Sensasjonelt og unikt arkeologisk funn: Massefangstanlegg i tre fram frå isen

Eit 1500 år gamalt fangstanlegg smeltar fram 1400 meter over havet på Aurlandsfjellet i Sogn.

Hausten 2025 har arkeologar frå Vestland fylkeskommune og Universitetsmuseet i Bergen arbeidd intensivt med å kartleggje og dokumentere eit fangstanlegget for reinsdyr.

I og rundt ei isfonn har arkeologane funne mange hundre tilhogde trestokkar, som er restar etter eit stort fangstanlegg. Konstruksjonen til den mest intakte delen av anlegget er sett saman av to gjerde av trestaur. Gjerda har leia reinsdyra inn i ein binge bygd av massive trestokkar der dei har blitt avliva.

Filmen øvst i saka er laga av Universitetsmuseet i Bergen.

Mange reinsdyrgevir

– Dette er første gong eit massefangstanlegg av tre har smelta fram frå isen i Noreg, og anlegget er truleg òg unikt i europeisk samanheng, fortel arkeolog Øystein Skår i Vestland fylkeskommune.

Mann ved snøfonn der tilhogde trestokkar smeltar fram.
Arkeolog i Vestland fylkeskommune, Øystein Skår, har undersøkt anlegget saman med arkeologar frå Universitetsmuseet. (Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet, UiB)

I tilknyting til anlegget har arkeologane også funne ei mengd svært godt bevarte reinsdyrgevir.

– Dette funnet gjer oss sikre på at anlegget har vore nytta til massefangst. Alle gevira har hoggemerke, noko som gir oss djupare innsikt i sjølve fangstaktiviteten, held Skår fram.

Reinsdyrgevir på stein.
Dei mange reinsdyrgevira arkeologane har funne saman med anlegget syner at det her har gått føre seg massefangst av reinsdyr. (Foto: Leif Inge Åstveit, Universitetsmuseet, UiB)

Fann årer

Rundt anlegget er det òg funne ei rekkje andre godt bevarte gjenstandar som fortel korleis fangsten har gått føre seg. Arkeologane har mellom anna funne eit stort tal fint bearbeidde tregjenstandar. Det er førebels usikkert kva funksjon desse gjenstandane har hatt, men truleg er det reiskapar som har vore nytta i samband med fangsten.

Spydspiss av jern
Arkeologane har funne ei rekke gjenstandar saman med fangstanlegget, blant anna denne spydspissen av jern. (Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet, UiB)

– Det mest overraskande funnet er likevel ei eller fleire årer med sirleg ornamentikk. Kva desse har vore brukte til, og kvifor dei blei tekne med til fjells for 1500 år sidan, er førebels eit mysterium, fortel Skår.

Mann syner fram gamal åre.
Arkeolog Leif Inge Åstveit syner fram ein av årene som er funne i tilknyting til fangstanlegget. (Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet, UiB)

Blant funna er også andre gjenstandar som kan knytast til fangsten, mellom anna fleire spydspissar av jarn, spydskaft og pilskaft av tre og delar av bogar.

– I tillegg har vi funne ei fantastisk flott utforma draktnål av gevir, som truleg er mista av ein fangstmann i kampens hete, seier arkeologen.

1500 år gamal draktnål
Denne draktnåla av gevir har truleg blitt mista av ein av fangstmennene som jobba på anlegget. (Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet, UiB)

Innkapsla i isen

Massefangstanlegget på Aurlandsfjellet er svært godt bevart. Årsaka til dei unike bevaringsforholda er at fangstanlegget var i bruk ved inngangen til ein kuldeperiode kring midten av 500-talet.

Åre med dekor.
Kvifor fangstfolka har teke med seg ornamenterte årer så høgt til fjells, er framleis eit mysterium for arkeologane. (Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet, UiB)

– Kaldare temperaturar førte til at anlegget vart dekt av snø året rundt, og det var truleg ikkje lenger funksjonelt eller mogleg å jakte i området. Etter kvart vart anlegget innkapsla i isen. Dei svært godt bevarte gevira viser at dette må ha skjedd ganske kort tid etter at anlegget var i bruk, fortel Skår.

I meir enn 1500 år har desse gjenstandane hatt optimale bevaringsforhold nede i isen. Det har vore kaldt, mørkt og passe fuktig. No smeltar dei igjen fram i dagen som følgje av varmare klima.

Funne av turgåar

Bakgrunnen for undersøkinga på Aurlandsfjellet var varsel frå ein kulturminneinteressert turgåar som tidlegare har registrert ein del fangstminne i fjellet. I fjor haust fann han fleire av dei tilhogde stokkane var smelta fram, men snøen kom før arkeologane fekk reist opp og undersøkt det nærare.

Stor snøfonn der det smeltar fram eit 1500 år gamalt fangstanlegg for rein, i form av mange tilhogde trestokkar.
Fangstanlegget for rein på Aurlandsfjellet er 1500 år gamalt og har smelta fram frå isen dei siste par åra. (Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet, UiB)

– I år hadde vi det på lista over fonner vi måtte besøke. Då reiste vi og Universitetsmuseet oppover saman med han som hadde funne det. Det viste seg å vere mykje, og det var meir som var smelta fram i år enn i fjor. Universitetsmuseet fekk noko midlar frå Riksantikvaren til å samle inn og datere fleire av gjenstandane, fortel arkeologen.

Større område er freda

No ligg alt i frysen hos konserveringsavdelinga på museet. Der må det liggje ei god stund og tørke sakte. I tillegg skal spydspissane i jern konserverast slik at dei tåler tidens tann no etter at dei er smelta fram. Eit større område i fjellet er freda etter kulturminnelova, slik det får eit vern.

– Problemet framover er at ting forsvinn fordi folk tek med seg gjenstandar. I tillegg vil alt av treverk raskt forvitre bort viss isen forsvinn meir, seier Skår, som håpar funnet er så spesielt at delar av det i framtida vil bli utstilt på museet.

Fangsanlegg i tre smeltar fram frå stor snøfonn.
Fangstanlegget vart først oppdaga i 2024. Då arkeologane kom dit hausten 2025 var endå meir av det smelta fram, sjølv om isen framleis dekker delar av det. (Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet, UiB)