Digital verdiskaping og innovasjon
Hovudmålet er ein offentleg og privat sektor som saman med kunnskapsmiljøa utviklar og tek i bruk ny digital kunnskap, som kan styrke innovasjonskraft og tenestetilbod
Prioriterte satsingsområde for digital verdiskaping og innovasjon
Lagre og dele data
Digitalisering opnar store moglegheiter for å samle, analysere og gjere tilgjengeleg store mengder data og gjere dei tilgjengelege for marknadsaktørar, forsking og offentleg forvalting. Skal næringslivet kunne dele og bruke meir data, er det behov for at næringar og bransjar går saman om å utvikle felles standardar for datautveksling, og for å etablere digitale infrastrukturar som gjer det mogleg for aktørane å samle inn, lagre, dele og analysere data.
Samarbeid og samskaping
Kunnskapsmiljøa og næringslivet i Vestland har faglege fortrinn som gjer at dei kan ta ei internasjonal leiarrolle når det gjeld den digitale utviklinga knytt til fiskeribiologi, klima og havovervaking, media, helse, maritim arealforvaltning, offshore energi, fornybar havvind og havenergi, oppdrett og havbruk.
Dette er eit stort konkurransefortrinn innanfor både nye- og eksisterande industriar. Maskinlæring, robotisering, kunstig intelligens, digitale tvillingar og 3D-printing er allereie del av kvardagen til mange verksemder. Eit viktig strategisk mål er å utforske nye samarbeidsmoglegheiter og opna for dialog på tvers av fag og sektorar i regionen. Slik kan ein kople ulike aktørar og vise korleis tungrekning, kunstig intelligens og deling av data vert brukt, studert og utvikla.
Kunstig intelligens (KI)
For at KI skal få aksept i samfunnet er det avgjerande at KI-systema er pålitelege. Dagens KI-system manglar vitskapelege definisjonar og klare kriteria for verdiar som rettferd, ansvar, tryggleik, personvern og andre viktige etiske aspekt. Det er også alvorlege manglar i dei juridiske rammene som KI-systema opererer innanfor, og problem med nøyaktigheit og robustheit i systema. Dei to viktigaste hindra er mangel på fagfolk og tilgang til delte data.