Nye krav til drosjesentralar skal gi tryggare drift og meir rettferdig konkurranse
Frå 1. juli innfører regjeringa krav om internkontroll for drosjesentralar. Det er fylkeskommunane som skal føre tilsyn med at sentralane etablerer og følgjer opp dei nye reglane.
– Målet med det nye kravet er betre etterleving av regelverket, meir rettferdig konkurranse og tryggare drift i næringa, seier Janne Dokken, seksjonsleiar for stab og forvaltning på avdelinga for mobilitet og kollektiv i Vestland fylkeskommune.
Kva inneber internkontrollen?
Internkontrollen handlar mellom anna om rutinane og tiltaka sentralen brukar for å sikre at drosjesentralen og løyvehavarane følgjer gjeldande reglar.
Drosjesentralen får eit overordna ansvar for internkontrollen. Dei skal mellom anna kartleggje risiko, etablere rutinar for å førebyggje og handtere avvik. Dei skal også sikre opplæring og følgje opp feil, i tillegg til å dokumentere arbeidet.
Like konkurransevilkår
Fylkeskommunen skal føre tilsyn med at sentralane har etablert og følgjer opp systemet for internkontroll. Ved alvorlege manglar kan det bli krav om retting eller i verste fall tap av løyve til å drive drosjesentral eller sentralløyve.
– Dette skal bidra til eit systematisk forbetringsarbeid og sikre at verksemda blir planlagd, organisert og utført i samsvar med gjeldande regelverk. Vi får betre oversikt, tryggare tenester for kundane og legg til rette for like konkurransevilkår i drosjenæringa, seier Dokken.
Drosjeutval
Regjeringa oppretta i 2022 eit drosjeutval som fekk i oppdrag å vurdere kva for krav som skal stillast for å sikre ei seriøs drosjenæring. Det vil seie ei næring som gir tryggleik for kundane, gode arbeidsforhold og kvit økonomi i næringsverksemdene. Utvalet jobba også med tiltak for å sikre kontroll og tilsyn med næringa.
Som ein del av arbeidet med å sikre ei meir seriøs drosjenæring har løyvegruppa i Vestland fylkekommune prioritert å vere meir til stades på kontrollar langs vegen. Dette gjeld både i samband med A-krim-kontrollar og ordinære kontrollar med Statens vegvesen, Justervesenet og politiet. Kontrollane viser at det er framleis stort behov for å kontrollere denne næringa.