Tilskot til realisering av grøne verdikjeder gjennom industriell symbiose (Grøn region Vestland)

Denne tilskotsordninga rettar seg mot arbeidet i dei grøne hubbane i Grøn region Vestland.

For at overgang til sirkulærøkonomi og potensialet for industriell symbiose skal realiserast, vert det lagt til grunn at hubbane må gjennomføre fire strategiske vegval 

  • Hubbane må etablere ein styringsmodell som sikrar god forankring av arbeidet i bedriftene 
  • Hubbane må utarbeide ei oversikt over materialstraumane, og kva potensial dei har for industriell symbiose  
  • Arbeidet med å forsere dei fire største barrierane (kapital, kraft, kompetanse og areal og infrastruktur), må intensiverast  
  • Heile økosystemet av aktørar med relevante verkemidlar må mobiliserast.  

Tilskotsmidlane skal bidra til at hubbane kjem vidare i arbeidet med industrielle symbiosar og styrking av dei grøne verdikjedene i Vestland. Det vert derfor stilt krav til at hubbane som får tildelt midlar er komne i gang med arbeidet knytt til dei strategiske vegvala. Desse krava er nærmare skildra under overskrifta Krav, resultat og aktivitetar nedanfor.  

Mål for ordninga

Det overordna målet med tilskotsordninga er å bidra til auka verdiskaping innan grøne verdikjeder i Vestland gjennom industriell symbiose i dei identifiserte hubbane. Det er i samsvar med visjonar og mål frå gjeldande planar for Vestland fylkeskommune, som Utviklingsplan for Vestland 2020–2024 og regionalplan for innovasjon og næringsutvikling 2021–2033.

For å støtte opp om dette overordna målet vert det derfor stilt følgjande krav til resultat for prosjekta: 

  1. Prosjektet må bidra til etablering, utvikling eller utviding av minst éin industriell symbiose i den aktuelle hubben.  
  2. Prosjektet må yte konkrete bidrag i arbeidet med å redusere dei identifiserte barrierane; kraft, kapital, kompetanse og areal og infrastruktur.  

Kven kan søkje om støtte?

Søkjar må ha nødvendig tilknyting til hubben i Grøn region Vestland som det vert søkt støtte til, og ha rett til å representere bedriftene og andre aktørar i hubben. For å dokumentere ein slik representasjonsrett må det leggast ved ei skriftleg stadfesting, til dømes eit forankra mandat, ein samarbeidsavtale, «letter of intent» eller liknande.  

Søkjar må vera ein eigen juridisk person og vera registrert med norsk organisasjonsnummer.   

Søknadsfrist

Det er løpande søknadsfrist i ordninga. Søknadane vil bli handsama fortløpande etter kvart som dei vert mottekne. Siste moglege mottaksdato er 31. desember 2024. 

Vestlandsscenarioa, som vart kartlagt i 2020 og utgangspunktet for Vestlandsporteføljen, viste behov for omstilling og potensial innanfor nye, grøne verdikjeder, og at knappheit på ressursar gjev behov for å byggje utviklinga på sirkulær økonomi. 

Overgang frå lineær økonomi til sirkulær økonomi krev omfattande omstilling. Industriell symbiose er ein av fleire strategiar for å få til ein sirkulær økonomi, og blei valt som strategi for prosjektet Grøn region Vestland. I ein industriell symbiose skal bedrifter og andre aktørar innanfor eit geografisk avgrensa område samarbeide om bruk av ressursar, til dømes ved fleirbruk, gjenbruk og sambruk av innsatsfaktorar som material, energi, vatn og areal.  

For å lukkast med samspel på tvers av relevante aktørar i ein hub, er det avgjerande å etablere ei operativ organisering og ein styringsmodell. Organiseringa må tilpassast aktuelle industrielle symbiosar som skal etablerast eller realiserast, og vil i tillegg vera avhengig av lokale og kulturelle forhold. Ein viktig suksessfaktor er å bygge ein eigen identitet og vere ein nøytral part som er uavhengig av enkeltbedrifter i symbiosen.  

