Fylkesutvalet ber staten velje gode løysingar når ny kraftleidning skal byggast
Når det er naudsynt å bygge nytt bør staten vere raus med å velje løysingar som kan koste noko meir, men som sikrar både natur, friluftsliv og tilgang på kraft samtidig. Det vedtok fylkesutvalet 23. januar i sitt høyringsinnspel om ny kraftleidning Sauda-Blåfalli-Mauranger-Samnanger-Øygarden.
Kraftnettet i Vestland må styrkjast så raskt som mogleg, understrekar fylkesutvalet i sitt høyringsinnspel til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og kjem samstundes med fleire merknader til traséval. Kortare alternativ gjennom Bergen og utgreiing av sjøkabel i Rosendal i Kvinnherad er to av fleire innspel.
– Ei ny kraftlinje er heilt naudsynt for å kunne auke verdiskapinga i næringslivet ved å bygge ny grøn industri og auka elektrifisering. Vi ser at manglande kapasitet i kraftnettet i Vestland hindrar industrielle nyetableringar. Skal desse nye aktørane få tilgang til kraft, må nettet utbetrast. Nettsituasjonen i Bergensområdet gjer at bedrifter står i årelang kø for å knytte seg til nettet, og arbeidsplassar og verdiskaping går tapt. Men det er avgjerande å få fram eit best mogleg kunnskapsgrunnlag om ulike linjetraséar i denne fasa, og vi har fleire innspel til Statnett sitt traséval, uttalar fylkesordførar Jon Askeland.
To av innspela er å greie ut moglegheitene for sjøkabel i Rosendal, og ein kortare kraftlinetrasé gjennom Bergen, slik mellom anna Naturvernforbundet har skissert.
– Meldinga om den nye kraftlinja frå Sauda til Kollsnes utfordrar i særleg grad også natur- og verneinteresser kring Rosendal og innetter reiselivsmekkaet i Hardangerfjorden. Også i dette området ber vi Statnett vurdere alternativ som kan dempe konfliktnivået samstundes som samfunnsnytta vert auka, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Stort geografisk område
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt tre meldingar frå Statnett SF på felles høyring. Samla omhandlar meldingane ny 420 kV kraftleidning frå Sauda i Rogaland via Blåfalli, Mauranger og Samnanger til Øygarden i Vestland fylke.
Tiltaket påverkar kommunane Sauda, Etne, Kvinnherad, Ullensvang, Kvam, Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver, Askøy og Øygarden. Saka er omfattande og dekkjer eit stort geografisk område.
Føremålet med høyringa er at interessentar vert orienterte om planane og at dei får høve til å kome med innspel og merknader. NVE vil fastsetje endelege krav til konsekvensutgreiingsprogram på bakgrunn av melding og innkomne høyringsinnspel.
Dette er innspela
I fylkesutvalet 23. januar vedtok politikarane følgjande innspel:
1.Vestland fylkeskommune understrekar at kraftnettet i Vestland må styrkjast så raskt som råd er. Regional plan for fornybar energi peikar på svakt nett som ein vesentleg barriere både for kraftbruk og kraftproduksjon. Den nye 420 kV vil vere særs viktig for eit robust kraftnett i Vestland. Den regionale planen listar som ambisjonsnivå mellom anna at innan 2031 skal det vere spenningsoppgradert til 420 kV på sambandet Sauda-Samnanger og tredje 420 kV-samband inn til Kollsnes (s. 27 i planen).
2. Ny 420 kV-linje frå Sauda til Øygarden er i tråd med Utviklingsplanen for Vestland 2024- 2028 (Regional planstrategi) si formulering under strategi 4 om at «overgang til fornybar kraft er ein premiss for at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket og nå andre berekraftsmål. I planperioden skal vi styrke energioverskotet frå fornybare energikjelder og sikre ei enda meir robust kraftforsyning.» Strategi 9 i Utviklingsplan seier at Vestland skal følgje opp Montreal-avtalen frå 2022, med mål for bevaring og restaurering av natur.
For å auka tilgangen på kraft og sikre natur må legitimiteten til kraft- og nettutbygging sikrast i prosessane. Når det er naudsynt å bygge nytt bør staten vera raus med velje løysingar som kan koste noko meir, men som sikrar både natur, friluftsliv og tilgang på kraft samtidig. Slik kan ein betre foreine utfordrande motsetningar som naturvern og auka kraftbehov for ny grøn industri.
