Får klima- og miljøprisen 2024 for stor innsats i 40 år
Solstrand Hotel og Bad får årets klima- og miljøpris frå Vestland fylkeskommune.
– Heilt sidan 1980-talet har prismottakaren jobba aktivt med å vere ei leiande kraft i bransjen. Dei har ein eigen visjon om å vere ei drivkraft for det grøne skiftet i Vestland. Prisvinnaren er eit eksempel til etterfølging og arbeider i tråd med regionale mål og planar, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG), leiar i innstillingsutvalet til prisen, under prisutdelinga på fylkestingsmøtet i Ulvik 19. juni.
Fylkesordførar Jon Askeland overrekte så prisen på 70 000 kr til Børrea og Pernille Schau-Larsen, høvesvis tredje og fjerde generasjon eigarar ved Solstrand Hotel og Bad.
Miljøteknologi sidan 1986
Klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune skal vere til heider for einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder som utmerkar seg innan klima- og miljøarbeidet, eller som har vist god innsats over tid. Målet er å inspirere og hjelpe fram klima- og miljøarbeidet i fylket og inspirere til vidare innsats.
Solstrand tok tidleg grep og investerte i miljøteknologi allereie i 1986 og har redusert klimafotavtrykket sitt betydeleg sidan den gong. Verksemda har teke aktive grep for å ha ein betre miljøprofil, og det lenge før mange andre. Dei har lukkast med god energimerking av bygningsmassen, også i gamle hus, noko som kan inspisere og motivere andre.
– Berekraft er solid forankra som verdival i bedriftskulturen til Solstrand. Etter 40 år med kontinuerleg fokus på å minimalisere fotavtrykket vårt, ser vi prisen som ei anerkjenning av bidraget vårt til det grøne skiftet i Vestland, ei reise som aldri tar slutt, seier Børrea Schau-Larsen.
Eit fyrtårn for reiselivet
Det var mange nominerte til årets klima- og miljøpris, og totalt vart 74 nominasjonar vurderte av innstillingsutvalet. Prisvinnaren har utmerkt seg med både systematisk og synleg berekraftsarbeid, og har jobba med alle dimensjonane av berekraft.
– Dei er eit fyrtårn for reiselivet i Vestland, som også er gode til å fortelje historia om kva dei har gjort. Dei er både ei Miljøfyrtårn-sertifisert verksemd, men jobbar i tillegg mykje og godt med alt frå energieffektivisering og kjemikaliar, materialbruk, matsvinn, lokale samarbeid, lokalmat og avfallshandtering, sa Nøttseter.
Solstrand Hotel og Bad har blant anna kutta alt av fossilt brensel. Tidlegare hadde dei oljefyring i delar av hotellet og gass på kjøkenet. No brukar dei vassboren varme frå Bjørnafjorden til oppvarming gjennom varmepumper. På hotellromma er det installert sensorar på vindauga, som gjer at dersom dei blir opna, så slår friskluftsanlegget seg av. Eit anna tiltak som er merkbart for gjestene er at lyset på romma slår seg av når gjestene tek med seg nøkkelkortet og går ut. Og et ikkje gjestene opp maten, går den til kompostering blir gjødsel.
Leitar etter nye, gode løysingar
Børrea Schau-Larsen fortel at klima- og miljøprisen er god motivasjon for å halde fram det gode berekraftsarbeidet.
– Etter vesentlege investeringar i energikartlegging og styring, jobbar vi no med å finne gode løysingar for lagring av energi. Den teknologiske utviklinga gir oss stadig nye moglegheiter, og prisen inspirerer til å fortsette med like stort engasjement for nye grep, seier ho.
Tidlegare prisvinnarar
Klima- og miljøprisen blir delt ut ein gong i året, og desse har fått prisen tidlegare:
2023: Upscale AS
2022: Osvassdragets forvaltningslag og Mjåtveitelvas foreining
2021: Invertapro AS
2020: Bergen Havn