Illustrasjon med tittelen Masterplan 2030. Under er tre grøne boksar med titlane Forretningsplan, Energiplan og Areal- og infrastrukturplan.

Å utarbeide ein masterplan for hubben er ein essensiell del av det å bygge opp identitet og få synleggjort potensialet. Denne masterplanen må forankrast  på tvers av aktørane og vise forretnings-, energi- og arealplanar som heng saman.   

Med forretningsplan meiner ein i denne samanhengen plan for den industrielle symbiosen i hubben, ikkje forretningsplanane for dei enkelte bedriftene.  

Energiplanen må seie noko om kraft-, nett- og energitilgang, og energibruken i symbiosen, inkludert energieffektiviseringstiltak. I tillegg må eventuelle energioverskot gjerast greie for.   

Arealplanen er tett knytt til kommunen sin arealplan for det området hubben er lokalisert, og må vise kva areal som er tilgjengeleg eller under regulering. I tillegg må planen skildre den indre samanhengen mellom bedriftene i hubben.  

Denne tilskotsordninga skal bidra til at ein kjem vidare i arbeidet med industrielle symbiosar og styrking av dei grøne verdikjedene i Vestland. Det vert derfor stilt som krav at det på søknadstidspunktet er  

  • etablert ein styringsmodell som sikrar god forankring av arbeidet i bedriftene 
  • utarbeida ein oversikt over materialstraumane og kva potensial dei har for industriell symbiose 

I tillegg må det skildrast i søknaden korleis:  

  • det vert arbeida med å forsere dei fire største barrierane (kapital, kraft, kompetanse og areal og infrastruktur)  
  • ein arbeider med å mobilisere heile økosystemet   

Eit prosjekt er tidsavgrensa og har klart definerte mål, tydeleg organisering, plan for gjennomføring, finansiering og venta resultat.  

For å få godkjent søknaden må det synleggjerast at konkrete mål og delmål i prosjektet bidreg til dei overordna resultatmåla i ordninga:   

  1. Prosjektet må bidra til etablering, utvikling eller utviding av minst éin industriell symbiose i den aktuelle hubben  
  2. Prosjektet må yte konkrete bidrag i arbeidet med å redusere dei identifiserte barrierane; kraft, kapital, kompetanse og areal og infrastruktur.  

Ved skildring av aktivitetane må søkjar vise at dei planlagde aktivitetane er eigna til å oppnå resultatmåla.  

For alle prosjekta er det krav om at minst 50 prosent av finansieringa kjem frå andre kjelder enn fylkeskommunen i form av eigen innsats, eigne midlar, midlar frå samarbeidspartnarar eller andre finansieringskjelder.

Det kan søkjast om støtte inntil kr. 789 000,-. Dersom søkjar ikkje har høve til å stille tilsvarande beløp med eigne midlar eller ressursar, må det søkjast om ein lågare sum enn maksimalbeløpet. 

Det vert berre gitt støtte til éin søknad pr. hubb 

Hubbar som i 2024 har fått tilskot til tilsvarande aktivitet frå andre fylkeskommunale ordningar, t.d. for berekraftig verdiskaping, kan ikkje søke om støtte. 

  • aktivitetar som allereie er starta eller gjennomførte  
  • lovpålagde oppgåver 
  • bedriftsutvikling 
    (I det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift. Det blir heller ikkje gitt støtte til einskildpersonar) 
  • ordinære driftskostnader  
  • fysiske investeringar 
  • kausjon eller anna økonomisk garanti 
  • renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt 
  • messer, arrangement eller konferansar får normalt ikkje støtte 
  • prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre. 

