Ønskjer cruiseavgifta velkomen

Vestland fylkeskommune støttar at kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet kan innføre cruiseavgift, men meiner 100 kroner per passasjer er for høgt.

foto av cruiseskip til kai i Eidfjord
AVGIFT: 178 082 cruisepassasjerer besøkte Eidfjord i 2025. Ei cruiseavgift skal brukast til såkalla fellesgode for reiselivet, til dømes vedlikehald av stiar og friluftsområde, toalett og renovasjon, trafikk- og parkeringsløysingar, og andre tenester som blir belasta av mange besøkande. (Foto: Sølve Dag Sondbø/Vestland fylkeskommune)
  • Nærings- og fiskeridepartementet har sendt på høyring eit forslag om innføring av cruiseavgift, med frist 22. juni 2026. Forslaget vart behandla i fylkesutvalet 2. juni.
  • Cruiseavgifta skal gi kommunar med stor reiselivsbelasting eit verkemiddel til å finansiere fellesgode som infrastruktur, tilrettelegging og vedlikehald. Avgifta er foreslått til 100 kroner per cruisepassasjer per hamn, og skal gjelde skip over 100 meter.
  • Vestland fylkeskommune støttar prinsippet om ei slik ordning, men meiner satsen er for høg. Dei peikar på risiko for at høg avgift kan gjere norske hamner mindre attraktive og føre til at cruiseskip vel andre destinasjonar.
  • Avgifta vil ikkje gjelde passasjerskip i fast rute, som ferjer til Danmark og Sverige, og er delvis unnateke for Kystruta.
  • I Vestland er det åtte cruisehamner som kan bli omfatta av ordninga, og kommunane får høve til å innføre avgifta gjennom lokale vedtak.

    Oppsummeringa er laga av KI. Innhaldet er kvalitetssikra av kommunikasjonsseksjonen før publisering.

– 
Med cruiseavgifta kan dei kommunane som ønskjer det få eit tilskot for å legge til rette for og styre cruiseturismen på ein god måte, og ta vare på naturen og andre fellesgode. Men 100 kroner per passasjer er for høgt. Det kan gjere norske hamner mindre attraktive, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Det er nærings- og fiskeridepartementet som har sendt forslag om cruiseavgift på høyring, med frist 22. juni 2026. Saka var oppe i fylkesutvalet tysdag 2. juni.

Same mål som overnattingsavgifta

Cruiseavgifta har same føremål som overnattingsavgifta fylkesutvalet behandla i mars: å finansiere reiselivsrelaterte fellesgode som infrastruktur, tilrettelegging og vedlikehald. Ein viktig skilnad er at cruiseavgifta i større grad treff utanlandske besøkande, og dermed er meir treffsikker opp mot føremålet.

Avgifta gjeld passasjerar som kjem med cruiseskip til hamner i kommunar som har vedteke å innføre ho. Ho gjeld skip over 100 meter og blir rekna per passasjer om bord, uansett alder.


For høg avgift gir risiko for hamneflukt

Departementet foreslår 100 kroner per passasjer per hamn. Vestland fylkeskommune meiner dette er for høgt. Cruisepassasjerar vil då betale langt meir enn dei som bur på hotell på land. Det er òg ein reell risiko for at cruiseskip vel hamner utan avgift. Erfaringar frå Island, som har innført ei endå høgare avgift, viser at dette faktisk skjer.
 

Vil ikkje gjelde «Danskebåten»

Passasjerskip i fast rute mellom norsk og utanlandsk hamn har fritak frå avgifta (t.d. ferjer til Danmark, Sverige og Tyskland).
Kystruta har delvis fritak frå avgifta. Reisande som nyttar skipet som transportmiddel, og ikkje som cruiseprodukt, blir ikkje avgiftslagde, medan passasjerar som er ein del av eit cruise-/turprogram må betale.

Kva skal kommunane gjere for å innføre avgift?

I Vestland er det åtte cruisehamner, desse er Eidfjord, Bergen, Vik, Flåm, Skjolden, Måløy, Nordfjordeid og Olden. Cruiseavgifta er dermed aktuell i kommunane der desse hamnene ligg.

Kommunane kan i kommunestyret innføre forskrifta. Begge avgiftene, både cruiseavgift og overnattingsavgift, bygger på same lovgrunnlag og gir kommunen eit frivillig verktøy til å finansiere fellesgode knytt til reiseliv, som infrastruktur, tilrettelegging og vedlikehald.
 

2025-TAL HAMN

TAL CRUISEPASSASJERAR

Eidfjord

178 082

Bergen

683 751

Vik

75 548

Flom

345 510

Skjolden

101 234

Måløy

128 310

Nordfjordeid

228 747

Olden

TOTALT

295 911

 

2 037 093

 

 



Dette er vedtaket

Vestland fylkeskommune sine høyringsinnspel til forskrift om cruiseavgift:
1. Vestland fylkeskommune støttar at kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet kan innføre forskrift om cruiseavgift. 

2. Vestland fylkeskommune meiner kommunar som inngår i eit naturleg reisemål saman med andre kommunar, skal inngå i felles plan for bruken av midlane slik at ein kan bøte på område med urimeleg slitasje forårsaka av cruisegjestar frå hamn i ein annan kommune.
  
3. Vestland fylkeskommune meiner departementet må tydeleggjere kva som er meint med «særleg stor belastning» i lovteksten § 1-1(1). 

4. Vestland fylkeskommune meiner at ordninga om cruiseavgift skal vere enkel, forutsigbar og basert på eit fast kronebeløp. 

5. Vestland fylkeskommune meiner at ei avgift på 100 kr per cruisepassasjer er for høg. Satsane bør innførast på moderat nivå. Auke i avgifta kan vurderast i samband med evaluering av ordninga.

6. Vestland fylkeskommune meiner departementet må tydeleggjere kva som er meint med «tenester» i lovteksten § 1-1(2).

7. Vestland fylkeskommune støttar at det ikkje skal krevjast inn avgift når passasjerar nyttar kollektivtilbod, til dømes Kystruten eller utenlandsferjer. Det skal heller ikkje krevjast avgift ved korte stopp (ref. Kystruten som har stopp på under ein time).


Samarbeider om besøksforvaltning

Gjennom prosjektet Besøksforvaltning i Vestland samarbeider Vestland fylkeskommune med kommunane om korleis vi kan rigge ei god reisemålsleiing i fylket. I prosjektet er det også eit tema korleis vi kan møte behovet for kompetanseheving for både politisk og administrativt nivå i kommunane. Det trengst meir kunnskap om korleis vi kan utvikle reisemålet økonomisk, utan at det går ut over dei akseptable grensene for sosial og miljømessig toleevne.
 
Til sak 163/2026 Høyringsinnspel til forskrift om cruiseavgift 

foto av cruiseskip
FJORDCRUISE: Queen Mary 2 er flaggskipet til Cunard og går først og fremst i fast trafikk mellom Southampton og New York som verdas siste verkelege «ocean liner». Men ho går også på cruise til norske fjordar fleire gonger i året. Her passerer skipet Tysnes og Stord, gjennom Langenuen. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)