Vestland fylkeskommune lanserer arealrekneskap i ope webinar

Arealrekneskap vil gi innsikt i korleis areala i fylket blir forvalta og utnytta, og det blir eit viktig verktøy for berekraftig planlegging og utvikling. Følg lanseringa i eit ope webinar onsdag 26. juni kl. 9.

Oversiktsbilde over bygd med fjord og fjell.
AREAL: Arealrekneskap er i korte trekk ei oversikt over areala våre. Det er eit viktig verktøy, som gir oversikt over areal og samanstiller arealinformasjon om blant anna plan, natur, arealbruk og karbonlagring. (Illustrasjonsfoto frå Skjolden i Luster kommune: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

På webinaret gir fylkeskommunen ein grundig gjennomgang av data og metodar som ligg til grunn for rekneskapen. 

Du kan følgje webinaret direkte på denne lenka.

Det er utarbeidd både kartinnsynsløysing og statistikkframvising som del av verktøyet. Dette skal gi betre oversikt over noverande og planlagt arealdisponering på kommunalt nivå.

Nyttig verktøy

– Vi håpar dette kan bli eit nyttig verktøy i dei kommunale planprosessane. Utbygging i ubygd areal set norsk natur under press, og Vestland er ikkje noko unntak. Når vi ser samla på planreserven i Vestland, er det eit potensial for å auke det bygde arealet med omtrent 70 prosent. I ei tid der vi skal ha søkjelys på effektiv og berekraftig bruk av areal, kan vi stille spørsmål ved ein så stor planreserve, seier Synnøve Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og analyse i Vestland fylkeskommune.

Planreserven er det arealet som er planlagt bygd ut. Planlagt utbygd areal er planlagde bustad, fritidsbustadar, areal for tenesteyting, som skular og andre kommunale anlegg, idrettsanlegg og næringsareal. Samferdslereal er ikkje inkludert i dette talet.    

Planreserve på 253 000 dekar

Vestland fylke har i dag ein samla planreserve på om lag 253 000 dekar. Då er alle kommunane utanom Lærdal og Askvoll rekna med. Figuren under syner kor stort areal dette svarar til samanlikna med dei store byområda i Noreg. 

Illustrasjon som syner kor mykje planreserven i Vestland på 253 000 dekar svarer til samanlikna med dei fem største byområda i Noreg.
(Illustrasjon: Vestland fylkeskommune)

Du kan lese meir om arealrekneskap for Vestland fylkeskommune her.