Heimeskule for fleire vidaregåande skular

På grunn av den svært krevjande vêrsituasjonen i Vestland med fleire stengde vegar, skred og flaum, blir det heimeskule torsdag 6. mars ved Sogndal vgs., Førde og Årdal vgs. I tillegg blir det hybridskule ved fem andre skular.

UVÊR I VESTLAND: Utfordrande vêr med fare for ras og flaum på vegane gjer at det er heimeskule ved fleire vidaregåande skular i fylket 5. og 6. mars. Mange fylkesvegar er stengde, som her på fv. 5724 i Oldedalen. Foto: Jon Roger  Falkgjerdet Nygård/Vestland fylkeskommune
UVÊR I VESTLAND: Utfordrande vêr med fare for ras og flaum på vegane gjer at det er heimeskule ved fleire vidaregåande skular i fylket 5. og 6. mars. Mange fylkesvegar er stengde, som her på fv. 5724 i Oldedalen. Foto: Jon Roger Falkgjerdet Nygård/Vestland fylkeskommune

Det blir hybridskule, altså heimeskule for dei elevane som bur i rasutsette område, som går på Voss gymnas, Odda, Voss, Kvam og Høyanger vgs. torsdag 6. mars. Skulane er opne for dei andre elevane. 

Mange elevar med lang reiseveg 

Dette er bestemt onsdag kveld etter oppdatert informasjon knytt til situasjonen på vegane i områda. Det er raudt farevarsel for flaum og snøskred i Vestland, særleg i indre strok, og store nedbørsmengder. Mange vegar er allereie stengde grunna skred eller flaum, og situasjonen vil vere uoversiktleg framover.  

 Mange av elevane til dei vidaregåande skulane kjem frå fleire ulike kommunar og har lang reiseveg, så dermed går vi for heimeskule og hybridskule i dei utsette områda, seier Bjørn Lyngedal, direktør for opplæring og kompetanse. 
 

Uoversiktleg situasjon på fylkesvegane 

Mange fylkesvegar er allereie stengde onsdag grunna snø- og sørpeskred eller flaum. 

Fleire vegar kan bli stengde på kort varsel grunna fare for skred og flaum, av omsyn til tryggleiken for trafikantane. Situasjonen kan endre seg veldig raskt no, og vi ber folk vise varsemd,  seier Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg, Vestland fylkeskommune.  
 
Folk er bedne om å vurdere om det er naudsynt å dra ut på vegen i det heile tatt torsdag i desse områda. Fylkeskommunen vurderer situasjonen fortløpande i lag med andre etatar. Oppryddingsarbeidet startar så snart situasjonen er trygg nok.  

Skyss følgjer situasjonen 

Kollektivtrafikk og skuleskyss går som normalt, men der lokale tilhøve fører til stengde vegar kan det vere avvik. Skyss følger situasjonen tett, og ber dei reisande følgje med på skyss.no eller i Skyss-appen, i tillegg til 175.no for veginformasjon.  

Må du avbestille time hjå tannhelsetenesta? 

Dersom tannklinikken er stengt grunna usikre tilhøve på vegane, får du direkte beskjed frå tannklinikken om det. Dersom du ikkje kjem deg til tannklinikken på grunn av stengd veg, eller at det ikkje er tilrådd å køyre, kan du ta kontakt med den aktuelle tannklinikken og avbestille timen.  

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand hjå Statsforvaltaren har vidareformidla pressemeldinga frå Statens vegvesen der dei ber reisande vurdere om du verkeleg må køyre. Les pressemeldinga her Uvêret på Vestlandet: Vurder om du må køyre! | Statens vegvesen 

Hald deg oppdatert i desse kanalane 

  • 175.no, vegtrafikksentralen: Her får du informasjon om det som skjer i trafikken og hjelp til å finne omkøyringsvegar. Dette er lik informasjon som du finn i appen. https://www.vegvesen.no/trafikk  
  • Appen Vegvesen trafikk: App frå Statens vegvesen, som gir enkelt tilgang til informasjon på vegane i heile landet. Her kan du sjekke status på strekningar du skal køyre. Du kan også få varsel om område og ruter, som du har lagra i favorittane dine.  
  • Yr.no: Sjekk vêret på yr.no før du køyrer. Der finn du også informasjon om det er sendt ut farevarsel.