Har funne nausttuft frå vikingtida ved Seim i Alver kommune
Undersøkingar syner at naustet kan ha vore over 30 meter langt og om lag 12 meter breitt. Tufta ligg ved Seim, i området der ein av kongsgardane til Harald Hårfagre og Håkon den gode skal ha lege.
Det er arkeologane til fylkeskommunen som har gjort undersøkingar i området med assistanse frå Alver kommune og Bjørgvin Metalldetektor Klubb. Det heile starta då det kom inn ei byggesak ved badeplassen på Vollom ved Seim.
– I arkiva våre er det skrive om ei eldre nausttuft i dette området. Då byggesaka dukka opp gjorde vi ei arkeologisk synfaring saman med Bente Kopperdal Hervik i kommunen, som meinte denne staden kunne vere opphavet til informasjonen i arkiva, fortel arkeolog Sigrun Wølstad i Vestland fylkeskommune.
Tydelege spor etter eit langt bygg
Badeplassen på Vollom er i dag ei flat grasmark, men høgdedata frå laserskanning av området syner tydelege vollar etter restane av eit bygg under bakken.
– Vi ser tydeleg omriss av moglege låge vollar, som truleg er eit naust. Utifrå omfanget og tidlegare registreringar av nausttufter frå jarnalderen og mellomalderen ser dette ut til å vere restane av eit større naust. Vollane her er målte til over 30 meter lange. Til samanlikning er Osebergskipet 21,5 meter langt. Det betyr at naustet kan ha husa eit like stort, eller kanskje endå lenger skip, som Myklebustskipet på Nordfjordeid, som truleg var endå større, fortel Wølstad.
Datert til vikingtida
Arkeologane tok ut prøvar frå den moglege nausttufta, og resultat av radiokarbondateringa (C14-datering) ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) syner at tufta er frå vikingtida.
– Vi var svært spente på prøveresultata. Ei datering frå før 1537 etter vår tidsrekning (evt). ville få fleire brikker til å falle på plass. På grunn av høgda over havet trudde vi at dette måtte vere minst mellomalder, men dateringa frå vikingtida (882–988 evt.) gjer funnet endå meir interessant, seier arkeologen.
Harald Hårfagre og Håkon den gode
På Seim er det funn som viser at det har lege ein storgard her langt tilbake i tid. Dette skal ha vore ein av kongsgardane til Harald Hårfagre og sonen Håkon den Gode.
– Det er veldig sjeldan vi får dateringar frå vikingtida, og historia til Seim om området her, gjer dette sjølvsagt ekstra spennande. Det er registrert fleire typar arkeologiske funn her, som viser at plassen har vore viktig gjennom fleire hundreår, fortel Wølstad.
Lokaliteten med nausttufta kan ha vore knytt til den ståande hærstyrken til Harald Hårfagre, og den seinare leidangsflåten til Håkon den gode. Ifølgje sagaen er Håkon gravlagt på Seim, etter at han døydde etter å ha blitt såra i slaget ved Fitjar i år 961. Ein storgard som dette må ha hatt ei god hamn, med naust som kunne huse vikingskip til hærflåten og den seinare leidangsflåten.
Nagle frå vikingtida
Den arkeologiske undersøkinga er gjort ved å grave ut to mindre sjakter for å få fram lagdelinga i jorda. I tillegg har metalldetektoristane også søkt både inni og utanfor den moglege nausttufta. Dei fann blant anna gjenstandar av jarn, som er analysert av samlingsforvaltar ved Universitetsmuseet i Bergen. Den eine naglen som er funne i naustet er frå vikingtida.
Viktig bøkeskog i området
Dei andre arkeologiske funna i området inkluderer bøkeskogen som er planta i området ved naustet. Denne skogen skal vere i frå yngre jernalder. I tillegg er det rike gravfunn, bautasteinar, spor etter buplassar, mellomalderkyrkjegard og vetestaden på Skarsveten. Bøk høyrer ikkje naturleg heime i Noreg, og vi veit at bøkeskogen har vore ein av to i Noreg i yngre jarnalder. Den andre er planta i Vestfold.
– Vi veit at Osebergskipet er bygd på Vestlandet og har skipsdelar av bøk. I Osebergrava er også fleire gravgåver som er laga av denne tresorten. Bøkeskogen som ligg rett ved naustet på Vollom, må såleis ha vore viktig, seier arkeologen.