Digital samfunnsutvikling
Hovudmålet er at Vestland skal nytte potensialet i digitalisering for å møte viktige samfunnsendringar knytt til aldrande befolkning, klimaendringar, truslar mot sikkerheit og nye ønskje om eit meir fleksibelt arbeidsliv. Demokratiske prinsipp, innbyggjarinvolvering og digital medverknad skal vera førande for utviklinga
Prioriterte satsingsområde for digital samfunnsutvikling
E-helse
Digitalisering har stor innverknad på alle samfunnsområdet, og offentleg sektor er ei viktig drivkraft i digitaliseringa. Den demografiske utviklinga med aukande eldre befolkning set stort press på helse- og omsorgstenestene. Dagens helsetenester kan ikkje leverast i framtida utan stor grad av digitalisering. I Vestland samarbeider alle kommunane, spesialisthelsetenestene og ei rekkje kunnskapsmiljø for å realisere potensialet i bruk av e-helse innan 2025. Måla er samordna med nasjonale målsetjingar.
Offentlege tenester
Kommunane og fylkeskommunen er førstelinje for ei rekkje tenester til alle som bur i Vestland. Innbyggjarane i kommunane forventar ein meir digitalisert kvardag. Digitale tenester skal styrkast ytterlegare, synleggjerast og vidareutviklast.
Digital beredskap og sikkerheit
Eit særleg viktig område knytt til både klimaendringar og sikkerheitspolitiske endringar er beredskap og samfunnssikkerheit. Aukande bruk av digitale tenester kan føre til enklare drift, betre mobilitet, auka produktivitet og meir automatisert sikkerheit for verksemder og innbyggjarar. Digitaliseringa kan samtidig føre til at informasjonssystem og vital infrastruktur blir utsett for uautorisert tilgang, skade eller misbruk. For å unngå dette må det utviklast ein sikkerheitskultur på alle nivå i alle tenester.
Digital medverknad
Innføringa av nye tenester og arbeidsmåtar støtta av digitalisering, gjer at det er behov for tiltak for å sikre at alle er med. Eit stort tal innbyggarar opplever digitalt utanforskap, og målet er å redusera digitalt utanforskap frå 10 prosent i dag til 0 prosent i løpet av planperioden 2023–2029.