I folkemøter har det vore problematisert kor stor forbruksveksten framover vil vere, samstundes er det i same møte mindre vektlagt korleis nettsituasjonen er i dag. Det er avgjerande at Statnett utarbeider trygge data for både nostiuasjonen og prognosen for framtida. Vestland fylke tek for gitt at Statnett vurderer spenningsoppgraderingar der det er mogleg.
3. Vestland fylkeskommune viser til at alternativ 1.2, på nordsida av Hellaugvatnet i Etne kommune kjem i konflikt med kulturmiljøet knytt til øydegardsanlegga på Hellaug. Alternativet kjem også i konflikt med friluftslivinteresser i området. Fylkeskommunen rår ifrå dette alternativet.
4. Alternativ 3.0 over fjellområdet Dalafjellet/Naglane i Etne kommune, vil også ha stort konfliktpotensial med omsyn til friluftsliv. Ny linje bør heller følgje dagens linjetrasé. Det bør også greiast ut eit alternativ der linja går i framtidig tunell mellom Etne/Frette og Sauda.
5. Vestland fylkeskommune viser til at alternativa 1.0, 1.0.1 og 3.0 ved Rosendal er i konflikt med nasjonale kulturmiljøverdiar, så vel som friluftslivsinteresser, og ber om at sjøkabel vert greidd ut som alternativ i dette området.
Vestland fylkeskommune viser til at delstrekninga frå Blåfalli/Rosendal til Ljones berører fleire landskapsvernområde og innfallsportar til Folgefonna Nasjonalpark. Traseane går også igjennom det ypperste av fjordlandskap i Noreg, Hardangerfjorden. Det er eit paradoks at føreslegne trasear har langt større konsekvens for natur, landskap, lokalmiljø og artsmangfald enn linja frå 60-talet som skal erstattast. Vestland fylkeskommune bed difor om at eksisterande trase i langt større grad er eit alternativ som må greiast ut vidare. Fylkeskommunen bed om at sjøkabel forbi Rosendal, kryssing av Mauranger og Hardangerfjorden vert utgreidd i kombinasjon med «gjenbruk av trase». Vidare bed ein om at linjevalet mellom Belsnes og Ljones må ta omsyn til og avklarast med vegmyndigheitene i forhold til ei eventuell framtidig bru. Vestland fylkeskommune ber og Statnett utgreia ein trase frå Sauda, via Odda med påkobling i Mauranger.
6. Vestland fylkeskommunen ser at alternativ 1.0 og 1.4 over Alver kommune har stort konfliktpotensial grunna høge regionale og nasjonale kulturmiljøverdiar. Alternativa har også stort konfliktpotensial med omsyn til friluftsliv, landskapsverdiar, naturmangfald og biologisk mangfald. Vestland fylkeskommune er difor kritisk til dette alternativet, og viser til punkt 9 i vedtaket.
7. Fylkeskommunen ser at alternativ 4.0 over Osterøy har stort konfliktpotensial opp mot kjende automatisk freda kulturminne. Over Osterøy og delar av Alver er det også stort konfliktpotensial med omsyn til friluftsliv, landskapsverdiar, naturmangfald og biologisk mangfald.
8. Vestland fylkeskommune vil påpeika at alternativa 1.0 og 2.0 vil berøra og redusera storleiken til fleire inngrepsfrie område i sone 2, og har stort konfliktpotensiale med friluftsliv i Vaksdal kommune.
9. Fylkeskommunen ber om at «alternativ 6.1», som fremja av Naturvernforbundet, Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) og Bergen og Hordaland Turlag, vert grundig utgreidd på linje med melde trasealternativ. Alternativet synest å ha stort potensial for auka samfunnsnytte, så vel som for mindre konfliktar med andre viktige samfunnsverdiar.
10. Fylkeskommunen viser til at «Forholdet til vannressursloven og vannforskriften» må vere eit utgreiingspunkt i KU-program for alle delstrekningar (og ikkje berre for delstrekninga Sauda- Blåfalli der det er eksplisitt nemnt i dag).
11. Fylkeskommunen viser til saksframstillinga for utdjuping av detaljar og forventningsavklaring i høve vidare utgreiingsarbeid.