Inntaket til vidaregåande klart: I år får fleire førstevalet sitt

Alle søkjarar med rett til opplæring har no fått tilbod om skuleplass på vidaregåande skular i Vestland. For å sikre plass til alle, er det oppretta tre nye klassar i løpet av sommaren.

Elevar i eit klasserom
NYTT SKULEÅR: Inntaket til dei offentlege vidaregåande skulane i Vestland er klart (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Fylkeskommunen har i år registrert og behandla over 24 000 søknader til dei offentlege vidaregåande skulane i fylket. Over 20 000 søkjarar er tatt inn på ulike tilbod. Alle søkjarar har fått eit tilbod som er i tråd med deira rett til skuleplass. 

Etter tredje inntaksrunde har 84 prosent av søkjarane fått førstevalet sitt. Dette er ein auke frå i fjor då 82 prosent fekk førstevalet sitt. Dei som har fått tilbod i Vigo i denne runden takkar ja ved å møte på skulen første skuledag.

Tre nye klassar

Det er i år oppretta tre klassar i løpet av inntaket. Dette har gjort at fleire søkjarar har fått eit tilbod dei har ønskt seg. Dei tre klassane fordel seg slik på skule og utdanningsprogram: 

Skule Nivå Utdanningsprogram/tilbod
Voss gymnas Vg1 Helse- og oppvekstfag
Sotra vgs.  Vg1 Sal, service og reiseliv
Arna vgs. Vg3  Påbygg

 

Det er igjennom inntaket justerte ned tolv klasser på grunn av lågt søkjartal. Søkjarane sitt val av skule og tilbod på skulen er ikkje påverka av denne endringaUtdanningstilboda ved skulane er uendra etter justering, og søkjarane som har ingen venteliste for søkjarar med rett til tilbod får plass ved skulen.

Dei nedjusterte tilboda er:

Skule Nivå Utdanningsprogram/tilbod
Arna vgs. Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
Arna vgs. Vg1 Helse- og oppvekstfag
Arna vgs. Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
Arna vgs. Vg2 Informasjonsteknologi
Arna vgs. Vg2 Helsearbeidarfag
Arna vgs. Vg2 Tømrar
Askøy vgs. Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
Fusa vgs. Vg1 Naturbruk
Osterøy vgs. Vg2 Industriteknologi
Sotra vgs.  Vg2 Helsearbeidarfag
Stord vgs. Vg2 Industriteknologi
Åsane vgs. Vg1 Helse- og oppvekstfag

 

Justeringane i tilbodet er gjort i tråd med den administrative fullmakta som er gitt av Hovudutval for opplæring og kompetanse. Etter justeringa har alle søkjarar til vg1 fått eit tilbod innanfor inntaksområdet sitt i tråd med regelverket.

Møt fram til skulestart

Det er viktig at alle elevar møter på skulen til skulestart der dei har fått tilbod om skuleplass. Dei som ikkje møter, mister plassen – som då blir gitt vidare til andre søkjarar. Elevane får informasjon om skulestart direkte frå skulen. Oppdatert informasjon finst òg på nettsidene til skulane. 

Her er liste over ledige plassar ved dei vidaregåande skulane (PDF).

Elevar som ønskjer plass på tilbod som er ledige, kan ta kontakt med den skulen dei ønskjer å gå på. 

Informasjon om skulestart  

Dei vidaregåande skulane legg ut informasjon om skulestart på nettsidene sine. 

Finn skulen din.

Oversikt over poenggrenser ved inntak til vidaregåande skular

Oversikta over nedre poenggrenser blir publisert måndag 10. august i denne saka.