Tilskot til berekraftig verdiskaping 2025
Har du eit utviklingsprosjekt som kan bidra til verdiskaping i Vestland gjennom berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon? Fylkeskommunen lyser ut 18 millionar til prosjekt i 2025. Søknadsfrist er 24. april.
Meldingar
5. mars: Utlysinga er no aktiv. Den har detaljert informasjon om vurderingskriteria.
Mål for utlysinga
Bidra til verdiskaping i Vestland basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.
Kven kan søkje om støtte
Næringsaktørar, kommunar, kunnskapsmiljø og andre utviklingsaktørar i Vestland. Ein kan ikkje søkje om bedriftsretta støtte.
Kva vi kan støtte
Vi støtter regionale utviklingsprosjekt
Det vil seie tidsavgrensa tiltak på maksimalt 3 år som kjem i tillegg til ordinær aktivitet og som har regional betydning. Det omfattar til dømes. utviklingsarbeid, metodeutvikling, tilrettelegging for kompetanse- og næringsutvikling.
Prosjekta skal vere forankra i regionale behov, samarbeid mellom partnarar og der relevant også andre planar og strategiar på kommunalt nivå eller i fylket.
Prosjekta skal bidra til å nå mål for ordninga og minst ein av dei fire satsingane i Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling med presiseringane under. Prosjekta kan koplast mot fleire av satsingar.
Påverknad på klima og miljø må vere gjort greie for i søknaden.
Satsingane og kva vi etterspør spesielt
Grøn næringsutvikling
Mål for satsinga: Eit næringsliv i Vestland med netto nullutslepp i 2030.
Delmål 1: Vestland har leiande posisjon internasjonalt i grøne verdikjeder.
Delmål 2: Eit innovativt og grønt næringsliv i heile fylket.
Vi etterspør spesielt prosjekt som bidreg til å styrke:
- sirkulærøkonomi og industriell symbiose, energieffektivisering, auka bruk av fornybar energi
- eksporten frå fastlandsnæringar
- arbeid med heilårsarbeidsplassar i reiselivsnæringa og besøksforvaltning
Areal til næringsutvikling
Mål for satsinga: Rett areal til rett føremål til rett tid.
Prosjekt skal spesielt bidra til delmål 2: Vestland har tilgang til nok eigna næringsareal som er basert på berekraftig bruk av naturressursar.
Vi etterspør i prosjekta samarbeid for å utvikle smartare og meir berekraftig bruk av areal i ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Det kan gjelde på land og i sjø. Prosjekta må sjå omsyn til verdiskaping, sirkulærøkonomi, klima og miljø i samanheng. Dei skal ikkje erstatte ordinære kommunale planoppgåver. Planstatus for dei aktuelle areala må gjerast greie for i søknaden.
Innovative og inkluderande samfunn
Mål for satsinga: Verdiskaping og grøne arbeidsplassar i heile fylket.
Vi opnar for prosjekt knytt til delmål 1: Berekraftige bu- og arbeidsmarknadsregionar med like moglegheiter til å delta i verdiskaping.
Vi etterspør spesielt prosjekt som kan:
- styrke kommunane sitt arbeid med verdiskaping og sysselsetting
- bidra til å inkludere fleire i arbeidslivet
Kompetanseutvikling i arbeidslivet
Mål for satsinga: Fleire arbeidstakarar med rett kompetanse.
Vi etterspør spesielt prosjekt som bidreg til:
- utvikling av kompetansehevings- og utdanningstilbod etterspurt av arbeidslivet, mobilisering til auka bruk av slike tilbod
- ulike strategiske samarbeid knytt til rekruttering av rett arbeidskraft
Kor mykje støtte?
Prosjekt kan få støtte i inntil 3 år.
Fylkeskommunen støtter inntil 50% av godkjende kostnader i prosjektet. Minst 50% av finansieringa må kome frå andre.
- Typisk varer eit mindre prosjekt i inntil 1 år og har 200.000 - 500.000 kr. i støtte.
- Typisk har eit større prosjekt mellom 500.000 og 1.500.000 kr. i støtte. Unnataksvis kan ein få 2 mill. kr. i støtte.
