Frå idé til liv i bygda – Bolstadøyri vil skape meir aktivitet og fellesskap

Bolstadøyri grendalag har fått 80 000 kroner frå LivOGLyst-programmet til Vestland fylkeskommune for å skape meir aktivitet, møteplassar og bulyst i bygda.

IDEMYLDRING: Erik Hanson (ståande) og Kaia Bolstad (ståande lengst bak) i prosjektstyret er strålande nøgde med både oppmøte og engasjement under idèmyldringa. (Foto: Ingrid Kristiane Fardal, Vestland fylkeskommune)
IDEMYLDRING: Erik Hanson (ståande) og Kaia Bolstad (ståande lengst bak) i prosjektstyret er strålande nøgde med både oppmøte og engasjement under idèmyldringa. (Foto: Ingrid Kristiane Fardal, Vestland fylkeskommune)

LivOGLyst-programmet Vestland er ei fylkeskommunal satsing for lokalsamfunn som vil styrkje fellesskap, engasjement og bulyst.

  • Retta mot bygder og lokalsamfunn i Vestland
  • Byggjer på brei involvering av innbyggjarane
  • Startar ofte med eit forprosjekt, som kan føre vidare til hovudprosjekt
  • Målet er varig lokal utvikling – ikkje kortvarige tiltak
  • Neste søknadsfrist er 1. november 2026
  • Les meir om LivOGLyst og korleis du søker

 

 

Bolstadøyri er ei relativt lita grend i Voss herad. Ved årsskiftet telde grenda 216 innbyggjarar fordelt på 167 vaksne og 49 born under 15 år. Bygda er peikt ut som eit viktig utviklingsområde vest i kommunen. Her er det god plass til nybygging og tilflytting. Bygda har utfordringar knytt til svak folketalsvekst, litt uavklara bustadbygging og uro rundt vidare drift av barnehagen. Grendalaget håpar at LivOGLyst-prosjektet kan bidra til å samle bygda rundt nye idear. 

FOTO AV TEIKNING AV HJARTE
KJÆRLEIK TIL BYGDA: Dei største styrkene til Bolstadøyri er i følgje bygdelaget mangfaldet og viljen til å stille opp. (Foto: Ingrid Kristiane Fardal, Vestland fylkeskommune)

Starta med ope møte

Det heile starta med eit ope møte, før søknaden om forprosjektmidlar vart send. 32 menneske møtte fram og konkluderte samrøystes med at jo, dette vil vi vere med på! Aldersspennet i gruppa var frå 19 til 75 år, og kjønnsbalansen var god.  

Laget fekk inn mange idear, og det var stor interesse for å gjere noko.  

Eit av kriteria for å søke på LivOGLyst-programmet, er at initiativet til prosjektet kjem frå innbyggarane, og at prosjektet er blitt forankra i lokalsamfunnet i forkant av søknaden. 

Ei god forankring i lokalsamfunnet før ein søker om å bli forprosjekt er med på å styrke søknaden, og kan gi ein ekstra god start på prosjektet, seier programansvarleg Ingrid Kristiane Fardal i Vestland fylkeskommune.

foto av personar som står i eit rom
PROSJEKTSTYRE: Det var slett ikkje vanskeleg å få folk til å ta på seg verv, desse stilte opp! Frå v. Chiara Anchesci, Kaia Bolstad, Erik Hanson, Roar Andersen (erstatta seinare av Andreas Nyland) og Vegard Bolstad. (Foto: Ingrid Kristiane Fardal, Vestland fylkeskommune)

Ung prosjektleiar

På det første møtet melde det seg spontant fem-seks personar som ville sitje i prosjektstyret. Ein av dei som engasjerte seg på møtet var 19 år gamle Kaia Bolstad. Ho vart etter kvart prosjektleiar. 

– Eg vart ein del av ungdomslagsstyret i fjor, og møtte på det opne møtet før vi søkte, fortel ho. 

Bolstad studerer i Bergen, men kjem frå Bolstadøyri og ønskjer å bidra til aktivitet i bygda. 

– Eg trur eg kjem til å flytte tilbake når eg vert vaksen, seier ho. 

Prosjektstyret speglar også mangfaldet i bygda. 

– Vi har eit par som har kjøpt hus på Bolstad, dei er frå Brasil og Italia. Det er spennande å få inn nokre heilt nye innfallsvinklar, seier Bolstad. 

Dette er ein YouTube-video YouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen

Saknar møteplassar

Eit viktig tema som kom opp på møtet, var behovet for fleire uformelle møteplassar. 

– Vi har ingen butikk eller noko lenger, så det saknar folk, seier Bolstad. 

Ungdomshuset blir brukt til konfirmasjonar og quiz, men mange etterlyser fleire lågterskelarenaer i kvardagen. 

– Litt av målet med prosjektet er å gjere det triveleg for alle generasjonar, studentar, pensjonistar, skuleungdom og barnefamiliar, seier Astrid Rongen i grendalaget. 

Eit LivOGLyst-prosjekt skal formast av heile lokalsamfunnet på tvers av alder, bakgrunn og interesser. Dette er med på å halde liv i gamle tradisjonar samtidig som ein får fram nye, spanande idear der alle får moglegheit til å bidra og delta i det ein synest er gøy, seier Fardal.

foto av tre personar inne
PIZZA EIN VINNAR: Ikkje vent, gå i gang, og spander gjerne pizza, er råda frå grendalaget til andre som ynskjer meir liv i bygda. Frå v. Kaia Bolstad, Erik Hanson og Andreas Nyland (Foto: Ingrid Kristiane Fardal, Vestland fylkeskommune)

Peikar på mangfald og dugnadsånd

Mangfaldet i bygda og viljen til å stille opp er noko av det Bolstad og Rongen trekkjer fram som styrkane til Bolstadøyri. 

