Femten prosjekt skal betre psykisk helse hos barn og unge

Vestland fylkeskommune har teke opp tre nye kommunar til program for folkehelsearbeid. Til saman er 21 kommunar no i gang med å utvikle nye tiltak som skal styrke rusførebyggjande arbeid og psykisk helse hos barn og unge.

foto av to små gutar som et og leikar med grønsaker
FOLKEHELSEPROGRAM: Det eine målet med folkehelseprogrammet er å sikre livskvaliteten for barn og unge. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Dei tre nye kommunane som er tekne opp er Solund, Stryn og Sunnfjord. Frå før er ei rekke kommunar i fylket i gang med ulike prosjekt for ei betre folkehelse for innbyggjarane sine.

– Nokre kommunar er så vidt begynt, medan andre er i gang med siste del av prosjekta sine. Det er flott å sjå at så mange kommunar har hatt eit ønske å vere del av satsinga som programkommune, seier Synnøve Stalheim, leiar for seksjon plan, klima og folkehelse.

Her kan du sjå ei oversikt over alle programkommunane og prosjekta deira.  

Til saman 56 millionar

Både Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar var del av den nasjonale satsinga program for folkehelsearbeid i kommunane, og arbeidet har halde fram i Vestland. I 2018 blei fekk Hordaland 32 millionar, og Sogn og Fjordane fekk 24 millionar våren 2019.

Midlane har blitt tildelt kommunane på grunnlag av søknadar. Det er to sentrale målsettingar i programmet:

  1. Kommunane skal lære å jobbe kunnskapsbasert med folkehelsearbeidet
  2. Kommunane skal sikre livskvaliteten til barn og unge.

Programkommunane får midlar til utvikling av tiltak over fleire år. Vestland fylkeskommune er programansvarleg og samordnar programarbeidet regionalt. Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for å drive arbeidet framover og har økonomisk og administrativt ansvar.

Stort engasjement

Ein av kommunane som har vore med i folkehelseprogrammet sidan 2018 er Kvam herad. Her har dei utvikla metoden «juniorforskarprosjektet», eit tiltak der ungdomsskuleelevar skal gjennomføre eit forskingsprosjekt innan eit tema dei interesserer seg for. Heradet har utvikla si eiga nettside som vert brukt for gjennomføring av tiltaket.

I Bømlo satsar kommunen stort på ressursmobilisering av barn og unge. Det gjer dei gjennom kursing og kompetanseheving hos barn, ungdom og tilsette i barnehage, barneskule og ungdomsskulen. Og i Luster og Sogndal samarbeider dei om forske på omgrepet livsmeistring. Kommunane ser nærare på kva som skal til for at barn og unge blir godt rusta til å takle medgang og motgang i livet.

Pris til Bergen kommune

Ein annan kommune som har vore med i folkehelseprogrammet sidan starten er Bergen. Og på folkehelsekonferansen på Voss i fjor haust vart kommunen heidra med pris for arbeidet med prosjektet «Helsefremmende miljø på sosiale medier». Hovudmålet med prosjektet har vore å utvikle nye tiltak for helsefremjande miljø på sosiale medium blant ungdom i vidaregåande skule.

Prisen vart delt ut av Folkehelseforeininga med denne grunngjeving:

Vinneren har innhentet ny kunnskap og anvendt datamateriale som ikke tidligere er kartlagt i Norge – om ungdoms liv og psykiske helse knyttet til sosiale medier. Gjennom livet på sosiale medier – ønsket vinnerprosjektet å få innsikt i hvilke aktiviteter ungdom synes fremmer og hvilke som hemmer helse. Hovedbudskapet til vinneren er at barn og unge etterlyser opplæring i hvordan en bruker sosiale medier og hvordan denne aktiviteten påvirker psykisk helse og trivsel. Livet på sosiale medier oppleves mer positivt enn tidligere antatt. Det handler ikke bare om hvor mye en er på sosiale medier, men hva en gjør der. Dette er en nyvinning, et prosjekt som kan gi ny og viktig innsikt i folkehelsearbeidet. Ungdommene har hatt reell innvirkning. Prosjektet presenterer viktig kunnskap som kan anvendes i andre kommuner.

Bergen kommune samarbeider med Vestland fylkeskommune, Folkehelseinstituttet og Høgskulen på Vestlandet om prosjektet.

Kunnskapsbasert folkehelsearbeid

Program for folkehelsearbeid er ei nasjonal satsing som omfattar alle kommunar. Det er eit mål at innan utløpet av programperioden (2027) skal alle kommunar ha auka kapasitet og kompetanse til å drive eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid.

Det inneber at det i kommunen vert tekne avgjerder på grunnlag av innhenta forskingskunnskap, erfaring og ønska til innbyggjarane i ein aktuell situasjon. Medverknad, samarbeid med forskings- og utdanningsmiljø og evaluering av prosjekta er sentrale element i det å arbeide kunnskapsbasert.

– No som vi er ferdige med siste opptak, ser vi fram til resultata frå arbeidet med utvikling av gode tiltak hos programkommunane. Erfaringane frå prosjekta skal bidra til målet vårt om at alle kommunar i Vestland no framover skal kunne utvikle gode tiltak for barn og unge, seier Synnøve Stalheim.


Fakta om program for folkehelsearbeid i kommunane

  • Program for folkehelsearbeid er ei nasjonal satsing for å styrke psykisk helse og rusførebyggjande arbeid i folkehelsearbeidet.
  • Satsinga skal bidra til å auke kompetanse i kommunane på tiltaksutvikling for barn og unge og fremje kompetanseutvikling og samarbeid.
  • Vestland har vore programfylke sidan 2018 og har ein prosjektperiode fram til og med 2025.