Merk at støtte kan bli omfatta av statsstøtteregelverket (sjå «Statsstøtte»)
Krav til samarbeid
- Samarbeidspartnarar skal ha ei aktiv rolle i prosjektet og bør også bidra med finansiering
Krav til prosjektplan
Prosjektplanen med budsjett skal gå fram av søknadsskjemaet i Regionalforvaltning.no, samt obligatoriske og tillate vedlegg
- Obligatoriske vedlegg: aktivitetsbudsjett og skjema for bagatellstøtte
- Tillatne vedlegg: tids- og milepælsplan, stadfesting frå samarbeidspartnar om deltaking i prosjektet, avtalar om samarbeid og liknande
- Ikkje tillatne vedlegg:
separate prosjektplanar, heile rapportar, utgreiingar, kommunale planar og liknande
Prosjekta skal ha konkrete resultatmål og effektmål. Resultatmåla er dei konkrete måla ein skal nå i prosjektperioden. Det er meir rettleiing om målformulering i søknadsskjemaet.
Vi oppmodar til å samle aktivitetane i arbeidspakkar knytt til delmåla i prosjektet. Ei arbeidspakke viser aktivitet, kva innhaldet i aktiviteten er, kven som er ansvarleg for å gjennomføre den, samt tilknytte kostnader og finansiering.
Prosjektøkonomi
- Budsjettet skal i hovudsak vere aktivitetsbasert. Dvs. at kostnader er knytt til aktivitetane i prosjektet (ref. obligatorisk budsjettvedlegg).
- Minst 50% av finansieringa må kome frå andre enn fylkeskommunen anten i form av eigen innsats, eigne midlar eller midlar frå andre.
- Prosjektet må ha ein fullstendig finansieringsplan ved søknadstidspunktet. Den skal vise korleis aktivitetane i prosjektet skal bli finansiert.
Kva kostnader kan vi finansiere?
- Vi dekker ikkje kostnader for aktivitetar som allereie er starta opp eller gjennomførte før vedtak om støtte er gjort.
- Alle kostnader som vert støtta skal vere knytt til aktivitetane i prosjektet. Det må kome fram i søknaden kven som skal gjennomføre dei ulike aktivitetane og kva kostnader som er knytt til aktivitetane.
- Godkjend timesats for eige arbeid i prosjektet følgjer Innovasjon Norge sine reglar, dvs. ein timepris på inntil 700 kr, inkludert overheadkostnader. Timekostnadene må vere reelle.
- Statsstøtteregelverket kan i tillegg sette grenser for kva type aktivitet som kan støttast.
Støtte kan bli omfatta av statsstøtteregelverket.
Statsstøtte
Midla skal tildelast i tråd med regelverket for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61 (1). Både private og offentlege aktørar kan vere omfatta av dette regelverket.
Regelverket inneheld nærmare reglar om kva slags aktivitetar som kan støttast, kva type kostnadar knytt til desse aktivitetane som kan dekkast og kva som er maksimal støttegrad.
Dei alminnelege gruppeunntaka (GBER) og bagatellmessig støtte er dei relevante heimelsgrunnlaga for denne tilskotsordninga.
Bagatellmessig støtte vil bli nytta der det ikkje er relevante unnatak. Derfor ber vi alle søkjarar fylle ut obligatorisk vedlegg om bagatellmessig støtte.
For at fylkeskommunen skal kunne nytte GBER må søknaden vise at planlagt aktivitet er i tråd med godkjente aktivitetar i ein GBER-heimel. All prosjektaktivitet må gå fram av det obligatorisk budsjettvedlegget, og vise kostnader og finansiering for både søkjar og samarbeidspartnarar.
Ver merksam på at øvre støttegrad gjeld all offentleg støtte til prosjektet, ikkje berre den fylkeskommunale.
Dette støttar vi ikkje
- aktivitetar som allereie er starta eller gjennomførte
- lovpålagde oppgåver
- bedriftsretta støtte. Det vil seie at det ikkje blir gitt støtte som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter. I det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift.
- einskildpersonar
- ordinære driftskostnader
- fysiske investeringar
- kausjon eller anna økonomisk garanti
- renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
- messer, arrangement eller konferansar får normalt ikkje støtte
- prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.
Slik behandlar vi søknaden
Søknadane blir vurdert etter krav og vurderingskriterium i denne ordninga. Søknader som ikkje oppfyller krava vil kunne bli avvist på formelt grunnlag. Søknadsbehandlinga vil følge krav til god forvaltningsskikk, offentlegheit, habilitet og etisk åtferd.
Vedtak om tildeling
Hovudutval for næring vil gjere vedtak i møte 11. juni 2025.
Dokumentinnsyn
Alle kan be om innsyn i dokumenter hjå Vestland fylkeskommune. Hovudregelen i offentleglova er at saksdokument, journalar og liknande register er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov.
Dette er også utgangspunktet for søknadane som vert sendt inn. Opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov, er derimot unnatekne frå innsyn. Til dømes gjeld dette næringsopplysningar, som av konkurransemessige omsyn skal holdast hemmeleg (såkalla forretningshemmelegheiter).