For at søknaden skal bli vurdert må den oppfylle følgjande formalkrav:  

  • Søknaden må vere sendt inn via Regionalforvaltning.no innan søknadsfristen.
  • Heile søknadsskjemaet må vere fylt ut. 
  • Obligatoriske vedlegg er lagt ved, jf. oversikt i søknadsskjema. 
    Merk at all vesentleg informasjon må gå fram av søknadsskjemaet. I den grad vedlegg vert nytta, må dette vere for å understøtte og illustrere informasjon i søknadsskjemaet.  
  • Søkjar må vere i definert målgruppe, og det må leggjast ved ei skriftleg stadfesting  på representasjonsrett for aktørane i hubben, til dømes eit forankra mandat, ein samarbeidsavtale, «letter of intent» eller liknande.
  • Søknaden må vere innan mål for ordninga og kva det kan bli gitt støtte til.
  • Det må leggast ved dokumentasjon på styringsgruppe og prosjektleiing.
  • Prosjektet må ha ein fullstendig finansieringsplan ved søknadstidspunktet, der minst halvparten av finansieringa kjem frå andre kjelder enn fylkeskommunen.
  • Prosjektbudsjettet er i hovudsak aktivitetsbasert.

Søknader som ikkje fyller krava vil kunne bli avvist på formelt grunnlag. 

Krav til prosjektplan, budsjettering og samarbeid   

Prosjektplanen med budsjett skal gå fram av søknadsskjemaet i Regionalforvaltning.no, samt obligatoriske og tillate vedlegg.  

Vi oppmodar om å samle aktivitetane i arbeidspakkar knytt til delmåla i prosjektet. Ei arbeidspakke viser aktivitet, kva innhaldet i aktiviteten er, kven som er ansvarleg for å gjennomføre den, samt tilknytte kostnader og finansiering.   

  • Samarbeidspartnarar skal ha ei aktiv rolle i prosjektet og bør også bidra med finansiering 
  • Prosjektet må ha ein fullstendig finansieringsplan ved søknadstidspunktet. Den skal vise korleis aktivitetane i prosjektet skal bli finansiert. 
  • Alle kostnader som vert støtta skal vere knytt til aktivitetane i prosjektet. Det må kome fram i søknaden kven som skal gjennomføre dei ulike aktivitetane og kva kostnader som er knytt til aktivitetane. Vi dekker ikkje kostnader for aktivitetar som allereie er starta opp eller gjennomførte før vedtak om støtte er gjort. 
  • Godkjend timesats for eige arbeid i prosjektet følgjer Innovasjon Norge sine reglar, dvs. ein timepris på inntil 700 kr, inkludert overheadkostnader. Timekostnadene må vere reelle. 

Søknadane vil bli handsama fortløpande etter kvart som dei vert mottekne. Siste moglege mottaksdato er 31. desember 2024. 

Søknadane blir vurderte etter krav i denne utlysinga, og eventuelle søknader som ikkje oppfyller krava vil kunne bli avvist på formelt grunnlag. Søknadsbehandlinga skal følge krav til god forvaltningsskikk, offentlegheit, habilitet og etisk åtferd.  

Vedtak om tildeling 

Avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon har fullmakt til gjere vedtak om tildeling.  

For vurdering av om prosjekta bidreg til dei overordna resultatmåla i denne utlysinga, vil det bli tatt utgangspunkt i to hovudpunkt – behov/relevans og gjennomføringsevne, som er nærmare eksemplifisert nedanfor.  

Vurderingspunkt behov og relevans

  • I kor stor grad er prosjektet eigna til å nå resultatmålet i utlysinga?  
  • Er prosjektet forankra i prosjekteigar og samarbeidspartnarane sine eigne planar og strategiar? 
  • Har prosjektet overføringsverdi til andre? 
  • Har fylkeskommunal støtte utløysande effekt? Det vil seie at prosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.  

Vurderingspunkt gjennomføring

  • Forankring og prosjektorganisering:  
    Er det rett prosjekteigar og er dei rette samarbeidspartnarane med?   
    Er prosjektet godt forankra i prosjekteigar og samarbeidspartnarane si leiing?  
    Er prosjektet hensiktsmessig organisert? Har samarbeidspartnarane ei aktiv rolle i prosjektet og/eller bidreg med finansiering?  