– Det bur mange ulike folk her, både i alder og med ulike bakgrunnar og etnisitetar. Vi har eit stort kulturelt mangfald, seier Bolstad. 

Ho meiner også at dugnadsånda står sterkt. 

Rongen peikar og på at bygda allereie har fleire møteplassar og initiativ å bygge vidare på. 

– Vi har bedehus, ungdomshus, barnehage og bokkafé der vi samlar inn og låner ut bøker, seier ho. 

foto av hender og teikningar på eit bord
STORT ENGASJEMENT: Alle dei frammøtte teikna sine tankar om livet på Bolstadøyri. (Foto: Ingrid Kristiane Fardal, Vestland fylkeskommune)

Mange idear på bordet

Det har alt kome fram ei rekke idear til aktivitetar. 

– Folk ønsker seg fleire idrettstilbod, klatreklubb, konsertar, temafestar, kurs i lokale mattradisjonar, dansekurs og kanskje badstove, ramsar Bolstad opp. 

Ho trur bygda kan hente inspirasjon frå aktivitetar som fanst før, då det var skule i bygda. Då var det tilstellingar som revy eller karneval for heile bygda. 

Neste steg i prosjektet er å involvere fleire i arbeidet. 

– Vi skal ha styremøte og sjå på andre LivOGLyst-prosjekt. Vi planlegg og å arrangere pizzamøter for ulike aldersgrupper for å høyre kva som skal til for å engasjere dei, seier Bolstad. 

På det første møtet var det særleg mange i alderen 30 til 60 år som møtte opp. Framover vil dei gjerne høyre meir frå barn, ungdom og pensjonistar. 

Råd til andre bygder

Både Bolstad og Rongen oppmodar andre lokalsamfunn til å søkje LivOGLyst-midlar. 

– Ta ein pangstart og ikkje planlegg for mykje i forkant. Fiks mat og gå rett på folkemøte, seier Bolstad. 

Rongen legg til at openheit er viktig. 

– Ha stor takhøgde, legg til rette for at folk kan seie meininga si og vere med og bidra.

– Alle kan ta initiativ til å starte eit LivOGLyst-prosjekt, men det er lurt å få med seg fleire frå lokalsamfunnet sitt, slik at ein er ei god gruppe som kan jobbe saman med søknad og forankring av denne. Så er det berre å brette opp ermane og køyre på dersom ein vert tatt opp i programmet, seier Fardal.

DRAUMEVEGGEN: Splotting er ein kreativ måte å få fram tankar og draumar på papir. 
(Foto: Ingrid Kristiane Fardal, Vestland fylkeskommune)
DRAUMEVEGGEN: Splotting er ein kreativ måte å få fram tankar og draumar på papir. (Foto: Ingrid Kristiane Fardal, Vestland fylkeskommune)

Vil vise at idear kan bli til handling

Forprosjektet på Bolstadøyri starta i januar og skal hjelpe bygda med å utvikle ideane vidare. Målet er etter kvart å søkje om eit hovudprosjekt. 

Men aller først vil dei vise at idear kan bli til handling. 

– Det er viktig å realisere nokre av ideane slik at folk ser at dei har påverknad. Elles mistar folk engasjementet, seier Rongen. 

Bolstad opplever allereie at prosjektet har gitt henne ei ny rolle i bygda. 

– Eg har fått uttrykt det eg saknar. Alt av aktivitet døydde ut etter kvart som eg vaks opp. No føler eg at eg kan få ballen litt i gang når eg sit i styret sjølv. No vert det diskotek! 

Drøymer om meir kvardagsfellesskap

Både Kaia Bolstad og Astrid Rongen håpar prosjektet kan gjere det lettare for folk å møtast i kvardagen. 

– Eg drøymer om mange små arrangement, og at folk tør å invitere naboane sine på besøk, slik ein gjorde meir då eg var mindre. At folk vert meir inkluderande i kvardagen og ikkje sit så mykje heime i sine eigne hus og berre går ut på store arrangement, seier Bolstad. 

Ho håpar også at terskelen for å møtast ute i bygda blir lågare. 

– Til dømes at folk går på stranda og brenner bål i ny og ne, og tek med seg ein ekstra. 

foto av to personar
DET GODE LIV: Bjarne Ryland og Astrid Rongen får ned tankar om kva dei meiner er viktig for eit godt liv på Bolstadøyri. (Foto: Ingrid Kristiane Fardal, Vestland fylkeskommune)

Her er alle LivOGLyst-prosjekta i Vestland

 

Hovudprosjekt

 

Follese

Askøy

Hatlestrand, Ølve, Varalsøy (HØV'et)

Kvinnherad

Viksdalen

Sunnfjord

Milde og Hjellestad

Bergen

Sørbøvåg

Hyllestad

Eikefjord

Kinn

Bua

Sveio

Løvstakken

Bergen

Salhus

Bergen

Sørsida

Høyanger

Auklandshamn

Sveio

Kyrkjebø

Høyanger

Nordsida

Stryn

Ålvik

Kvam Herad

Brekke

Gulen Kommune

Ljøsne

Lærdal

Fjærland

Sogndal

Bulken

Voss

Førdefjorden

Askvoll

Forprosjekt

 

Davik

Bremanger

Naustedalen

Sunnfjord

Nordnes

Bergen

Husebøkrinsen

Alver

Flekke

Fjaler

Oksenhalvøya

Voss

Almenningen

Kinn

Bolstadøyri

Voss

Flatraket

Stad

Oldedalen

Stryn

Selje

Stad

Smørås

Bergen

Stanghelle

Vaksdal

Våge

Fjaler