Dersom det vert kravd innsyn i dokument som inneheld opplysingar som det skal eller kan nektast innsyn i, så tek vi normalt kontakt med søkjar for nærmare avklaring. Det vert likevel understreka at det er fylkeskommunen som tek endeleg avgjerd i spørsmålet om innsyn.
Krav til søknaden
For at søknaden skal bli vurdert må den oppfylle følgjande krav:
- søknaden må vere sendt inn via Regionalforvaltning.no innan søknadsfristen
- heile søknadsskjemaet må vere fylt ut
- obligatoriske vedlegg er lagt ved (aktivitetsbudsjett og skjema for bagatellstøtte)
- andre vedlegg er berre i tillate kategori: tids- og milepælsplan, stadfesting frå samarbeidspartnar om deltaking i prosjektet, avtalar om samarbeid og liknande
- søkjar må vere i definert målgruppe
- søknaden må vere innan mål for ordninga og kva det kan bli gitt støtte til
- prosjektet må ha ein fullstendig finansieringsplan ved søknadstidspunktet, der minst halvparten av finansieringa kjem frå andre kjelder enn fylkeskommunen
Søknader som ikkje fyller krava vil kunne bli avvist på formelt grunnlag.
Slik vurderer vi søknaden (vurderingskriterium)
Søknadene vil bli vurdert etter fire kriterium: 1. behov og relevans, 2. gjennomføring, 3. resultat og effektar og 4. balansert prosjektportefølje.
1. Behov og relevans
Punkt å vurdere:
- Behov
- Har søknaden definert eit tydeleg behov innan ein sektor, bransje, eit geografisk område eller i heile Vestland?
- Er det vist til kva andre aktørar gjer, kor det er manglar i eit tilbod, kva som er nytt i sektoren/bransjen eller liknande?
- Får søknaden fram at det er behov for eit tidsavgrensa prosjekt? - Regional relevans
- Kor relevant er prosjektet for måla og kva som kan støttast i ordninga? (inkl. satsingane)
- Er prosjektet forankra i andre relevante planar og strategiar på kommunalt nivå eller i fylket? - Overføringsverdi og skalering
- Kan prosjektet ha overføringsverdi til andre geografiske område/aktørar/næringar e.l. i fylket?
2. Gjennomføring
Punkt å vurdere:
- Forankring og organisering
- Er det riktig prosjekteigar og er dei relevante samarbeidspartnarane med i prosjektet?
- Er prosjektet godt forankra hos prosjekteigar og samarbeidspartnarane?
- Er prosjektet hensiktsmessig organisert? - Kapasitet og kompetanse
- Har prosjekteigar og samarbeidspartnarane til saman den kompetanse, kapasitet og erfaring som skal til for å gjennomføre aktivitetane i prosjektet?
- Har samarbeidspartnarane ei aktiv rolle i prosjektet og/eller bidreg med finansiering? - Realistisk prosjektplan
- Viser søknaden god samanheng mellom mål, aktivitetar og venta resultat og effektar?
- Er kostnadsplan og tidsplan realistisk og tilpassa aktivitetane som skal gjennomførast? - Prosjektøkonomi (finansiering og budsjett)
- Er budsjettet i hovudsak aktivitetsbasert? Dvs. om kostnader er knytt til aktivitetane i prosjektet (sjå obligatorisk vedlegg «aktivitetsbudsjett»)
- Har prosjektet ein fullverdig finansieringsplan– og er den realistisk?
3. Resultat og effektar
Punkt å vurdere:
- Verdiskapingspotensiale
- Viser søknaden korleis prosjektet kan nå måla (resultatmål og effektmål)?
- Kor sannsynleg er det at prosjektet vil legge grunnlag for/ bidra til verdiskaping i Vestland?
(Verdiskaping kan til dømes vere knytt til nye eller fleire arbeidsplassar, ny kompetanse, nye/betre løysingar, auka produktivitet eller inntening, effektivitet eller kvalitet – inkludert for tenester.) - Påverknad på klima og miljø
- Er potensiell påverknad av prosjektet på klima og miljø gjort greie for i søknaden?
- Har prosjektet positiv, nøytral eller negativ påverknad på klima og miljø? - Deling og formidling
- Er det ein plan for korleis resultat og erfaringar frå prosjektet blir delt med relevante aktørar/målgrupper i løpet av eller etter prosjektperioden?
4. Balansert prosjektportefølje
I prioritering mellom prosjekt med god vurdering på kriterium 1 – 3 kan det bli lagt vekt på:
- prioritering av prosjekt som tilfører noko nytt utover tiltak og prosjekt som alt eksisterer
- fordeling av midlar innan ulike tematiske og geografiske område i fylket.