(Merk at det er eit krav om at forankringa skal dokumenterast ved stadfesting på at søkjar har representasjonsrett, til dømes eit forankra mandat, ein samarbeidsavtale, «letter of intent» eller liknande.) 

  • Kapasitet og kompetanse: Har prosjekteigar og samarbeidspartnarane til saman den  kompetanse, kapasitet og erfaring som skal til for å gjennomføre aktivitetane i prosjektet?  
  • Realistisk prosjektplan: Viser søknaden god samanheng mellom mål, aktivitetar og venta resultat og effektar?  
    Er kostnadsplan og tidsplan realistisk og tilpassa aktivitetane som skal gjennomførast? 
  • Finansiering: Har prosjektet ein fullverdig finansieringsplan ved søknadstidspunktet, der alle kostnader i prosjektet er dekka gjennom finansieringsplanen?  
  • Aktivitetsbasert kostnadsplan: Er det kostnader knytt til kvar aktivitet, slik at det er mogleg å sjå av budsjettet kva kvar aktivitet vil koste. (sjå obligatorisk budsjettvedlegg) 

Vilkår for gjennomføring av prosjektet vil gå fram av tildelingsbrev. Tilskotet må bli brukt i samsvar med godkjente aktivitetar i det tidsrom som går fram av tilsegnsbrevet.  

Tilsegn om tilskot vil gjelde i inntil tre veker frå svar om vedtak er sendt til søkjaren. Tilsegna vil kunne felle bort, og midlane inndregne dersom: 

  • søkjar ikkje innan tre veker etter å ha mottatt tilsegn om tilskot signerer tilsegnsbrevet (e-signering) 
  • tiltaket ikkje er igangsett innan eitt år etter tildeling 
  • søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og kostnadsplan 

Tilsegnsbrevet har krav til  rapportering på framdrift, resultat og rekneskap. Det skal sendast inn rekneskap innan tre månader etter at prosjektet er gjennomført. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning. 

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll på at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll. 

Søkjar må vera villig til å dele å resultat frå prosjektet med andre aktørar.  

Denne støtteordninga skal vera ei spissa ordning retta mot arbeidet for å realisere industriell symbiose i grøne hubbar, og supplerer andre relevante støtteordningar, til dømes tilskotsordninga for berekraftig verdiskaping frå Vestland fylkeskommune og utlysinga frå Innovasjon Noreg om «Samarbeidsprosjekter for utvikling av sirkulære verdikjeder 2024» 

Vestland fylkeskommune sine tilskot under ordninga kan utgjere statsstøtte etter EØS-avtalen. Både private og offentlege aktørar kan vere omfatta av regelverket, avhengig av kva aktivitet det vert søkt støtte til. 

For det tilfelle at ein unntaksheimel etter unntak i GBER (den alminnelege gruppeunntaksforordninga) er mogleg, vil dette nyttast. I dette tilfelle er GBER artikkel 27 om klyngestøtte som den mest relevante unntaksheimelen. Der det ikkje er heimel etter GBER, vil ein nytte unntaket om bagatellmessig støtte for søkjarar som har høve til å ta i mot slik støtte. Sjå obligatorisk vedlegg til søknaden med informasjon om unntaksregelen og støttegrensa for bagatellmessig støtte.  

Alle kan be om innsyn i dokumenter hjå Vestland fylkeskommune. Hovudregelen i offentleglova er at saksdokument, journalar og liknande register er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov. 

Dette er også utgangspunktet for søknadane som vert sendt inn. Opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov, er derimot unnatekne frå innsyn. Til dømes gjeld dette næringsopplysningar, som av konkurransemessige omsyn skal holdast hemmeleg (såkalla forretningshemmelegheiter). 

Dersom det vert kravd innsyn i dokument som inneheld opplysingar som det skal eller kan nektast innsyn i, så tek vi normalt kontakt med søkjar for nærmare avklaring. Det vert likevel understreka at det er fylkeskommunen som tek endeleg avgjerd i spørsmålet om innsyn.