Desse vegprosjekta blir lyst ut i år

Vestland fylkeskommune lyser ut store og små vegprosjekt i 2026. Det omfattar ferjekaier, bruer, rassikring, vegvedlikehald og bynære oppgraderingar i store delar av fylket.

Ein foss med kvitt vatn strøymer nedover ei fjellside og under ei øydelagt bru. Vatnet i fjorden er grønt.
NY BRU: Edna bru i Ullensvang fekk hard medfart av uværet «Jacob» i 2024. I år startar arbeidet med planlegging. Bygging av ny bru startar i 2027. Foto: Morten Søreide-Iversen/Vestland fylkeskommune

Prosjekta som er klare for utlysing spenner over fleire fagområde og geografiske område, og omfattar både kyst, by og distriktskommunar. Det er snakk om alt frå nye ferjekaier og utskifting av bruer, til skredsikring, tunnelarbeid, veglys og trafikksikring i pressområde.

– I 2026 skal vi lyse ut ei rekkje viktige vegprosjekt over store delar av fylket. Tiltaka er prioriterte ut frå behov for trafikksikkerheit, framkome og driftstryggleik. Mange av dei tek tak i kjende utfordringar knytt til slitasje, rasfare og kapasitet på fylkesvegnettet, seier seksjonsleiar Gunhild Vangsnes i Vestland fylkeskommune.

Tiltaka skal gi betre framkome, auke trafikktryggleik og gi meir robust infrastruktur i møte med både klimaendringar og aukande transportbehov. Fleire av prosjekta er retta mot kjende utfordringar langs fylkesvegane som flaum, rasfare og kapasitet, medan andre skal leggje til rette for tryggare ferdsel for mjuke trafikantar i tettbygde området.

Fylkeskommunen har ansvar for planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegane. Vi har ansvar for

  • 287 tunnelløp
  • 2083 bruer
  • 5600 km fylkesveg
  • 306 km gang- og sykkelveg
  • 76 fylkesvegkaiar
  • 273 skredpunkt (høg og middels skredfaktor)

 

Ferjekaiar og bruvedlikehald

  • Fv. 616 Måløy ferjekai (Kinn kommune): Ny tilleggskai, kostnad ca. 50 mill. kr., utlyst med frist 9. mars 2026. Ferdig januar 2027.
  • Fv. 552 Hatvik og Venjaneset ferjekai (Bjørnafjorden kommune): Ombygging av to ferjekaier, kostnad ca. 70 mill. kr., utlysing våren 2026. 
  • Fv. 614 Isane ferjekai (Bremanger kommune): Ny tilleggskai og tilrettelegging for lading, kostnad ca. 50 mill. kr., utlysing våren 2026. 
  • Samlekontrakt bruvedlikehald Vestland sør (fleire kommunar i Vestland sør): Vedlikehald av om lag 40 bruer, kostnad ca. 60 mill. kr., utlysing hausten 2026.

Skredsikring og rassikring

  • Fv. 5410 Fadnesberget (Voss kommune): Pilotprosjekt for innovativ skredsikring. Utlyst med frist 23. februar 2026.   
  • Fv. 614 Svelgenvatnet III (Bremanger kommune): Inspeksjon, reinsk og bolting frå tau, kostnad ca. 15 mill. kr., utlysing februar/mars 2026. 
  • Fv. 5818 Landsvika og fv. 5458 Kvammaberget (Alver kommune): Reinsk, sikring og fangnett, kostnad ca. 18 mill. kr., utlysing hausten 2026.

Tunnel og vegdekke

  • Folgefonntunnelen (Ullensvang og Kvinnherad kommunar): Fresing og asfaltering, kostnad ca. 15 mill. kr., utlysing våren 2026. 
  • Årlege dekkekontraktar (Vestland nord, SABO, BOA og Nordhordland – fleire kommunar): Asfalt og dekkevedlikehald, kostnad ca. 40 mill. kr. per kontrakt, utlysing våren 2026.
  • Djupstabilisering. 2027: Nordlege og indre delar av Vestland nord. 2028: Vestland sør. Kostnad: 150 mill. kr. Utlysing: haust 2026
  • Betongrekkverk (heile fylket). Toårig kontrakt. Rammeavtale med bestilling undervegs i kontraktperioden. Kostnad: 30 mill.kr. Utlysing: 2026/2027.

Elektro og veglys

Veglys Sogn (Høyanger, Vik, Sogndal, Luster og Lærdal kommunar): Ombygging av veglys til LED, utlysing mars 2026.

Vegdrift

  • Rammeavtale mindre vegdrift Nordfjord Ytre (Kinn og Bremanger kommunar): Vegdrifts- og vedlikehaldsarbeid, kostnadsramme ca. 35 mill. kr., utlysing våren 2026.
  • Rammeavtale for vegvedlikehald for fleire driftskontraktar (Forkorting på driftskontrakten i Bergen, Os (Bjørnafjorden) og Austevoll., Forkorting på Sotra, Askøy, Øygarden og deler av Bergen (vest). og Nordhordland). Toårig kontrakt. Ramme: 100 mill.kr. Utlysing haust/vinter 2026/2027
  • Driftskontrakt for BOA – Bergen Os og Austevoll. Femårig kontrakt. Utlysing haust 2026.

