No kan innovasjonsaktørar søkje om avtale med Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune lyser ut innovasjonsavtalar for perioden 2027–2029. To ordningar er no opne for søknad: éi for sentrale innovasjonsaktørar i fylket og éi for operatørar av næringshage- og inkubatorprogram.

foto av florø i kinn kommune
INNOVASJON: Vestland fylkeskommune lyser ut innovasjonsavtalar for å styrkje innovasjonsevna, konkurransekrafta og vekstpotensialet til små og mellomstore bedrifter i heile fylket. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Innovasjonsavtalar er den nye ordninga som erstattar tidlegare samarbeidsavtalar. Målet er å styrke samspelet mellom offentlege ressursar og dei aktørane som driv innovasjonsarbeid på vegne av fellesskapet — og å sikre at innsatsen frå fleire bidragsytarar trekkjer i same retning. 

Skal styrkje innovasjon i næringslivet

Den eine ordninga er retta mot sentrale innovasjonsaktørar i Vestland, og skal styrke innovasjonsevna, konkurransekrafta og vekstpotensialet til små og mellomstore bedrifter i heile fylket. 

Den andre er spesielt retta mot operatørar av næringshage- og inkubatorprogram. Gjennom opptak i Siva sitt inkubasjons- og næringshageprogram har desse aktørane ei sentral rolle i det regionale innovasjonssystemet. Ordninga skal støtte selskapa og bidra til å styrke deira rolle som regionale utviklingsaktørar — med mål om å fremje gründerskap, nyetableringar og omstillingsevne hos små og mellomstore bedrifter i Vestland. 

Tett samarbeid, betre ressursbruk 

Gjennom tettare samarbeid mellom fylkeskommunen og innovasjonsaktørane ønskjer Vestland fylkeskommune å utnytte kompetanse og ressursar betre, unngå dobbeltarbeid og sikre ein meir koordinert og effektiv innsats for næringslivet i fylket. 

Les meir om ordningane, og korleis du søkjer: