Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling
Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021–2033, set retning for næringslivet i Vestland dei neste tolv åra.
Ambisjonane i planen er store. Planen har som hovudmål at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.
Her er visjonen og måla i planen:
Handlingsprogram og årsplanar set retning
Gjennom fireårige handlingsprogram og årsplanar skal vi sikre at vi når dei langsiktige, overordna måla i planen. I det fyrste handlingsprogrammet for perioden 2022–2025 har vi fått på plass delmål og strategiar for perioden. Dei gjer grunnlag for å gjere aktuelle og dynamiske prioriteringar til beste for heile fylket, gjennom forpliktande samarbeid med nærings- og samfunnsaktørar i fylket. Handlingsprogram for 2022–2025 er også utgangspunkt for opne utlysingar der aktørar i fylket kan søkje om tilretteleggjande tiltak for innovasjon og næringsutvikling.
Årsplanar sikrer at partnarane i fylket har ressursar og verkemiddel til å gjennomføre strategiane i handlingsprogrammet. Kopling til økonomi og budsjett i fylkeskommune vil også skje i desse årsplanane.
Den regionale planen med handlingsprogram og årsplanar er for heile fylket, ikkje berre fylkeskommunen. Vi skal saman gjennomføre strategiane i satsingane og løyse kritiske oppdrag å tvers:
- bygge strategiske grøne knutepunkt gjennom industriell symbiose
- ta posisjon som den globalt leiande havregionen
- verdsleiande innovasjon på grøn infrastruktur
- sikre det biologiske mangfaldet og ta vare på matjorda