Støttar mogleg overnattingsavgift i reiselivskommunar
Vestland fylkeskommune støttar at kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet kan innføre ei overnattingsavgift, og vil ha camping inn i ordninga.
Vestland fylkeskommune har fått forslag om forskrift om overnattingsavgift til kommunane på høyring frå Nærings- og fiskeridepartementet. Forslaget om overnattingsavgift høyrer til lov om besøksbidrag, som vart vedteken 25. juni 2025, men som enno ikkje har tredd i kraft.
Høyringsinnspel til forskrift om overnattingsavgift vart handsama i fylkesutvalet 19. mars.
Overnattingsavgifta skal brukast spesifikt til å bøte på slitasjen gjestar påfører reisemålet. Eit vesentleg poeng i lova er at avgifta skal betalast av den besøkande, og ikkje er ein skatt på sjølve overnattingsbedrifta.
Kommunane har i dag i liten grad frie midlar til å bruke på slike tiltak.
– Kommunane bør få fleire verktøy til å finansiera fellesgode for besøkjande, som toalett, turstiar og bosshandtering. Det fins få naturlege kassaapparat knytt til desse tenestene i dag, særleg når det gjeld behov for tilrettelegging i naturen. Samstundes er det viktig at det er opp til den enkelte kommune om dei vil innføre ordninga, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Vil inkludere camping
I høyringsinnspelet peikar Vestland fylkeskommune på fleire ting som bør justerast, blant anna at ordninga også bør gjelde oppstilling av bubil og telt på campingplass. Eit argument frå høyringsrunden for å gi fritak var at å auke kostnaden for desse gruppene ville føre til at fleire vel rasteplassar, naturen eller parkeringsplassar/vegskulder til å campe.
Vestland fylkeskommune ser ingen grunn til at overnatting i bubil eller telt på ein campingplass skal være unnateke avgift.
Eit tillegg på tre prosent på ein teltplass med bil vil typisk koste om lag 10 kroner om plassen kostar 350 kroner, og oppstilling for bubil vil få eit påslag på om lag kr 13,50 per natt om overnattingsavgift blir lagt til. Denne prisen vil neppe føre til at bilistar vel å fricampe langs veg eller i natur av reint økonomiske omsyn.
– Det er snakk om små summar for innkrevjing. Eit vesentleg poeng med avgifta er at den besøkande representerer ein grad av slitasje på fellesgode gjennom sitt besøk, uansett overnattingsform, seier Askeland.
Vestland fylkeskommune arbeider også med å tydeleggjere skilting på rasteplassar langs fylkesvegane, slik at det blir tydeleggjort at desse er meint for ein rast, ikkje overnatting og camping.
Krev tydlegare retningslinjer
Vestland fylkeskommune meiner at omgrepet «særleg stor belastning» er uklart, og ber departementet tydeleggjere kva som ligg i dette, og kven som skal definere belastninga lokalt. Det bør og komme tydelegare fram i forskrifta kva for tilbod som skal ha fritak for avgiftsplikta, slik at kommunen ikkje praktiserer ulike tolkingar.
– For at avgifta skal opplevast likt for både kommunane og dei besøkjande, treng vi heilt klare retningslinjer og definisjonar, slår Askeland fast.
I høyringsinnspelet peikar fylkeskommunen på at staten må ta kostnaden med å opprette eit felles system for innkrevjing og innrapportering av avgifta som kommunane kan ta i bruk.
Vil ikkje ha avgift på sjukehushotell
Vestland fylkeskommune går mot framlegget om at avgifta skal gjelde sjukehushotell.
– Dette er ikkje i tråd med intensjonen for å krevje inn denne avgifta, seier Askeland.
Departementet legg opp til at innkrevjing av avgifta kan starte frå 1. januar 2027 for kommunar som oppfyller krava i lova og forskrifta.
Regjeringa har også varsla ei eiga forskrift om avgift for cruisepassasjerar, som er venta på høyring i løpet av 2026.
Samarbeider om besøksforvaltning
Gjennom prosjektet Besøksforvaltning i Vestland samarbeider Vestland fylkeskommune med kommunane om korleis vi kan rigge ei god reisemålsleiing i fylket. I prosjektet er det også eit tema korleis vi kan møte behovet for kompetanseheving for både politisk og administrativt nivå i kommunane. Det trengst meir kunnskap om korleis vi kan utvikle reisemålet økonomisk, utan at det går ut over dei akseptable grensene for sosial og miljømessig toleevne.
Dette er dei vedtekne høyringsinnspela
1. Vestland fylkeskommune støttar at kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet kaninnføre forskrift om overnattingsavgift.
2. Vestland fylkeskommune meiner ordninga bør utvidast til å gjelde alle former for kortidsovernatting, inkludert telt, bubil og campinghytter, uavhengig av om oppstillinga eller utleiga skjer på campingplass eller på annan tilrettelagd plass.
Vestland fylkeskommune meiner at staten må bære kostnadane med å få oppretta eit felles innkrevjings- og innrapporteringssystem for avgifta som kommunane kan ta i bruk.
3. I spørsmålet om overgangsordning for 2027, støttar Vestland fylkeskommune alternativ 6.2, som på ein god måte balanserer næringsaktørane sine behov for planlegging og kommunane sin rolle som ansvarleg forvaltar.
4. I spørsmålet om tredjepartsansvaret, støttar Vestland fylkeskommune alternativ 4.1, som legg ansvaret på formidlaren som mottar vederlaget frå kunden.
5. Vestland fylkeskommune meiner det må tydeleggjerast at fritak for avgift som gjeld ubetente eller sjølvbetente hytter også gjeld for ikkje-kommersielle tilbod i offentleg regi, som interkommunale friluftsråd.
6. Vestland fylkeskommune meiner departementet må tydeleggjere kva som er meint med «tenester» i lovteksten § 1-1(1).
7. Vestland fylkeskommune meiner departementet må tydeleggjere kva som er meint med «særleg stor belastning» i lovteksten § 1-1(1).
8. Hensikta med overnattingsavgifta er å finansiera fellesgoder. Sjukehotel vert difor ikkje teken inn i ordninga.
Til sak PS 57/2026 Høyringsinnspel til forskrift om overnattingsavgift