Sei meininga di om framtida til Selja kloster og helgenanlegg

Vestland fylkeskommune sender no forvaltningsplan og handlingsplan for Selja kloster og helgenanlegg, og i tillegg kulturmiljøa på øya, på høyring.

Selja kloster og helgenanlegg
SELJA: Selja var bispesete for Vestlandet frå 1068 til 1170, og rundt år 1090 etablerte engelske benedictinarmunkar det første klosteret i landet. Klosteret hadde stordomstida si på første halvdel av 1300-talet. (Foto: Sigrun Espe/Vestland fylkeskommune)

Det vedtok fylkesutvalet i møtet 21. mai. Fristen for å kome med høyringsinnspel er 15. august.

– Klosteranlegget på Selja, og kulturmiljøet på Selja og holmane rundt, er eit nasjonalt viktig kulturminne, som vi skal lage ein heilskapleg, langsiktig og berekraftig forvaltningsplan for. Vi ber no om innspel og gode råd for dette unike anlegget, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Balanse mellom bevaring og bruk

Vestland fylkeskommune har leia arbeidet med Ein forvaltningsplan er ikkje eit juridisk bindande dokument, men ein plan som skal avklare verne- og brukarinteressene i området. Planen skal også avklare arbeidsfordelinga mellom dei ulike aktørane som har tilknyting til Selja, og han skal seie noko om tilrettelegging og tolegrense for besøk. Forvaltningsplanen er først og fremst meint å vere ein rettleiar for vernestyresmaktene. med handlingsdel. Planen er laga saman med Stad kommune, relevante fagmiljø og lokale aktørar. Balansen mellom bevaring og bruk, særleg med tanke på aukande reiseliv, er eit sentralt tema i planen.

– Ruinane etter klosteret og helgenanlegget har bergtatt og fasinert folk i fleire hundre år. Her kan vi sjå fysiske spor etter korleis Noreg vart forma og kristna, og korleis impulsar og tradisjonar frå verda utanfor har påverka oss. Å ta vare på mangfaldet av kulturminna er viktig for å verne den felles hukommelsen vår, og sikre at dei som kjem etter oss får oppleve det same, seier fylkesordføraren.

Samarbeid for å ta vare på Selja

Vestland fylkeskommune er regional kulturstyresmakt for Selja kloster og helgenanlegg. Fylkeskommunen har også vedtaksmynde når det gjeld dispensasjonssøknadar knytt til kulturminnet. Det betyr at det er fylkeskommunen som behandlar og vedtek søknadar om dispensasjonar knytt til ulike tiltak på eller ved ruinane.

Stad kommune har samstundes hatt ei sentral rolle i den praktiske skjøtselen og oppfølginga av anlegget.

Fylkeskommunen og kommunen er to av partane i samarbeidsrådet for Selja kloster og helgenanlegg. Dei andre er Bjørgvin bispedøme, Oslo katolske bispedøme og Opplysningsvesenets fond.

Les meir om klosteret og helgenanlegget på seljakloster.com.