv og fagmiljø til E39-konferanse på Flesland. Under Arendalsuka blir samtalen ført vidare med spørsmål om kvifor utbygginga har gått seinare enn planlagt, og kva som må til for å få meir fart på utviklinga av den viktigaste transportåra på Vestlandet.

Tidspunkt: Mandag 10. august kl. 14:00. Arrangementet vert strøyma.

Fleire arrangement

Vestland fylkeskommune deltek òg på ei rekkje andre arrangement under Arendalsuka, mellom anna om:

  • energisikkerheit og politiske løysingar
  • fjellsikring
  • kunnskapsbasert tannhelseteneste
  • Mongstad og forsyningssikkerheit
  • likestilling i arbeidslivet
  • kulturpolitikk
  • forskingspolitikk
  • skred og klimatilpassing
  • villrein og naturforvaltning

Programmet kan endre seg, sjekk difor Arendalsuka for siste oppdatering.