Mellombels stans i publisering av postlista i sommar
Vestland fylkeskommune stansar mellombels publiseringa av den offentlege postlista på e-innsyn i veke 29–33 (13. juli – 14. august).
Dokumentsenteret har redusert kapasitet i sommar på grunn av ferieavvikling og høgt saksvolum. For å sikre kvaliteten på det som vert publisert har vi valt å stanse stanse nettpubliseringa av postlista i denne perioden.
Journalføringa held fram som normalt
Den interne journalføringa av all inn- og utgåande post held fram utan avbrot i heile perioden. Det er berre nettpubliseringa på e-innsyn som vert sett på pause.
Når kjem postlista tilbake?
Frå veke 34 startar vi opp publiseringa igjen. Postlistene frå perioden 13. juli – 14. august vil då bli gjort tilgjengelege.
Innsynsretten din gjeld framleis
Sjølv om postlista ikkje blir publisert på e-innsyn i sommar, har du framleis full rett til innsyn.
- Frå veke 34 startar vi opp publiseringa igjen, og postlistene frå perioden 13. juli –14. august blir då gjort tilgjengeleg via einnsyn.no
- Innsyn blir gitt etter offentleglova § 10
- Frå og med veke 34 vert journalpostar publiserte på postlista fem verkedagar etter journalføringsdato.