Vegprosjekt

Bergen og omegn

  • Fv. 5324 Hagerups veg – Storetveitvegen–Nattlandsvegen (Bergen kommune): Oppgradering for syklande, gåande og kollektiv, kostnad litt over 60 mill. kr., utlysing første kvartal 2026. 
  • Fv. 5198 Sædalselven (Bergen kommune): Utbetring av veg og fortau med jetpeling, kostnad ca. 50 mill. kr., utlysing første kvartal 2026. Byggetid: 10-12 månadar.
  • Fv. 5190 Apeltunvegen (Bergen kommune): Trafikksikkerheitstiltak, kostnad ca. 30 mill. kr., utlysing tidleg 2026. Byggetid: 10-12 månadar.
  • Fv. 5348 Klostergaten (Bergen kommune): Gateopprusting med vekt på mjuke trafikantar, kostnad ca. 80 mill. kr., utlysing sommar 2026.
  • Fv. 587 Søylen-Sundsbrua (Bergen kommune): Utskifting av bru, kostnad 40-50 mill.kr. Utlysing årsskiftet 2026/2027.
  • Fv. 587 Grimesvingane (Bergen kommune): Utbetring av dei mest kritiske punkta. Kostand 7 mill.kr. Utlysing: i løpet av 2026. Byggetid: 1 år.
  • Fv. 560 Trengereid-Skogsskiftet (Øygarden kommune): Utviding av veg, kollektiv, gang- og sykkelveg. Kostnad: 172 mill.kr. Utlysing vinter 2026.
  • Fv. 5238 Vindkjeften bru (Øygarden kommune): Store korrosjonsskadar, nytt brudekke. Kostnad: 16 mill.kr. Utlysing våren 2026.
  • Fv. 5276 Breiviksundet bru (Øygarden kommune): Store korrosjonasskadar, bruplate må bytast ut. Kostnad: 20 mill.kr. Utlysing våren 2026.
  • Fv. 5158 Nordvik-Straumen (Bergen og Bjørnafjorden kommunar): Trygg skuleveg, bru blir byta ut med kulvert, kostnad 29 mill.kr., utlysing våren 2026. Byggetid: 1 år.

Nordhordland

  • Fv. 569 Flaumsikring av elva ved Slottet (Modalen kommune): Kostnad: 40 mill.kr., utlysing vinter 2026/2027.
  • Fv. 5096 Simadalen || (Eidsjord): Oppstart i 2026. Kostnad: 36 mill.kr.
  • Fv. 571 Mollandseid bru (Masfjorden kommune): Ny bru og vegutviding, kostnad ca. 48 mill. kr., utlysing våren 2026. 
  • Fv. 5458 Ostereidet–Lindsdalen (Alver kommune): Etablering av fortau, kostnad ca. 32 mill. kr., utlysing våren 2026. 
  • Fv. 5591 Rørdalsfjord bru (Solund kommune): Ny bru, kostnad ca. 88 mill. kr., utlysing vår/sommar 2026. 
  • Fv. 564 Fløksand-Vikebø (Alver kommune): Utbetring av eksisterande veg og bygging av ny veg, kostnad: 320 mill.kr., utlysing 2026/2027.

Vest

  • Fv. 49 Fossenbratte (Samnanger kommune): Tunneloppgradering, kostnad ca. 104 mill. kr., utlysing april 2026. Byggetid: 1-1,5 år.
  • Fv. 550 Eitrheimstunellen (Ullensvang): Tunelloppgradering, kostnad: 228 mill.kr, utlysing i 2026. Byggetid: 2 år.
  • Fv. 550 Herandselva bru og Samland bru (Ullensvang kommune): Ny bru, kostnad ca. 45 mill. kr., utlysing sein vår/sommar 2026. Byggetid: 8-10 månadar.
  • Fv. 550 Edna bru (Ullensvang kommune): Ny bru. Planlagt bygging i 2027. Kostnad: 120 mill.kr.

Sør

  • Fv. 47 avkøyring til Sveio (Sveio kommune): Ein del av Haugalandspakken. Kostnad: 33 mill.kr., utlysing i 2026.
  • Fv. 5276 Breiviksund bru (Øygarden kommune): Utskifting av bruplate, kostnad ca. 20 mill. kr., utlysing våren 2026. 

Nord

  • Fv. 630 Øvre Kvamme bruer (Lærdal kommune): Utskifting av to bruer, kostnad ca. 34 mill. kr., utlysing hausten 2026.
  • Fv. 60 Storeelva bru (Stryn kommune): Ny bru, utlyst med frist 13. mars 2026. Byggetid: 1 år.
  • Fv. 618 Eidekrysset (Stad kommune): Utbetring av kryss. Kostnad: 5-10 mill.kr. Oppstart haust 2026.
  • Ljoteli || (Årdal kommune): Ønskje dialog med entreprenø med tanke på løysing. Kostnad: 30 mill.kr. Bygging: vår, sommar, haust 2027.
  • Førdepakken Angedalsvegen-Hafstad: Kostnad 451 mill.kr. Oppstart 2027.
  • Ferjeavløsying Askvoll-Atløy (Askvoll kommune): Kostnad: 1839 mill.kr. Kontraktsignering august 2026.

På vlfk.no kan du til ei kvar tid følgje med på kva vegprosjekt vi jobbar med: Sjå våre fylkesvegprosjekt i kart.