Sju nye tilskotsordningar – no kan du søkje
Fristen for å søkje tilskot frå regionalt kulturfond Vestland og driftstilskot for 2027 er allereie 15. april.
Rundt 30 fylkeskommunale tilskotsordningar innan kultur og folkehelse har blitt til sju. No er utlysingar, kriterium og søknadsfristar for alle dei nye tilskotsordningane klare.
– God kulturpolitikk handlar ikkje berre om å auke budsjetta våre, som vi òg gjer til gangs, men også om å forenkle, effektivisere og gjere det mogleg med større satsingar på tvers. Vi dobla staten sin innsats og laga landets største regionale kulturfond på 15 millionar i 2025. I 2026 er det regionale kulturfondet i Vestland på nær 30 millionar kroner, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Tre hovudkategoriar
Hovudutvalet vedtok retningslinjer for dei sju nye tilskotsordningane på møtet 11. mars. Regionalt kulturfond Vestland og driftstilskot har søknadsfrist 15. april, fire ordningar har søknadsfrist 30. april, og kulturstipenda har søknadsfrist 1. juni.
Tilskota på feltet under hovudutvalet for kultur, idrett og inkludering er frå no av delte inn i tre hovudkategoriar: drift, nyskaping og investering. Målet er å sjå tiltak i samanheng, også på tvers av fagfelt, samstundes som fylkeskommunen ønskjer å gjere søknadsprosessane enklare og treffe både betre og fleire.
– No håpar vi på mange og gode søknadar, aller helst også frå nye aktørar som kanskje ikkje har fått tilskot frå fylkeskommunen tidlegare. Pengane vi forvaltar skal kome ut og vere til nytte for dei som skaper gode lokalsamfunn og gjer Vestland til det leiande kulturfylket, seier Nødseth.
Fekk 56 innspel
Retningslinjene har i vinter vore ute på ei enkel høyring til kommunar, lag, organisasjonar og andre som søkjer tilskot. Det kom inn til saman 56 innspel, og dei syner brei støtte til målsetjinga om meir oversiktleg og samordna tilskotsforvaltning.
– Vi fekk tilbakemeldingar frå både profesjonelle og frivillige om at det var komplisert og tidkrevjande å søke tilskot, og vanskeleg å finne fram. Slik skal det ikkje vere, og difor sette vi i gang dette arbeidet. I 2026 vil vi også sjå på korleis vi kan samordne rapportering frå aktørane som får støtte frå både kommunar, fylkeskommunen og staten. Det er viktig at vi lyttar til dei vi er til for, og difor ønskte vi også å be om innspel på retningslinjene i innspurten, slik at vi treff best mogleg, seier Nødseth.
På bakgrunn av innspela som kom inn, er det gjort presiseringar, språklege justeringar og enkelte endringar i retningslinjene. Meir omfattande innspel blir tekne med i den vidare prosessen. Du kan lese alle innkomne innspel på denne sida.
To søknadsfristar i april
Alle tilskotsordningane innan kultur og folkehelse er no samla på ei side. Her ligg både dei sju nye tilskotsordningane og eksisterande ordningar som held fram. Blant dei er spelemiddelordningane til fysisk aktivitet og kulturbygg, og ordningar fylkeskommunen forvaltar på vegner av Riksantikvaren.
Dei sju nye tilskotsordningane er:
- Regionalt kulturfond Vestland (nyskaping) – søknadsfrist 15. april
- Driftstilskot til kultur og folkehelse (drift) – søknadsfrist 15. april
- Livskvalitet og sosial utjamning (nyskaping) – søknadsfrist 30. april
- Kartlegging og tilrettelegging for friluftsliv (nyskaping) – søknadsfrist 30. april
- Investeringstilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar (investering) – søknadsfrist 30. april
- Tilskot til nasjonale og internasjonale idrettsarrangement og arenaer (investering) – søknadsfrist 30. april
- Stipend kultur og idrett (nyskaping) – søknadsfrist 1. juni (eigen frist for idrettsstipend til hausten)