Digital kompetanse
Hovudmålet er at alle innbyggarane i Vestland skal kunne ta del i den digitale utviklinga i samfunnet. Vestland skal ha ein arbeidsstyrke med høg digital kompetanse.
Prioriterte satsingsområde for digital kompetanse
Digital inkludering
Digitaliseringa av samfunnet skjer i eit høgt tempo og har ført til store endringar i korleis vi møter private og offentlege tenesteytarar. Endringane gjer kvardagen til mange brukare av nye digitale løysingar enklare, men innbyggarane i Vestland har ulike føresetnader for å ta dei i bruk. Ikkje alle klarar å henge med i utviklinga. Vestland må sikre at alle innbyggjarar i alle aldersgrupper har tilstrekkeleg digital kompetanse til å ta del i digitaliseringa slik at dei kan ha nytte av nye digitale tenester.
Rekruttering til IKT-fag
Dei vidaregåande skulane, fagskulen, universitet og høgskule tilbyr stadig nye relevante fag og emne, og det er oppretta mange nye studieplassar dei siste åra. Dette bidreg til å dempe den aukande etterspurnaden etter digital kompetanse i arbeidsmarknaden, men satsinga må halde fram for å imøtekome nye og eksisterande behov i arbeidslivet.
Det er også viktig at utdanna kandidatar frå utdanningsinstitusjonane i fylket blir verande i Vestland etter avslutta studietid. Det er langt fleire menn enn kvinner, som søkjer seg til IKT-studiar i Vestland. Fagområdet treng fleire kvinner for å styrke den generelle rekrutteringa til IKT-studiane i fylket.
Kontaktpunkt mellom næringsliv og studentar i fylket
Både næringsliv og offentlege arbeidsgivarar er avhengige av å tilgang på arbeidskraft med tilstrekkeleg digital kompetanse. Det er viktig at studentar og arbeidsgivarar i Vestland har treffpunkt og arenaer kor dei kan møtast. Det er òg viktig å vise ferdigutdanna studentar med høg digital kompetanse og spesialiserte IKT-kompetansar, kva moglegheiter for karriere og fagleg utvikling som finst i heile fylket.
Tverrfaglege emne innafor digitalisering og IKT på utdanningsinstitusjonar i fylket
Digital kompetanse er viktig i mange bransjar og yrkesgrupper, og stadig fleire arbeidsoppgåver krev digital kunnskap og ferdigheiter. Det er viktig å sikre at tverrfagleg digital kompetanse er ein del av alle utdanningsløp.
Behov for kompetanseheving i arbeidsstyrken
Digitaliseringa gjer at arbeidstakarar stadig møter nye kompetansekrav i arbeidslivet. Dette gjer det for mange naudsynt å fylle på med ny kompetanse og utdanning. Digital kompetanse kan tileignast både på arbeidsplassen og i formelle utdanningsløp, og tilbod om dette må være tilgjengeleg for alle innbyggarar i heile fylket. Etter- og vidareutdanningsløp med fokus på IKT og digitalisering vil også være viktig i åra framover. Dette gjeld særleg for dei som må omstillast til nye arbeidsoppgåver, eller til nye næringar.