Krev vesentleg meir i driftsstøtte til Bergen Filharmoniske Orkester
– Bergen Filharmoniske Orkester er eitt av to nasjonale symfoniorkester, men er underfinansiert av staten. Det er kritisk for kultur- og musikklivet i heile Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) fekk om lag 30 millionar kroner mindre i driftstilskot for 2025 enn Oslo Filharmonien. Begge orkestera har status som nasjonale symfoniorkester, og drifta av begge er såleis eit statleg ansvar. Orkestera er også svært samanliknbare: Dei har omtrent like mange musikarar og like mykje aktivitet, samanliknbar økonomi med tanke på kostnadar til husleige og tilsette, eigeninntekter og billettinntekter.
Handlar om meir enn orkesteret
– Vi treng å styrke BFO i og med at orkesteret ikkje har fått tilstrekkeleg kompensasjon for løns- og prisveksten dei siste åra. Dei har klare økonomiske utfordringar for 2025, og er i gang med inngripande endringar for å få årets budsjett i balanse, seier Askeland.
Endringane går blant anna på kutt i turneverksemd, i store og kostnadskrevjande produksjonar og i generelle administrative kostnadar. Men fylkesordføraren er tydeleg på at dette handlar om meir enn orkesteret i seg sjølv.
– BFO er den største profesjonelle musikkinstitusjonen i fylket og eit nav i musikklivet i Vestland. Det handlar òg om å framleis ha eit desentralisert kulturliv i Noreg, med rom for internasjonalt leiande spydspissar også utanfor Oslo. Og det handlar om å sikre infrastruktur for Bergen Nasjonale Opera, Festspillene og andre BFO samarbeider nært med, seier han.
Fundament for den klassiske, symfoniske musikken
Bergen Filharmoniske Orkester har om lag 100 musikarar og fungerer som fundament for den klassiske, symfoniske musikken, for Bergen Nasjonale Opera, for tidlegmusikkmiljøa, kammermusikken, samtidsmusikken og kormiljøa rundt Bergen Filharmoniske Kor og Edvard Grieg Kor. BFO er også ein av bærebjelkane i Festspillene, ein av Nordens leiande kunstfestivalar.
Til samanlikning har Oslo med Oslo Filharmonien, Operaorkesteret og Kringkastingsorkesteret tre statsfinansierte orkester med ca. 260 musikarar til å dekke samanliknbare oppgåver.
Saka var til behandling av fylkesutvalet 8. april. Vestland fylkeskommune sender no fråsegna om støtte til BFO til Kultur- og likestillingsdepartementet.