- fordeling mellom større og mindre prosjekt og initiativ
Det kan i særlege tilfelle vere aktuelt å redusere støttesum eller berre støtte delar av prosjektet.
Oppfølging og rapportering
Vilkår for gjennomføring av prosjektet vil gå fram av eit tilsegnsbrev. Tilskotet må bli brukt i samsvar med godkjente aktivitetar i det tidsrom som går fram av tilsegnsbrevet.
Tilsegn om tilskot vil gjelde i inntil tre veker frå svar om vedtak er sendt til søkjaren. Tilsegna vil kunne felle bort, og midlane inndregne dersom:
- søkjar ikkje innan tre veker etter å ha mottatt tilsegn om tilskot signerer tilsegnsbrevet (e-signering)
- tiltaket ikkje er igangsett innan eitt år etter tildeling
- søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og kostnadsplan
Tilsegnsbrevet har krav til rapportering på framdrift, resultat og rekneskap. Det skal sendast inn rekneskap innan tre månader etter at prosjektet er gjennomført.
Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.
Sjå kva prosjekt som fekk støtte i 2024
Det vart innvilga støtte til 26 prosjekt med ei samla budsjettramme på 20, 5 millionar kroner.
- Invest in Indre Vestland, Årdal Utvikling – 1 500 000 kroner
- Helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane, Sunnfjord Utvikling og Campus, Vie-prosjektet – 1 500 000 kroner
- Regional reiselivsstrategi for Hardanger, Visit Hardangerfjord AS – 450 000 kroner
- Forprosjekt til Vestlandsk dataspillutviklernettverk, Norsk nettverk for dataspillbedrifter – NONEDA – 500 000 kroner
- SAMvind - Samhandling for arealutvikling og markedsmuligheter for havvind i Vestland, GCE Ocean Technology SA – 1 350 000 kroner
- PyroLYSE utsikter – etablering av verdikjedesamarbeid for biokolproduksjon på Kaupanger, SIMAS IKS – 479 500 kroner
- Bruk av overskuddsressurs fra industri for proteinproduksjon i en sirkulær industriell symbiose, Hardanger Hydrogen Hub – 475 000 kroner
- Sirkulære verdikjeder for skip, Maritime CleanTech – 1 602 500 kroner
- Symbiose Fjordane - Blått avfall, grøn ressurs, Hub for Ocean – 1 800 000 kroner
- Hindrer salt sirkulære verdikjeder i havbruk?, The Seafood Innovation Cluster – 1 080 000 kroner
- Forprosjekt for kartlegging av mulighetsrom for grønn næringsutvikling i fiskeri- og havbruksnæringe, Måløy Vekst AS - 400 000 kroner
- Seafood Circular 2025, Seafood Innovation Cluster AS - 400 000 kroner
- Rein kraftproduksjon på Bømlo - kunnskapsgrunnlag for tematisk revisjon av kommuneplanen sin arealdel, Bømlo kommune – 268 400 kroner
- Innovativ energiplan for Sunnfjord næringspark - ein ny vestlandsmodell for berekraft ved deling, Sunnfjord kommune – 500 000 kroner
- Utvikling av metodikk for å analysera potensiale for automatisering og effektivisering, Osterøy Utvikling AS - 625 000 kroner
- Karrierekatapult, Utdanning i Bergen ved Høgskulen på Vestlandet – 500 000 kroner
- Kompetansesenter for teknologi og sirkulærindustri, Høyanger næringsutvikling as – 500 000 kroner
- TEKNOJENTER - Tverrsektorielt samarbeidsprosjekt for auka rekruttering av jenter til teknologifag, Vestlandsforsking – 626 500 kroner
- HavbruksHorisont - vidareutvikling av høgare yrkesfagleg akvakulturutdanning, Fagskulen Vestland – 915 625 kroner
- Erfaringsbasert masterprogram i fornybar energi, Universitetet i Bergen (UiB) – 1 800 000 kroner
- Internship Sunnhordland, Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS – 387 400 kroner
- Trainee-program for medieteknologer, Medieklyngen AS – 300 000 kroner
- Kompetanse for ei grønare byggenæring, Kunnskapsparken Vestland AS - 488 875 kroner
- Økt regional verdiskapning fra forskning – Vestlandets Innovasjonsselskap AS – 1 000 000 kroner
- Forprosjekt: Strategisk samhandling for å tiltrekke, inkludere og behalde arbeidskraft i Vestland, Framtidsfylket AS - 650 000 kroner
- Næringsliv som inkluderingspådriver, NORDFJORD OPPLÆRINGSKONTOR - 461 599 kroner